tirsdag 17. mars 2009

Nasjonalstaten

Sigurd Skirbekk: Nasjonalstaten: Velferdsstatens grunnlag (Kolofon 2008)

Pensjonert professor i sosiologi, Sigurd Skirbekk, har tidlegare skrive 12 bøker der gjennomgangstemaet er om kulturen av i dag har svar på utfordringane vi no går i møte, m.a. innan demografi og økologi.

I ”Nasjonalstaten” tek han utgangspunkt i diskusjonen omkring pensjonsreforma, som primært handla om finansiering. Men Skirbekk stiller eit meir grunnleggjande spørsmål: Vil viljen til solidaritet og økonomisk utjamning i samfunnet stå seg viss vi oppmuntrar ein kultur og ei utvikling som splittar i staden for å samle? Han viser til at solidaritet på eit statleg nivå har sine føresetnader i luthersk sinnelagsetikk, sosialpolitisk likskapsideologi, folkeleg nasjonalkjensle og gjensidig tillit i samfunnet; føresetnader som alle er trua i ein multikulturell stat, som ikkje lenger vil formidle ein bestemt kulturtradisjon og der den dominerande ideologien er individ- og gruppeorientert, sekulær og antinasjonal.
Eit eige kapittel er vigd styrke og veikskap ved norsk kultur. Til det første høyrer eit heldig historisk samspel mellom nasjons- og demokratibygging og ein god balanse mellom ulike verdiar, medan veikskapen særleg har vist seg siste generasjonen, etter som forbrukarsamfunn og kulturradikale tankar om frigjering har gitt svekking av motkulturar, tradisjonar og normer.

Kvifor har så stemninga snudd frå nasjonalisme til antinasjonalisme? Skirbekk meiner dette har skjedd i eit samspel mellom forskingsmiljø, politiske pressgrupper og visse mediemiljø, som står for mest mogleg frie val for den einskilde, men skjuler at samfunn også er avhengig av orden og meiningsberande kultur. Teknologisk utvikling har gitt media ei makt som aktørane legitimerer ved kritikk av dei som har fagleg, folkevald eller tradisjonell autoritet i samfunnet.

Skirbekk skriv det har vore lite forskingsbasert forsvar for familie og fedreland, men demonstrerer i boka si at kjelder til eit slikt forsvar finst i rikt mon. Debattforma hans er lågmælt, men overtydande. Han formulerer først tankane i tida og kjem så med godt dokumenterte motargument. Det er ein fryd å sjå korleis han slik viser det falske i ti antinasjonale påstandar og avslører det fordekte og feilaktige i sju kultur- og samfunnstolkingar med antinasjonal tendens frå siste femti åra. Det er også spennande å følgje han på leiting etter alternativ til nasjonalstaten, sjølv om han ikkje finn noko som kan erstatte nasjonal identitet og lojalitet, bygt på felles språk, tru, slektsband og identifikasjon med land og historiske røter.

”Nasjonalstaten” er både ei fagbok og ein politisk kommentar. Boka høver for alle samfunnsinteresserte og for dei som treng argument til bruk mot det Skirbekk kallar ”antinasjonale fortolkningseliter i kulturliv og medier”. Kanskje mynta på desse gruppene byrjar boka slik: ”Å være for velferdsstaten, men mot nasjonalstaten, det er ikke progressivt. Det er selvmotsigende.”

God dag, mann! Økseskaft!

Oddbjørn Melle skreiv 25. februar under Synspunkt i Sunnmørsposten at Hamas vart skapt og støtta av Israel og USA. I eit innlegg 3. mars stilte eg meg spørjande til kor aktiv slik støtte kan ha vore, sjølv om eg er samd i at sivile tap og lidingar på begge sider har gitt meir makt både til Hamas og høgresida i israelsk politikk. Eg reagerte også på den einsidige framstillinga, der han gav Israel ansvaret for alt som har gått og framleis kan gå gale i Midtausten, medan Hamas-leiarane vart kalla ”institusjonsbyggjarar” som står for ”organisasjon og leiarskap”. ”Uregjerlege” var den mest kritiske nemninga han nytta om dei.

I eit nytt innlegg 13. mars svarar ikkje OM på noko av det eg stilte spørsmål ved eller påpeikte var utelate av fakta. Det er dårleg dialektikk (samtalekunst). I staden har han hengt seg opp i overskrifta ”Hamas sett frå Høgskulen”, som han tolkar fornærmeleg. Frå mi side var dette berre ei faktisk konstatering og ikkje meint som generell kritikk eller nedvurdering av kunnskapar og kompetanse, korkje hos OM eller ved Høgskulen generelt. Også andre akademiske miljø er kritiske til jødestaten, men OM har ein krass stil som kan provosere.

