mandag 14. oktober 2013

Sverre Remøy – glimt frå ein interessant og spennande sjølvbiografi. Del I – åra 1904-28.


Menn frå Herøy har prøvd sjølivet både som skårunge og skipper på eiga skute, fleire har forlist på ishavet, mange har røynsle som matros eller styrmann i utanriksfart og somme har i krigstid sett livet på spel for fedrelandet. Men ingen har vel i tillegg blitt internert i Sovjetsamveldet, fått helse på både Nansen og Lenin, nær vorte proformagift med russisk overklassejente, vore agent for britiske Secret Service, lærar på fiskarfagskule, sjøfartsekspert i Egypt og fått 13 år saman med oldefar fødd i 1818. Det hadde Sverre Remøy, som jamvel skreiv ned livssoga si då han var i slutten av syttiåra. Han levde likevel eit kvart hundreår til og døydde først i 2005, 101 år gammal.

Manuskript i mange versjonar
I Herøyboka Bygdesoge III skriv Bjarne Rabben mellom anna om krigen og siterer frå eit ”skriftleg arbeid” av Sverre Remøy. Eg vart nysgjerrig på kva som elles stod i dette manuskriptet. Via eldste bror min kom eg i kontakt med Torbjørn Urke, nevø av Berte Remøy (f. Finnes), kona til forfattaren. Dermed fekk eg vite litt om sonen, Semund, og fekk kontakt via internett med sonesonen Sebastian. Eg fekk dessutan låne det som viste seg å vere sjølvbiografien til Sverre Remøy, i form av minst 1500 usorterte, maskinskrivne ark, som Trygve Finnes, brorson til Berte, hadde i eige etter onkelen sin. Etter sortering basert på innhald, skrifttype, oppsett og papirkvalitet, fann eg minst fem ulike versjonar. Ein frå 1979 og ein annan frå 1982 var bra fullstendige, medan dei resterande har større hol. I innhald er likevel alle godt samstemte. Når manuset ikkje vart utgjeve, kan det vere fordi ein del ikkje har allmenn interesse, men det meste har likevel stor historisk verdi for oss i Herøy. Sverre Remøy er ein glimrande forteljar med godt minne og sans for detaljar og dramatikk. For å få med mest muleg har eg valt å skrive to artiklar; denne her, som handlar om barndomen og første ti åra som vaksen, og ein i neste utgåve av Folk og Fortid om resten av livet hans. Sitata frå manuskripta har eg sett i hermeteikn og gitt att ordrett med same skrivemåte og teiknsetjing som han har brukt. Slekt og levesett Sverre Remøy (1904-2005) var son til Sigvald Sæmundson Remøy (1876-1970) og Sara Johansdotter Remøy (1880-1976). Han var eldst av ti sysken. Eldste systera, Borgny, vart 100 år, og nesteldste, Mimmi, 99. Framleis er syskena Lydia (99 år), Aksel (93), Fritjof (90) og Solveig på 86, ikkje berre i live, men høgst oppegåande både mentalt og fysisk. Denne styrken har dei nok arva frå slekta på farmor og morfar si side. Farmor, Berte Gunnarsdotter Korfur, sin far, Gunnar Eliasson Slåttelid (1818-1917), vart nesten hundre år og mintest godt det forfedrane hadde fortalt frå livet på 1700-talet. På grunnlag av dette og eigne minne konkluderer Sverre med at svært mykje i levesettet har halde seg uforandra i hundrevis av år, heilt fram mot 1920: ”Til å bære vassbøtter fra brønnen, et stykke fra huset, ble brukt et såkalt åk, som i sin utforming må være atskillig over fire tusen år gammelt, ettersom jeg så slike i Kongens dal i Egypt i 1969.” Sjølv etter hundreårsskiftet var det framleis folk på Remøy som hadde grue, og først litt seinare vart det vanleg med vassrøyr inn til husa, komfyr, separator, slåmaskin, motor til tresking og på dekksbåtane. På grunn av god pris for fisken under første verdskrig fekk folk råd til desse nyvinningane.  

Frå sparsemd til sløsing
Når han samanliknar før og no, er det fleire forhold han finn forskjellig. Medan notida er prega av sløsing, bruk og kast, var sparsemd, reparasjon og gjenbruk ei nødvendig dygd i tidlegare tider. Han skriv: ”I min ungdom var det en alvorlig brist i dine personlige egenskaper om du ikke tok vare på ting og reparerte det som var slitt.. Det var ingen skam å gå i klær som var lappet med både en og to bøter.” Og alt kom til nytte. Under torskefisket vart til dømes goret (magesekk og tarmar) brukt til gjødsel på mark og åkrar.  

Med flattbrød som snop
I oktober kom bakstekonene til gards og då vart flatbrødforrådet for vinteren laga av havremjøl frå eige korn. I eit hushald på 10-14 personar gjekk det likevel med mykje kveitemjøl til brødbakst, heile tolv hundrekilos sekkar i løpet av året. ”Nybakt flatbrød med heimesmør på var vår tids snop”, og ”vår sjokolade var kanskje et stykke stokkfisk, som smakte vidunderlig, eller et stykke rekling, som smakte enda bedre. Rekling er lange strimler av fersk storkveite, etter vindtørking på lødeveggen. Våre tenner var ikke råtne på grunn av snop og sjokolade.” Men det hende at folk måtte til dokteren for å skjere ein svoll eller trekkje ei tann. Bedøving fanst ikkje, og det var ikkje god skikk å ynke seg, sjølv ikkje for kvinnene. Ein gong ei kone jamra seg då ei verketann måtte ut, høyrde alle at dokteren skjelte henne ut inne på kontoret: ”Hva er det du bærer deg for; har du ikke skam i livet”.