Mykje av siste innlegget sitt brukar OM til å skildre korleis det var å møte skarp kritikk av Israel i universitetsmiljø for 40 år sidan og til å referere kva Benny Morris seinare har funne ut om etnisk reinsing i 1947-48. Sjølv synest eg både fornekting og skifte av syn til det stikk motsette er lite rasjonelle reaksjonsmåtar på nye fakta. Men eg les gjerne boka til OM og forstår at han vart litt hårsår når han trudde ein lekmann ville trekkje hans kompetanse i tvil. Viss han i kronikken sin hadde skrive at Det muslimske brorskap kunne agitere for sitt syn i ly av moskéane i åra 1967-87, skulle eg gitt han rett. Men at Israel ”oppmuntra framveksten av Hamas første åra etter skipinga i 1987”, og at ”grunnleggjaren, sjeik Ahmed Yassin, (i denne tida?) fekk operere fritt”, tvilar eg framleis på. Yassin sjølv vart alt i 1984 dømd til 15 års fengsel og så frigitt i ei fangeutveksling året etter. I 1989 var han dømd til livsvarig fengsel, men sett fri i 1997 i byte med israelske agentar.

Det eg særleg reagerte på var avslutninga av kronikken:. ”Presterer kanskje leiarane i det moderne Israel med sin politikk å framprovosere nettopp det dei pretenderer å unngå; eit nytt Masada?” Sjølv med spørjeteikn etter går han her langt i å leggje skulda for eit endeleg nederlag for staten Israel på israelarane sjølve. Viss ein godtek dette resonnementet, at dei har seg sjølv å takke, ligg det farleg nær å tenkje at i så fall kan dei berre ha det så godt. Og vi andre kan toe våre hender.

onsdag 25. februar 2009

Hamas sett frå Høgskulen i Volda

Historieprofessor Oddbjørn Melle (OM) hevdar at Israel sjølv har hovudansvaret, både for framveksten av Hamas og si eiga moglege endelikt, men er inkonsistent i kritikken og utelet fakta som er avgjerande for om dette resonnementet held.
OM skriv at Israel ”oppmuntra framveksten av denne islamske rørsla første tida etter skipinga i 1987”. Denne tida var Hamas og forløparen Al-Majama mest kjende for at dei starta skular, klinikkar og bibliotek. Meiner OM at Israel burde motarbeidd slike sosiale prosjekt blant palestinarane? Og korleis veit han at israelarane let vere på grunn av ein marxistisk tankegang om ”religion som opium” for folk? Fengslinga i 1989 av Hamas sin stiftar og leiar, Ahmed Yassin, kan iallfall knapt kallast ei ”oppmuntring”.

Då Oslo-avtalen vart underskriven i 1993, hadde Hamas ”likevel berre 15% oppslutning” i følgje OM. Også eg ser at israelske, politiske vedtak etter 1993 kan ha gitt auka palestinsk støtte til Hamas. Men OM fortel ikkje historia vidare i rett rekkjefølgje og viktige hendingar hoppar han over. Han nemner ikkje med eitt ord at Hamas bomba heile Oslo-avtalen i filler ved sjølvmordsåtak på sivile israelarar. I staden skriv han at ”talet på busetjarar dobla seg neste tiåret”, sjølv om dette først skjedde etter at Hamas hadde ”hjelpt” Likud til makta i 1997. Heller ikkje utsegna ”Hamas steig fram som den nye krafta på palestinsk side. Dét hadde for så vidt Israel vona på og arbeidd for” står til truande, med tanke på Hamas sitt charter om ein islamsk, palestinsk stat på heile Israels territorium.
OM underslår også den andre intifada, som kom etter samanbrotet i Camp David-forhandlingane i 2000; begge to viktige årsaker til at Ehud Barak og Arbeidarpartiet tapte valet i februar 2001. Å skrive om israelsk blokade, gjenerobring av palestinske byar og drapet på Hamas-leiar Ahmed Yassin utan å nemne denne samanhengen er rein historieforfalskning.

OM omtalar Israel som ”ei av verdas sterkaste militærmakter”, men kan då ikkje ha tatt med i vurderinga kva areal, folketal, råvarer og produksjonsevne har å seie for militær styrke. Når han skriv at Israel risikerer eit nytt Masada, vedgår han indirekte at Israels militærmakt er avgrensa eller at andre faktorar er meir avgjerande for at ”tida neppe arbeider for staten Israel”. Etter mi meining har stor arabisk folkevekst og endring i verdsopinionen mest å seie. Til det siste føremålet har no også ein historieprofessor frå Volda ytt sin skjerv.

onsdag 18. februar 2009

Eg trur på under!

I samband med boka om Snåsamannen har både lek og lærd ytra seg om tru og overtru. Sjølv har eg korkje teologisk eller medisinsk doktorgrad, men eg har vanka i ulike kristne krinsar, har 35 års praksis som lækjar og har interessert meg for emnet i alle år.