Leigdemenn under torskefisket
Under torskefiske kom det leigdemenn frå indre Sunnmøre, som budde hos bestefaren og var mannskap på dei tre klinkerbygde båtane hans. Om desse skriv han: ”Den største hadde tre par årer, mast, rigget for storsegl, fokk og så et baugspyd for en såkalt klyver. Var det god og romslig vind kunne det bære fort avgårde med 6 eller 7 knops fart. Men i vindstille var det å få ut årene, og en hadde da seks mann til disse, kanskje fra tidlig morgen i 5-tiden til klokken seks eller enda senere når de kom inn i støa etter endt dag.” I naustet vart fisken sløygd, flekt og salta til klippfisk. Etter dagens strev kvilte leigdemennene litt på loftet, før dei vart bedne ned til kveldsmat. Men då var det ikkje rekna som høfleg å kome ned med ein gong eller setje seg til bords før båteigaren hadde gjort det. Når dei endeleg var sessa ved bodet, vart det ”aldeles stille mens en ventet på at bestefar læste bordbønnen. Deretter tok han først og så de andre etter alders modenhet. Maten var som regel kokt skjyr eller surmelk, dertil rekling eller oppskåret spekekjøtt sammen med flatbrød, eller en blanding av dette og hjemmebakt brød av sammalt mel. Det kunne også være et stort fat av havregrøt med smørøye i midten. Fatet var for alle og en brukte skje laget av horn eller bjørk, og hver mann hadde sin skje som ble satt i en takbjelke hvor det var en passende sprekk i treverket.” Etter litt drøs gjekk karane til sengs på loftet, medan ”bestemor da tok en salmebok, stillet seg under lampen på kjøkkenet og så sang hun noe dempet en salme og takket Vårherre for dagen.” Men om folk sleit for føda 10-15 timar i døgnet og aldri hadde ferie, ”så er det ikke riktig å si at de var sørgmodige eller at de førte et trist og gledesløst liv”, skriv Sverre.  

Praktisk opplæring
Det er mannsarbeidet han skildrar mest inngåande, sidan det var dette ein gut måtte lære, som å vere sin eigen skomakar, bøte garn, binde kuler, lage vegn og reparere saumen og andre ting på båtane. Leiken var ein del av opplæringa, og barna tok gradvis etter dei vaksne: ”For oss gutter var det naturligvis båter av forskjellig slag som interesserte. Når vi kom opp i 10-12-årsalder, fikk vi lære å sette seil, seile bidevind eller romslig, reve, styre og ha passende ballast og trim på båten”. Han var med bestefar sin ut på opne havet og fekk opplæring i å ”vare seg for naturkreftene”, dvs ha respekt for ver og vind. Eller bestefaren lærte han å vøle reiskap og båt. Den seinare pedagogen skriv: ”All puggingen i praktiske fag er bortkastet. Lær det på den eneste rette måte, slik bestefar lærte meg for 60 år siden. Da får du se, høre, lukte og føle, og da vil du også huske og forstå”.  

Ishavsskuta Polara
Sigvald Remøy (1876-1970), far til Sverre, var skipper på den 40-fots store seglkuttaren som familien eigde. I Herøyboka er han omtalt som ein føregangsmann innan fiske og fangst. Turane til ishavet starta etter 1907, då han og brørne kosta seg ei 60-fots Collin-Archer-skute, Polara, som kunne brukast både der og til vanleg silde- og torskefiske. Kring hundreårsskiftet var det mykje sel ved Grønland, men med ein kombinasjonsbåt var dei tente sjølv om fangsten slo feil. Med slik bakgrunn er det naturleg at fleire av barneminna til Sverre er knytt til Polara. Ein tur til Vestisen tok vanlegvis tre månader, men i 1909 drygde det mykje lenger før Polara kom att. Menn i nabolaget trøysta mor hans med at skuta nok berre sat fast i isen. Men så ”en dag i fint vær med en svak høytørke bris kom hun, smått sigende for fulle seil forbi Kvianeset, først kom klyver og fortoppen med kommandotønna og så storseilet og så hele skuta. Jeg hørte tydelig fars latter da skuta kom litt nærmere. Så hørte jeg lyden av blokverket da seilene faldt og så lyden fra ankerkjettingen da ankeret faldt.”

Med rigg og kamin til do. Møte med Nansen.
8 år gammal fekk Sverre vere med Polara til Ålesund for å levere lasten av skinn og spekk. På veg til byen klatra han opp i kommandotønna, men der fekk han sjøverk. Han hugsa å spy mot le side i det skuta la seg litt over, og fekk ros for det. ”I sjøen måtte alle mann (også) pent gå til værs for å gjøre sitt fornødne og da selvsagt på le side. Mannen måtte opp i riggen, knappe ned buksene og med føttene inn mellom vevlingene i vantene tømme sin mage på skikkelig og anstendig maner.” Meir vanleg var nok å ”ta en dertil merket dekkspøs, fylle den en tredjedel med sjøvann og sette seg på et laglig sted, som regel i cock-peaten”. Seinare, då Polara fekk motor, vart maskinrommet oftast valt, fordi ein der kunne sitje i fred, ro og varme. Så enkelt var det ikkje for Sverre då han på same turen vart innelåst på skipperlugaren medan skipper og mannskap var på kafeen til ”Madam Malla” for å feire avslutta tur. Han løyste problemet ved å bruke kaminen som toalett, og det var truleg lukta etterpå som gjorde at episoden brende seg så fast i minnet. Men sjølv i byen var det vanskeleg å finne ein passande plass for slikt. På ulovleg landtur forvilla han seg opp i parken, der ei vennleg dame såg at han trong å tisse og viste han til rettes bak ein aviskiosk. ”Jeg kom ned på skuta sammen med denne fine damen, som det forresten luktet så umåtelig godt av. Det var en svak ange av ”finlukt”, som vi kaldte dette hjemme, men hun var så annerledes kledd og så i mine øyne ut som en ekte prinsesse. Ombord var hennes far, Fridtjof Nansen, som stod og snakket med far. Damen var Eva Nansen, da en 19 års pike. Hun skulle bare følge faren et stykke på ferden til Svalbard”.

Isbjørnar på bytur
Ombord i Polara hadde dei også to levande, halvstore isbjørnungar, som mannskapet hadde døypt Per og Petra. Bjørnemora hadde dei skote i Vestisen, då ho vart for nærgåande. Planen var å selje bjørnungane, og dei vart heisa på land og bundne faste med kjetting i ei sjøbud. Men om natta greidde dei likevel å bite seg lause, og dei drog deretter på bytur då dørene vart opna. Folk i gatene vart sjølvsagt vitskræmde, og bjørnane måtte berre skytast. Frå Ålesund gjekk vegen vidare til eit verft på Vestnes, der Polara vart lengd frå 60 til 72 fot. Samstundes vart det sett inn ein Alpha 28 hk motor. ”Polara var fra nå av en mere effektiv skute, men den fikk også en annen lukt og personlighet. Den var ikke lenger av hunkjønn”.