Då den såkalla karismatiske rørsla kom til Noreg kring 1970, var eg på nokre møte i Misjonsaulaen i Oslo, der amerikanske forretningsmenn (Full Gospel Business Men's Fellowship International) m.a. dreiv diagnostikk av og bøn for folk med ulik beinlengde. Sjølv ein fersk medisinstudent kunne sjå store feil både ved undersøkinga og vurderinga av resultatet, men om noko er amatørmessig, treng det ikkje vere medvite humbug. Sommaren 1988 var eg på ein familieleir arrangert av Ungdom i oppdrag, som gjennom forlaget Prokla Media m.a. har gitt ut John Wimber si bok: ”Helbredelse ved kraft”. Han viser til reformasjonen, som hadde ”Skrifta” åleine som grunnlag for kristen lære, men i følgje Wimber ikkje fekk med seg det som står der om gudommeleg lækjedom, til skilnad frå Den katolske kyrkje, som heile tida har vore meir open for at under kan skje.

Det er fleire uheldige sider ved å vise medisinske mirakel mykje merksemd. Frå rasjonell synsvinkel ser ein lett at folk blir altfor ukritiske fordi dei så gjerne vil tru på underet. For dei kristne er det leitt å sjå at somme taper trua, når dei ikkje får svar på bøna i form av lækjedom. For den sjuke kan forbøn vere eit synleg teikn på at andre bryr seg, medan brostne håp kan bli ei påkjenning i tillegg til sjølve sjukdomen.

For dei som gjerne vil tru på Gud, men ikkje på alt som blir sagt eller praktisert av karismatiske kristne, har det vere ei hjelp å lese Arnfinn Engeset si bok: ”Kirken og de syke” (Land og kirke/Gyldendal 1987). Engeset var son til den kjende frikyrkjeforstandaren og salmediktaren Sigvart Engeset frå Ørsta, men også overlege ved Radiumhospitalet, forelesar for medisinske studentar og aktiv medlem i Norges Kristelige legeforening. Han meiner mange les Bibelen utan å forstå kor lite kunnskap folk i oldtida hadde om biologi og medisin og folk i dag har om trus-effekten (placebo). Vår tanke, kjensle og tru verkar direkte inn på mange kroppsfunksjonar og graden av velvere, m.a. ved frigjeving av hormon og smertestillande stoff. Det er såleis ikkje snakk om innbilte effektar. Engeset refererer òg til ulike internasjonale undersøkingar som er gjort utan at det er dokumentert mirakel, som at ein finger veks ut att eller eit brot gror over natta. Likevel finst det fleire hundre døme på at kreftsvulstar, som ikkje let seg kurere ved medisinsk behandling, har gått attende eller lækt seg spontant. Dette gjeld i hovudsak nokre få krefttypar, og det er nesten blasfemisk å tru at Guds allmakt er avgrensa til å lækje berre desse. Det må i staden vere ein eigenskap ved sjølve svulsten eller ein effekt av immunforsvaret som ein sjeldan gong gjev slike uvanlege resultatet, sjølv om ingen kan motbevise av under kan skje.

Somme har trudd at berre dei kom kristendomen til livs, ville også overtrua døy ut. I staden er det motsett. Når folk sluttar å tru på Gud, byrjar dei i staden å tru på alt anna. For eit par år sidan var eg innom Tanums bokhandel på Karl Johan. Seriøse bøker om teologi eller ein bibel var knapt å finne, medan hyllene var fulle av bøker om reinspikka tøv, healing og luftig mystikk, gjerne inspirert av hinduistisk tankegang og vokabular. Folk søkjer nok vanleg lækjarhjelp når det er nødvendig, men trass all si avanserte behandling kjem denne stundom skuffande til kort i møte med mange plager og forventningar. Ei bok som tek opp moderne medisin si makt og avmakt, alternativ medisin, filosofi og etikk er Oddmund Søvik: ”Behandling og helbredelse” (Sigma 2005). Søvik med mor frå Stranda og far frå Innfjorden har som professor (emeritus) i pediatri (barnesjukdomar) fagleg tyngde i det han skriv.

For den som er avhengig av dei ekstraordinære under, blir gjerne trua ”over evne”, som ho vart for Bjørnstjerne Bjørnson. Men presten og lyrikaren Johannes Barstad kunne skrive: ”Eg ser deg, Gud, i kvar den blom som tirer, i fagre fargar mellom stein og strå”. Og kven har ikkje undra seg med Ivar Aasen (”Vit og tru”) over krafta i frøet, livet som blir skapt og det grenselause ved tid og rom. Det er alt saman reine under, berre så daglegdagse at vi til slutt ikkje sansar dei. Lyrikaren og sjakkspelaren André Bjerke formulerte det slik då dottera Vilde kom til verda:

Det største mysterium er ikke mer enn dét: at en ørliten kropp
er våknet til jorden. Den nyfødte ser. To luker i himlen går opp.