”Skipper” som 12-åring
I 1916, då han var 12 år gammal, fekk Sverre sin første tur ut mot opne havet, på storsildfiske med Polara: ”Motoren bare ”rikset”. Men alle segl var satt, og vi for avgårde med vind og sjø for styrbords halser (vinden inn om styrbord). Jeg var tilrors og hadde skuta helt for meg selv, noe som gav meg en sterk følelse av makt og myndighet”. Men snart kom kreftene til kort for 12-åringen: ”Vi drev med 70 garn, hvert 12 favner langt. Da vi skulle dra lenken tidlig neste morgen, ble jeg satt til å slå av kaggetauet på kabelen. Men det var ikke lenge før jeg kjente blodsmaken i munnhulen.” Første skikkeleg fiske Sverre var med på var likevel etter torsken: ”Vinteren (1918) før Remø var ferdig (januar 1919), ble det til at jeg var med min onkel på torskefiske og dette var saker som røynet. Opp kl 0430, litt å bite i og full fart ombord...Når vi så kom hjem måtte fisken sløyes, flekkes og saltes, ettersom dette skulle bli klippfisk for eksport til utlandet. Når dagen endelig var slutt, ble klokken ofte både otte og ni.”  

Krig og eventyrlege prisar
Under første verdskrig kjempa Tyskland og England også om råvarene, også dei som kom frå havet. Prisane fiskarane fekk, vart mangedobla. Før krigen kunne luten for torskefisket variere mellom 50 og 200 kroner, og for tre månader på ishavet sat ein vanleg mann att med 100 kroner. No kunne dei få 70 kroner for tre stampar eller halvtønner med sild, som før krigen vart betalt med berre 3-4 kroner. ”Året 1915 husker jeg at fars mannskap kom til vårt hjem om ettermiddagen, og for vintersildfisket ble det utbetalt over 10 000,- kroner i mannslot. Jeg husker tydelig at far talte disse penger opp på bordet til hver mann, som så tok i mot beløpet med en langsom og høytidelig bevegelse. Pengene ble lagt i brystlommen på trøyen og dertil sikret med en sikkerhetsnål”. Det vart difor overskot også til nyinvesteringar på sjøen, til ein større båt. ”Noe som jeg tror satte fart i bestillingen av en større og kraftigere skute enn Polara, var det store mannetapet i Vesterisen i 1917, da vi mistet flere skuter og over 70 mann”, skriv Sverre Remøy. Og byggjekontrakt vart skriven dette året med eit verft på Vestnes. ”Men da bestefar fikk vite at en ny og større båt skulle bygges sa han: ”Den som høgt strever, kan tungt falle. Vær forsiktig så ikke Storemannen straffer hovmodet”. Men far svarte at hovmod er det vel ikke å ha skikkelig fartøy og redskap som en lettere kan berge livet på om en kom ut i storm og nedising”.

 REMØ
”Skuta ble døpt REMØ (M 223 HØ) og hadde, i tillegg til den 140 HK dampmaskinen, også full seilføring. Årsaken til dette var en inngrodd mistillit til alt som hadde med maskineri å gjøre. En kunne også spare betydelige kvantum bunkers og redusere tiden til og fra feltet når vinden tillot full seilføring”. Med sine 100 fot vart det også betre plass ombord enn på Polara, som var ”liten og trang; skipper og bestmann hadde lugar sammen akterut. Forut i en trang lugar bodde, sov og spiste otte (8) mann. Der ble det også kokt mat i en komfyr som stod i akterkant av lugaren på styrbord side. Og her holdt stuert Slyngstad til. Han hadde fast hyre og ingen lot. Mannskapet hadde en tredjedel av ”delingsfangsten” som er bruttofangsten minus de utgifter mannskapet skulle være med å betale. ”Storeskuta” (Remø) kunne ta 4500 kvitunger eller 2000 voksne dyr. Garnlenken bestod av hundre garn à 12 favner, som svarer til 2116 meter. Hertil kommer manillakabelen med en omkrets av fem tommer og en lengde av 2200 meter. ”Remø” hadde romslig lugar for mannskapet, egen skipperlugar, egen lugar for maskinisten, egen lugar for skyterne. Stuert og maskinassistent måtte dog ha sine køyer i offisersmessen.” Men også fordelinga av fangsten vart endra: ”Mannskapet på et større fartøy har 26 pct, skipperen 5 pct og maskinsjefen 1.5 pct av delingsfangsten. Dessutan har skipper og styrmann, samt stuert, kokk og maskinfolkene fast hyre og fri kost.”  

Med hurtigruta til Stavanger
”Remø” vart bygd på Vestnes, men slept til Stavanger i november 1918 for utrustning ved Rosenberg mek. verksted. Det vart innsett ei 40 år gammal Compound dampmaskin, for noko nyare var ikkje råd å få tak i på tampen av verdskrigen. Medeigarane Johan (farbror) og Isak (morbror) rigga skuta. Sverre og faren reiste etter med hurtigruta. Dette var første reisa hans ut i ”den store verda”. ”Selve turen var en opplevelse, - ikke bare fordi jeg ble så overgitt over selve skipet, men mest for det intrykk nye mennesker gjorde på meg. De hadde finere klær og finere manerer.” Men skilnaden frå nøysemda heime var stor: ”Overfloden av mat var så imponerende at jeg syntes det var unødvendig og tilmed uanstendig.” ”Da skuta var klar for den endelige overtagelse, kom det fine folk ombord og disse måtte bys på dram, kaffe og kaker. For første gang fikk jeg nå, sammen med de voksne et glass i hånden. Det var konjak blandet med noe annet. Jeg likte det ikke og har forøvrig aldrig likt brennevin eller øl.”  

Usemje i familien
”Remø” kom til Remøy nyttårsdag 1919 og var klar for sildefisket. ”Men en fikk snart sanne det gamle ord: - Del aldrig verdier med slekten som bare én står ansvarlig for – i dette tilfelle skipperen. De to andre (partnerne) var jo også dyktige skippere og tre haner i en kurv er ikke gangbar politikk. Det ble så til at Johan går sammen med far som bestmann (styrmann) mens onkel Isak får sin egen skute – utenom slekten.” Seinare same år vurderte Sigvald (far til Sverre) å selje ”Remø”, fordi dei fekk eit godt tilbod, men også fordi han hadde ”fått mere tiltro til motor og så de store fordeler dette hadde, bl.a. et an behøvde mindre plass til bunker og at en fikk større lasterom.” Dei to andre eigarane var ikkje like interesserte i å selje. ”Det hele endte som det ofte plar; - at det ikke er så fornuftig å ha sin egen familie som partnere i en business hvor det naturligvis kan dukke opp momenter som lager tvil og uenighet. Det ble da til at far overtok de to andres parter og ble på det viset ene-eier av skuta.”

”Snørunge” med sjøverk
Sverre var no konfirmert og fekk vere med på sildefisket som ”snørunge”, dvs yngstemann ombord. Han hadde litt erfaring frå nokre turar på Polara, der han fekk prøve seg som baugmann under sildefisket, men utan noko godtgjersle. No vart han derimot ”halvlyting”. ”Etter noen turer var jeg fri sjøverken og kuren var at jeg måtte spise og holde meg oppe og i arbeid, for derved å unngå at magen ble fullstendig tømt for matrester og bare den ekle gul-gallen kom etter et forferdelig slit med oppkast.”

Som femtenåring i isen
På ishavet var det ikkje meininga at Sverre skulle vere med, men dei måtte snu heim att med ein av mannskapet, som vart sjuk eller kanskje sjøredd etter ein kraftig storm. Dermed vart det likevel tur for ungguten, som fylte femten år første dagen dei kom inn i isen. Eit mektig isfjell gjorde inntrykk, der det raga 30 meter over vassflata, høgt over mastene på ”Remø”. Å finne farlei gjennom drivisen var ein kunst. På ei ishavsskute var 1. skyttaren også styrmann og nestkommanderande ombord. Var han ikkje noko tess som skyttar, kunne alltids ein annan få den jobben. Viktigare var at han ”kunne gå i isen” og ”være flink i tønna”. Skipperar og styrmenn med erfaring frå selfangst var difor dei mest dugande islosane. ”Men russerne har de aller beste, nemlig offiserer som har mange års erfaring i navigering i isen i Kvitesjøen, Kara og Barentzhavet med store og små isbrytere.” Men sesonget vart kort. Med større motorkraft og utan avrunda baug brast fleire av baugklavane på nyebåten under forsering av isen. ”Vi måtte gjøre vendereis med de 500 dyr vi hadde og være glad til at vi ikke fikk værre medfart. Vi lærte snart at med en så stor skute og i slik is nytter det ikke å bauge seg fram. Det ble såvidt at utgiftene ble dekket og på folk og reder ble det ikke noe.” Også den seinare kritikken mot selfangst blir kommentert i manuskriptet: ”De burde ha sagt at vi ikke bruker hakkapik til annet enn avliving av dyr som er så unge at vi kan komme inn på dem og gi dem et slag i hodet som knuser hjernen.... Men det er en ting vi må se å få ordnet, nemlig dette at så meget fin og sunn mat blir liggende tilbake på isen, eller kastes overbord når flåing av selen gjøres på dekket. Dette er noe som vi må beklage innen denne næringen.”

I lære hos Sigurd Jakobsen
På grunn av den farefulle overfarten til Grønland, ulykkesåret 1917, då så mange skuter og menn vart borte, og to mislykka sesongar i Vesterisen og Danskestredet, for dei i staden til Kvitsjøen for selfangst i 1921. Men Sverre måtte vere heime for å ta hand om arbeidet på garden, der vår- og slåttonn stod for tur. ”Så en dag kom det telegram om at REMØ var tatt inn til russisk havn sammen med noen andre skuter og at fangsten var beslaglagt. Dette var rett og slett en katastrofe for oss, som nå måtte regne med å miste både gård og grunn.” Då det lei ut på sommaren, var Sverre likevel så heldig at han fekk vere med ”Rosholmen”, ein moderne stimbåt på 100 fot med 220 HK dampmaskin, på sildefiske ved Island. Skipperen var litt skeptisk til å ta ein ungdom ombord, all den tid det var flust av ledige, røynde fiskarar, så han spurde: ”Jaså, vil du med til Island? Har du vært på sjøen og har du rodd fiske? - Jeg svarte at der jeg kom fra var det slutt på å bruke årene. Vi hadde moderne store båter på Remøylandet, og jeg hadde vært med far min på sildefiske med garn og snurpenot og så har jeg vært to sesonger på selfangst – så det mankerer ikke på erfaring. Han mente at jeg var noe flåkjeftet, men jeg skulle få anledning til å vise hva jeg dugde til og det på røde rappet.” Dermed måtte Sverre vise at han både kunne ro og slå dei mest vanlege sjømannsstikk. ”Jeg trodde bestemt at han hadde meg til beste... Den gang forstod jeg ikke at han skjønte at det kunne bli nokså vanskelig for oss som hadde vært utsatt for sjørøveri av de fordømte kommunistene. Han hadde selv erfaring for hva det vil si ikke å ha penger til mat og hus... Jeg lærte meget på denne turen, og det meste lærte jeg av skipperen. Du allverden for en rettsindig og dyktig mann... Han var forresten ikke den eneste som var kommet sørover fra ”hylekrokene” i Vesterålen og andre steder i Nord-Norge. De fleste ble skippere. De hadde nemlig det aller beste grunnlaget for å bli gode sjøfolk og fiskere, nemlig de åpne båtene med firkantet segl som en kunne se så mange av i Vestfjorden under skreifisket. ” 24 år seinare fekk Sverre Remøy gjere skipper Sigurd Jakobsen ei teneste til gjengjeld, då han oppspora båten hans, som tyskarane hadde beslaglagt under krigen. Men økonomisk sett vart islandsfisket ein fiasko. Trass to fulle lastar, 1600 tønner ferdig salta, fin sild, ”hadde vi ”siger og skriver” Kr 4.42.”  

Undervegs til Arkangelsk
I mellomtida hadde mannskapet på dei tre ishavsskutene, som låg i Arkangelsk, fått reise heim; mellom dei også skipper Sigvald Remøy. Svogeren hans, Isak, var att for å passe på ”Remø”. Men no skulle også skutene bli frigjevne, og Sverre fekk saman med to syskenbarn reise til Russland for å vere mannskap ombord på tilbaketuren. I oktober gjekk dei ombord i hurtigruta. Der vart Sverre kjend med ei jamaldra jente, som skulle på besøk til tanta si i Trondheim. Dei vart vel begge litt forelska og skreiv brev til kvarandre i fleire år. ”Mange år senere fikk jeg vite at jenta hadde giftet seg med en sjømann, men han ble torpedert under krigen. Da måtte hun være sånn i førti års alder og en av de mange krigsenkene vi skulle få etter 1945. Det ble altså hennes skjebne.”  

Den brutale kommunismen
Reisa til Russland var ikkje berre første utanlandsturen for Sverre, men vart også eit møte med den brutale kommunismen. ”Mange unge nordmenn var naive og trodde at det skulle bli slutt på klasseforskjellen i hele verden – om det bare ble arbeiderstyre, valgt av arbeidere i sine respektive land.” Men alt i Vardø, der dei måtte vente ein månad på vidare skyss, møtte dei ei russisk jente, som kunne fortelje noko anna: ”Det var ikke til å tro, men hun fortalte at folk ble drept i tusentall av kommunistene. Folk som ikke hadde gjort en katt fortred, men hadde rene klær og kanskje en stilling som medisinere, teknikere eller bankfunksjonærer, ble drept fordi de ble betraktet som kapitalister.”  