Selv femtrinnsraketter og kjernefysikk blir puslingers puslespill
når det nyfødte barn med et eneste blikk beviser at Gud er til.

torsdag 12. februar 2009

Hovudlaust om hijab

Ikkje rart VL får ”hodebry” av hijab, når leiaren manglar syn for viktige prinsipp og tolkar all kritikk som islamfrykt. Få potensielle brukarar er knapt eit argument for hijab; men viser berre at både behovet og rekrutteringseffekten er minimal. Spesielt ein justisminister og politidirektør bør ikkje eigenrådig selje symbolet på eit nøytralt politi for så lite. Majoriteten reagerer når nokre få islamistar, byråkratar og politikarar vil presse på politiet eit plagg som for dei fleste flaggar tvang og kvinneundertrykking. Dette bør telje meir også for VL enn kva Anne Sender måtte meine.

onsdag 11. februar 2009

Kvifor ikkje til Jaffna?

NRK har hatt omfattande TV-dekning frå krigen i Gaza med vekt på å vise sivile lidingar og tap. Likevel kom manglande tilgang for media opp som eige tema i Redaksjon EN, og Norsk Journalistlag (NJ) har i følgje nestleiar Kjetil Hånes kontakta både den israelske ambassadøren og bedt utanriksminister Støre om hjelp for å få fleire journalistar inn i krigssona.
Samstundes med krigen i Gaza har det blitt ført ein annan krig med større sivile lidingar og tapstal, og som vedkjem Noreg i langt større grad, utan at vi har sett bilde- eller TV-reportasjar derifrå eller høyrt eit pip i frå NJ eller NRK om at dette er eit problem. Eg siktar sjølvsagt til Sri Lanka, der den singalesiske hæren no er i ferd med å nedkjempe LTTE (Tamiltigrane). Den væpna konflikten har på 25 år kravd ein stad mellom 70 og 240 000 menneskeliv, dvs mellom tre og ti tusen pr år. Situasjonen for hundretusenvis av sivile flyktningar trengde saman på eit lite område og fanga i krysselden må vere heilt grusom. Dei manglar alt; mat, medisin og helsevesen, utan at media og dermed nordmenn bryr seg, går i fakkeltog eller krev at hjelpa kjem fram og verda får vite kva som skjer.

Vi har nær 15 000 med tamilsk bakgrunn i landet vårt. Dei kom som flyktningar frå ein blodig borgarkrig, noko som for andre grupper har blitt brukt som forklaring både på brotsverk, stort forbruk av sosialstønad og manglande deltaking i arbeidslivet. Men tamilane fyller korkje opp fengsla eller trakkar ned sosialkontora. Dei er fredelege, arbeidssame og forsørgjer seg sjølve. Men når dei no i fortviling arrangerer demonstrasjonar i Oslo, er det knapt ein innfødd nordmann som stiller opp. Det er ei skam.

Kvifor dreg ikkje NJ til Jaffna for å finne krigsbrotsverk der? Kvifor er palestinske barn verd meir omtanke enn tamilske, NRK? Kvifor ikkje også be Hamas leggje ned våpna, Solheim?

tirsdag 10. februar 2009

Er samlivsbrot beintfram bra?

Kjetil Hafstad kritiserer kyrkja for å sjå einsidig negativt på sambuarskap, som han meiner mange vel av ”forståelige og respektvekkende” grunnar. Så langt kan ein kanskje følgje han, for problemet, slik eg ser det, er ikkje først og fremst at folk flyttar saman, men at dei flyttar frå kvarandre og skiftar partnarar. For Hafstad er dette strevsamt undervegs, men endar bra: ”Oppbrudd fra samliv og ekteskap har positive virkninger” og ”bidrar til å berike barns oppvekst”. Viss han trur dette skjer ”ofte” eller er noko barn jamt over har godt av, greier han ikkje tenkje seg kva tryggleik og dagleg kontakt med far og mor betyr for eit barn. For dei er skilsmål mellom foreldra ein katastrofe med konsekvensar dei ofte slit med resten av livet. Journalist Simon Flem Devold har fått titusenvis av brev som vitnar om redsla barn føler for at slikt skal skje. Konsekvensen for barna er som regel lojalitetskonflikt, mindre foreldre- og vaksenkontakt og stadige skifte av miljø, noko som har uheldige følgjer for både konsentrasjon, læreevne og psykisk helse.
Skilsmål kan sjølvsagt ein sjeldan gong vere betre enn stadig konflikt heime, men ofte vil striden halde fram om samversrett og skifte av eigedom.
Ein professor i teologi bør ikkje bagatellisere handlingar som gjer at barn kan ta skade på si sjel.