Kommisærar og fattigfolk
Ombord på isbrytaren, som tok dei vidare frå Vardø, fekk dei første kontakt med den nye herskarklassen: ”Vi fikk nå lære at det var en mann som hadde autoritet over skipets kaptein. Dette var den såkalte politiske representant, den av partiet ansatte kommissær. Han hadde all makt på jorden og i himmelen. Vi fikk ikke lov å snakke med mannskapet og heller ikke med andre ombord.... Første anløp av Murmansk og der kom det ombord en del kvinner, menn og barn, og de så ikke friske ut, der de sat i sine fillete klær... Vi laget god mat og i store doser, slik at vi kunne gi noe til mødre med barn. Men de ville ikke ta i mot; de var veldig redde for den fordømte kommissæren, en mann i 30-årene.. Men også politiske kommissærer har sine svakheter. Han ble fristet av den liflige matlukten og sigarettduften.” Dermed tok han i mot ein sigarett og seinare ei heil, uopna øskje. ”Nå hadde vi ham og til aftens ble det servert gode porsjoner lapskaus og på toppen av dette en porsjon plommegrøt med ”konservesmelk” til. Dette hadde ingen smakt på aldrig så lang tid og barna var i stand til å ta inn utrolige mengder... Både kommissæren og passagerene fikk nå spise hos oss og det manglet ikke på god appetitt hos dette folket som hadde så lite mat...Nå hadde vi kommet på ”talefot” med de fleste av dem og det varte ikke lenge før vi hadde mannskapet ute på dekket med sine mandoliner og vi fikk se russernes folkedans.”  

Konsul med gode råd og direkte tale
I Arkangelsk låg ”Remø” innefrosen i elva Dvina saman med to andre norske fangstskuter. Dei vart beordra til å ta inn på Trotsky hotell, der ein del av provianten vart lurt frå dei. ”Vær glade til at dere enda er i live”, sa den norske konsulen, for ”husk at ute i byen ligger det hver natt flere som er blitt robbet for alt de hadde på seg, selv om de gikk i filler.” Og han gav myndigheitene det glatte lag: ”Fine ord og manerer er dekadent kapitalistisk og vil ikke bli tålt blandt vaskeekte kommunister”. Dette førte iallfall til at dei kunne flytte ombord i ”Remø” med følgjande råd med på vegen: ”Gå ikke i land, men hold dere ombord – så meget dere vet det!” ”Men rådet ble ikke fulgt og selv var jeg en av de første som brøt denne regel”, skriv Sverre.

Handelsmannen Boskabow og hans vakre døtrer
Dei fekk særleg god kontakt med familien Boskabow, som Isak Remø hadde blitt kjend med i løpet av sommaren. Boskabow hadde drive pomorhandel med eigne skuter; kjøpt fisk og tran i Noreg og tatt med mjøl og hampetau frå Russland. Han snakka difor bra norsk. No var båtane og forretninga konfiskerte. Son hans, som hadde vore offiser, hadde rømt til Wien etter revolusjonen. No frykta dei for livet til døtrene, Sarafina på 22 år og Lena, som var 17, på grunn av hungersnauda og stadige arrestasjonar og avretting av folk frå ”overklassa”. Herr og fru Boskabow ønskte difor å sende jentene sine til Vesten, sjølv om dei då aldri fekk sjå dei att; kanskje ikkje eingong høyre meir frå dei. Begge to var vakre og godt utdanna. Dei spelte både fiolin og piano, og Sarafina snakka tysk, fransk og engelsk utanom morsmålet sitt. Konsulen hjelpte til og fekk henne gift med Johan, fetteren til Sverre. Han var alt forlova, men var gladeleg med på eit proformaekteskap for å få Sarafina til Vesten og fridomen der. Same prosedyren gjekk ikkje for Lena. Ho var for ung, og styresmaktene ville kanskje også ha eit nakketak på far hennar, den tidlegare kapitalisten.  

Tatt av malstraumen
På veg ut i rom sjø vart dei tre fangstskutene slept av ein stor isbrytar. Han var på 6000 tonn og hadde ein maskin på ti tusen hestekrefter. ”Jeg hadde aldrig sett et så stort skip og så imponerende maskiner før, og jeg var ikke sen om å klatre over de korte slepewirene og ta en runde ombord.” Ved nedgangen til maskinromet trefte han to ungdomar, ein gut og ei jente, barna til maskinsjefen. ”Han snakket meget godt norsk og kunne fortelle at han var enkemannn, da kona ble drept under revolusjonen sammen med mange andre av hans slekt og kjendte. Han var så glad for at hadde sine to barn, så å si bortgjemt her nede. Han var fri for kommisærens snusing og var derfor trygg for at barna fikk være i fred.” Sverre fortalde om Sarafina og foreslo at dotter hans kunne bli med attende til ”Remø”. ”Det var bare å skli nedover wirene – bare et par meter. Ingen fare – sa jeg.” Det ble oppfattet som det det egentlig var; - den dummeste og mest uansvarlige handling som tenkes kunne. Jeg ble tilholdt å holde kjeft. ”Kom deg så ombord der du hører hjemme!” Tilbake på ”Remø” ”fikk jeg en enda verre overhaling av skipperen”, som var morbroren, Isak. På isbrytaren fekk han også eit glimt inn i eit rom med masse folk og nokre jenter. ”En av disse lå splitter naken i sin køye og vinket muntert til meg. Sandelig, tenkte jeg. Dette er noe annet enn hjemme på Remøylandet, hvor jentene ikke tar av seg klærne når de bader i støa om sommeren, - så blyge er de. Men her viser de seg nakne. Hva jeg ikke forstod var at denne jenta kanskje engang kom fra et pent og pyntelig borgerhjem og at hun ble feiet med i malstrømmen og så var hun havnet her som senge-nøye til en gjeng fyrbøtere. Betalingen var for henne som for tusener andre på denne tiden; livet i behold.”  

Kan ei kvinne bli kaptein?
”Sarafina var så utmagret at hun nesten ikke fikk mat i seg. Men etter den såre avskjeden kom hun seg litt etter litt og hjalp stuerten med julebaksten... Enda så lite klær som hun hadde, var hun likevel en fin dame når hun pyntet seg litt for et festmåltid i messen. Da spilte hun balalaika og sang russiske folkeviser til oss.” Men det var ikkje berre kvinnelege syslar ho hadde greie på. ”Min onkel hadde en lærebok i navigasjon som han hadde kjøpt i utlandet og denne tok hun til å studere. Var hun usikker, spurgte hun min onkel som snakket bra engelsk fra den tiden han seilte utenriks i 1890-årene.” Og etter at isbrytaren hadde avslutta slepet og returnert til Arkangelsk, tok ho sin faste tørn ved roret, og greidde også det. Sverre skriv: ”For meg var dette at hun lærte så meget navigasjon – og tilmed det jeg selv ikke riktig forstod i den elementære del av navigasjonspensumet – egnet til å undre meg ikke så lite. Kunne f.eks. en kvinde bli navigatør og kunne hun bli en brukbar sjøkaptein? Min fetter og onkel mente dette var mulig, men stuert og maskinist var i tvil og mente at kvindens plass var i hjemmet med barn og matstell.”  

Russisk ”prinsesse”
Etter ei nokså dramatisk reise med lite kol og proviant, med storm og nedising, kom dei til Vardø. ”Russejenta på Fiskerheimen kom ombord for å se oss. Da hun fikk se at det også var en annan russejente, ble det stor glede og store omfavnelser og masse kyssing på ansigtet. Typisk slikt i Russland. Men denne kyssingen syntes vi var noe svineri når det var menn som bedrev slikt.” I byen vart det fort kjent at dei hadde ei russisk kvinne ombord, ”kanskje en baronesse eller endog en prinsesse, ble antatt som sannsynlig.” Då dei kom til Ålesund veslejulaftan, hadde rykta om russarinna nådd dit, og neste morgon var kaia full av folk som ville få eit glimt av ”prinsessa”. På Remøya fekk Sarafina bu hos onkel og tante til Sverre. ”Hun ble på ekte folkelig russervis overmåte glad i min tante, som plutselig hadde fått en ung datter i huset, - iallfall var det slik hun behandlet henne. Min tante var jo barnløs og nå fikk hun utfolde seg som mor til en pen dame som var blitt både foreldreløs og uten fedreland.” Men alt var ikkje like greitt: ”Jeg forstod at det ofte var tungt for henne å måtte savne sine kjære i Arkangelsk, og da var hun ikke til sinns å være sammen med folk, men holdt seg for seg selv.” Også proformaekteskapet skapte problem, for ”det tok lenger tid enn beregnet for å få skilsmisse ... Min fetter (Johan) var forøvrig forlovet med en jente som hadde vært hos oss, og de skulle gifte seg så snart skilsmissen var ordnet. Sarafina var meget lei for dette som skapte en ikke liten uvilje mot henne blandt kvindene. De forstod ikke hvordan og hvorfor dette ble gjordt, og Johan ble mistenkt for å ha inngått dette ekteskapet for å tjene penger.” Sverre tok henne med på Remøyfjellet, der ”hun ble fullstendig oppslukt av synet av det endeløse hav og for en stund glemte sin uro og angst for fremtiden. Når hun kunne glemme sine bekymringer og smilet kom frem, var hun meget sjarmerende. Hun hadde tegnet ”Remø” da vi lå nediset i utkanten av drivisen. Det ble også skissert ikke så få naturbilder under oppholdet i Norge, og disse skulle hun så male senere.” Sarafina skreiv brev til ”tante” på Remøya heilt fram til 1940, då krig og kaos råka også resten av Europa, og så mange band vart brotne.  

Kommunistar i Kvitsjøen
Året etter var det ny tur til Kvitsjøen. Sverre hadde med seg bilde og brev som Sarafina hadde skrive til familien, både medan ho var på Remøya og etter at ho kom til Wien. Sjølv om selfangarane heldt seg godt utanfor avtalt grenselinje og i tillegg hadde betalt tusenvis av kroner til Sovjetsamveldet for konsesjon til å fangste også innanfor, kunne ein ikkje vite kva som kunne skje. Og på Sverres 18-årsdag, 22. mai 1922, då sesongen var på hell, vart dei faktisk tatt i arrest av den russiske selfangstskuta ”Polerna” og ført inn til Arkangelsk saman med eit par andre norske skuter. Polerna var utstyrt med kanon på dekk og ombord var ikkje berre selfangarar, men også soldatar og sjølvsagt ein kommunistisk kommisær. Sjølve arrestasjonen skjedde ikkje utan dramatikk. Det var først spørsmål om fangstdagboka, men dette beviset for at dei var i internasjonal sone, ville dei ikkje gje frå seg. Ho vart gøymd i ein spekktank saman med gevær og ammunisjon. Det var kjeftbruk internt mellom russarane, der mannskapet meinte dei ikkje hadde grunnlag for å gripe inn, medan kommisæren insisterte på dette. Sjølvsagt fekk han siste ordet, og skipperane på alle skutene vart så med makt ført over til Polerna og sette i arrest der. ”Hadde jeg ikke hadde blitt stoppet av min fetter (Johan), så hadde jeg gått hen og tatt meg et gevær, og jeg ville ikke ha betenkt meg på å bruke det heller... Det er stor forskjel på folk, - selv innen en og samme familie. To av mine onkler på morsiden ville ikke betenke seg to ganger på et overraskende angrep... Men min far var ikke av den typen som likte strid. Som skipper ble han ikke sint uansett hvor gale det kunne gå.”

Hungersnaud
Den russiske hungerskrisa i 1921-23, då meir enn fem millionar svalt i hel, var ei følgje av verdskrig, revolusjon, borgarkrig, kommunistisk konfiskering av korn og til overmål tørke. Ho råka Volga- og Uralregionen aller sterkast, men følgjene fekk også Sverre og mannskapet på dei norske selfangstskutene sjå, då dei kom til Arkangelsk: ”En dag fik vi et sjokk. Ikke så langt unda kom det en stor lekter med to dekk og overalt var det stuet fuldt av kvinder og barn. Alle, og især barna, var som lik å regne. Det var ikke kjøt på dem, og de så ut som døde alle – unge som gamle. Soldater kom for å bære dem iland, men det var ingen ambulanser, doktorer eller sykepleiersker som tok seg av dem. De ble plassert rundt om på kaiområdet, og der ble de liggende til langt ut på neste dags formiddag, og da var mange døde.” Men også folk i Ankangelsk svalt. Ombord hadde dei ei tønne med saltsild, som var blitt litt sur. Då eit par russarar på kaia såg at dei kasta sild på sjøen, hoppa ein av dei etter, treiv tak i ei sild og åt henne slik ho var. Resten, både tønna, silda og saltlaken, fekk russarane med seg heim. Seinare fekk fangstmennene i løyndom lov til å gje folk litt skikkeleg mat, etter at vaktene hadde fått sitt.  

Badeliv med og utan klede
Men ungdomane i Arkangelsk var stort sett ikkje i verre stand enn at mange bada langs elvebreidda på motsett side av Dvina. Dei yngste selfangarane slo lag. ”Men vi kunne ikke få oss til å klæ av oss allt slik russerne gjorde det når de var på badestranden. Vi hadde for å få til en badedrakt skåret av et par gamle dongeribukser. I dette antrekket kom vi så anstigende en fin og varm dag... Svømme kunne vi ikke. Selv om vi tilbringer en betydelig del av tiden på havet og i isen, hvor vi kunne falle i vannet både en og to ganger i løpet av få timer, var det ingen som kunne svømme – merkelig nok. Nå ville vi lære denne kunsten, men jeg var sikker på at jeg ville synke som en sten og var ikke til å rikke ut på dypere vann enn opp til halsen. Men altså; det er så rart med vanen. Etter noen dager og uker ble vi ikke det minste sjenert og hadde lagt av oss de skitne dongeribuksene... Det moret oss å se ”gamlekarene” ombord som ikke ville være med oss. Nå stod de på tørn i skutenes kommandotønne og hadde langkikkerten for øye både vel og lenge. De så nok mest på de unge damene som lå og solet seg på stranden med oss midt i blandt seg.”

Forelska i Lena
Også Lena Boskabow og foreldra hennar møtte han, men dei måtte vere varsame sidan styresmaktene hadde fått nyss om at giftarmålet til Sarafina berre var fingert og fordi familien var blant dei utstøytte kapitalistane. Han fekk likevel gitt dei bilde og brev frå syskena/barna i Wien og frå ”tante” Marie på Remøya og dessutan hjelpt dei med mat. Sverre skriv også: ”Jeg var etter min oppfattning voksen kar og mann for min hatt, så jeg lurte på om jeg skulle fortelle Lena at jeg likte henne veldig, - ja, overhendig meget, men jeg kunne liksom ikke få meg til å gjøre dette. Årsaken var at jeg følte en slags ”kultur-kløft”, for å si det på den måten.” Han la likevel planar om å smugle henne ombord og få henne med attende til Noreg og lufta denne tanken for faren. Men både han og konsulen meinte dette var altfor risikabelt, ja, den reine galskap. Sverre skriv vidare: ”Da jeg året 1926 kom til Arkangelsk for å ta inn trelast, var deres hus okkupert av soldater. Huset og hagen var forsarvet, gardiner for vinduene var fjernet og i hagen lå alskens avfall og møkk. I døren ble jeg møtt av et par fulle soldater. Jeg så nok litt kapitalistisk ut, der jeg stod i kvit skjorte, snipp og slips og ble behandlet deretter.”

Folkedomstolen
Saka til selfangarane vart til slutt tatt opp i Folkedomstolen. Der vitna kapteinen på Polerni til deira fordel, og kapteinane på tre lastebåtar, frå Noreg, Tyskland og England, vart også førte som vitne og konkluderte ut frå draft og skipsdagbok med at fangstskutene hadde blitt arresterte langt utanfor russisk fiskerigrense. Det enda med dom i deira favør og vedtak også om erstatning, men dei pengane vart aldri utbetalt.

Den mystiske dama og møte med Lenin
I Arkangelsk var det ei norsk, velkledd kvinne, som ofte reid tur i Trotsky-parken i lag med ein offiser. Ho smilte til dei, men ville ikkje prate, så dei kalla henne berre ”den mystiske damen”. Ein dag kom ho på kaia og ba dei møte opp på klubblokalet for å helse på ein ”stor” mann. Og der kom sjølvaste Lenin inn, og den norske dama sa: ”Dette er vår store fører Lenin, som vil gjøre oss den ære å snakke med oss.” Og Sverre held fram: ”Da han kom for å trykke oss alle i hånden, var det hendenes størrelse og uttrykket i de smileløse øynene jeg husker best. Dessuten luktet det nokså særegent av ham.” I ettertid synest ikkje opplysningar om eit slikt møte særleg sannsynleg, men både fangstmennene og konsulen var sikre på at det faktisk var Lenin, sidan dei kjende han att frå bilde på plakatar. I revolusjonstider kan sjølv det usannsynlege skje.  

Rømde frå kreditorane
Etter to tapte selfangstsesongar var reiarlaget på randen av konkurs i fleire år. I 1927 greidde dei så vidt å ruste ut for selfangst i Kvitsjøen. ”Vi var redde kreditorene og besluttet å rømme fra landet fortest mulig. Vi gikk om natten og for rett til havs.” Sjølv om dei vart liggande fast i isen i to månader, var fangsten bra, og økonomien betra seg litt. Under sildefisket ved Island same år var faren heime og Sverre skipper på skuta for første gong. ”Da vi kom hjem med romet og dekket fullt av sildetønner, ville ingen ha den fordømte lasten og tilslutt ble det mulig å få solgt for Kr. 18,- pr tønne a 93 kilo. Mannskapet hadde ikke et øre i fortjeneste.”

Dramatikk i ishavet
Fangstsesongen 1928 starta lovande, men vart stadig meir dramatisk. På grunn av sterk straum med mykje skruis kom eine skuta etter den andre i vanskar. Men fangsten på forlatne, delvis knuste skuter, kunne også vere eit skikkeleg varp for dei som kom til tidsnok: ”Vi fikk øye på en høg skrugard og opp av denne kunne vi se riggen på ein skute som sannsynligvis var blitt sittende fast og trykt.. Glade var vi. Det gjenstod bare å ta sjangsen på å gå ned i rommet og ned på spekktankene..I løpet av et par timer hadde vi 1200 hårfaste kvitinger fra vraket.” Bror til Sverre hadde gått ned i maskinrommet. ”Mens han var der nede , løsnet skuta plutselig fra skrugarden og ned for den, og han som var i maskinrommet fulgte med..Der hvor det hadde vært et skuteskrog, var det nå fylt av løsis, og vi kunne ikke se tegn til mannen. Er par mann stod klar med et par bambusstenger med kveitekrok på, i tilfelle han skulle komme opp. Og opp kom han, men bare med en hånd som så vidt var synlig over sørpeisen som lå over ham. Han ble straks huket med kroken og halt opp slik at han fikk luft, men det var en stund før han kom til seg selv. Det var nære på..”. Sesongen før hadde broren blitt angripen bakfrå og rent overende av ein hosel medan han var opptatt med å flå nokre dyr. ”Han ble liggende med dyret over seg og det var ikke mange sekundene å betenke seg på. Jeg måtte skyte med risiko for å treffe min bror. Valget var ikke vanskelig. Ble han bitt av dyret, var han ferdig, og så skjøt jeg. Det er bare hodeskudd med DUM-DUM kuler som dreper. Skuddet traff og blodspruten traff min bror rett i ansigtet. Det varte en stund før han kom seg av sjokket, men så stod han endelig opp – fullstendig tilgriset av flere liter blod. De som var nærheten, trodde først jeg hadde skutt ham istedet for selen.”

Siste reis med Remø
I 1928 forliste 21 skuter i Kvitsjøen, og 19. mars gjekk også Remø tapt. Sverre skildrar det slik: ”Det er et fælt syn å se sin skute ”lide” så forferdelig. Isen kommer settende med minst 50 cm i sekundet og intet kan stanse den. Den hopet seg opp langs begge sidene og kom tilslutt opp mot båtdekket, traff skorsteinen og davitene som langsomt måtte gi etter. Deretter kom presset på selve overbyggget og du måtte se til å komme deg unna. Tilslutt var så å si hele skuta nedklemt av store ismasser, og vi måtte forlate henne. Vi hørte at spantene ble knust og spekktankene klemt mot hverandre.” Då dei var på veg over isen til skuta ”Terningen” av Tromsø, såg dei 15-20 mann frå ei anna skute på veg mot Remø for å sikre seg skinn og vrakgods. Sverre reagerte i sinne og vonbrot: ”Jeg syntes det var forferdelig..Vi var ikke kommet så langt unna, og jeg for ombord for å ødelegge så meget som mulig. I messen slo jeg i stykker allt jeg klarte av skaffetøy og tallerkner, og en urørt, røket griseskinke tok jeg med i en sekk.” Ombord i ”Terningen” var det alt eit mannskap som hadde forlist skuta si, men trass i at det vart trongt om plassen, vart dei vel i mottekne. Men dramatikken var likevel ikkje over: ”Det var på nære nippet at ikke også ”Terningen” gikk tapt i sterk skruing. Hun mistet roret, men da isen slakket, kom vi oss ut ved å bruke isanker og wire til vinsjen for å få henne inn i den rette åpningen. Etter at vi var kommet i rom sjø, var det skipperens sak og styre skuta ved hjelp av seil. Vi kom oss inn til Vardø og kort etter var vi ombord i hurtigruten på vei hjem...Det var en underlig følelse å kjenne seg som ”skipper skuteløs”. Vi hadde ingen annen skute og det var vondt å miste den. Det ville også bli vanskelig å finne kapital til en ny skute som kunne drive både fiske og selfangst. Det var så lite penger på denne tiden, og ett år etter kom det store krakket og all elendigheten som virket så å si lammende over hele verden. Arbeidsløshet og nød var det i mange land.”

torsdag 7. juli 2011

Paul Zielke - den snille sersjanten

Året er 1943, og verdskrigen rasar. Men på ein sommardag med sol og blankt hav kan sjølv denne tida by på glimt av fred og idyll, som synet av ei tolv år gammal jente, i fineveret på padletur langs blankskurte berg i lånt kano. På land sit den unge eigaren og ser til at turen går trygt. Jenta er Jorunn Jakobsen, dotter til fyrvaktaren på Runde, og han som passar på, er Paul Zielke, sjefen for dei tyske flysoldatane på Kvalneset. Sekstisju år seinare karakteriserer Jorunn, no gift Mjønes, feldwebel (sersjant) Paul Zielke som ein heilt eineståande mann.

Andre vitnar om det same: Ein tilsett i Televerket har fortalt at han fleire gonger var på fyret for å reparere telefonar for tyskarane. Siste gongen tok flyvaktsjefen han med seg opp i radiostasjonen og fortalde kva frekvens dei sende på. Og telefonreparatøren la til: ”Den karen sparte livet til mange herøyværingar!”

Korleis var denne flyvaktsjefen, sersjant Paul Zielke? Kva historier blir fortalt om han? Kvar kom han frå og korleis gjekk det med han etter krigen?
Svara får du i denne artikkelen.


Tyskarar i Kvalsvika og på Kvalneset
Under krigen var det stasjonert tyske vaktmannskap i Kvalsvika og ved Runde fyr på Kvalneset. I Bygdesoge III av Herøyboka er dette omtalt på sidene 51 og 53-55. Til Kvalsvika kom åtte soldatar alt i juni 1940 og fekk husrom i stabburet og søre enden av stovehuset i Kleofasgarden. Der budde frå før dei tre ugifte syskena Gerhard, Pernille og Nikoline, på høvesvis 45, 40, og 34 år, og mor deira, som også heitte Nikoline. I Bygdesoga har soldatane fått god attest: ”Dei var høflege og for fint fram”. Dette gjaldt Ikkje minst leiaren deira, Paul Zielke, som raskt lærte seg å snakke norsk og ofte var med Gerhard på sjøen og Pernille i fjøset. Ein gong var han også med Gunnar Kvalsvik på drivgarnfiske etter sild med ”Fram III”. Då Petter Kvalsvik (”Steffa-Petter”) såg Zielke, den tyske kommandanten, ombord i båten til Gunnar, ropte han spøkefullt til skipperen: ”Skal du bort til England, ”Gonnja”?” Tretti år seinare skreiv Kåre Kvalsvik: ”Vaktsjefen Zielke kom folk til å hugse, ikkje berre for den sjøturen, men fordi han var ein rimeleg mann og gav inntrykk av å vere på folket si side”.

Til Kvalneset på Runde kom det ei gruppe på fem marinesoldatar under leiing av Erik Stein sommaren 1941, men dei reiste etter få veker. Men frå 1942 til krigen tok slutt var det heile tida stasjonert ei gruppe på 5-6 kystartilleristar, som budde i husværet til reservebetjent Johannes Goksøyr og heldt vakt frå sjølve fyret. Året etter vart dei supplert av 7-8 soldatar frå flyvåpenet, som tok inn i huset til fyrvaktar Jakobsen (1889-1977), der dei disponerte stova og gjesterommet. Dei meinige soldatane låg i køysenger på stova, gjesterommet vart brukt til kjøkken, medan sjefen fekk eit lite kammers som sitt rom. Sjefen var den sjølvsame Paul Zielke, som fram til då hadde vore stasjonert i Kvalsvika. Denne gruppa flysoldatar bygde seg sin eigen bunker med utkikksplass på Tua, litt nord og nedfor sjølve fyret. Paul Zielke hadde elles kjøpt ein færing av Nikolai Kvalsvik, og i fint ver rodde han ofte til Kvalsvika for å besøkje Pernille og Gerhard, som han hadde fått eit nært forhold til.

”Når krigen er slutt, får du pusset opp huset, og alt blir fint igjen.”
Jorunn Mjønes, yngste dotter til Anna (1892-1968) og Thorvald Jakobsen, var 12 år i 1943 og gjekk på skule i Runde, men i helgene og skuleferien var ho sjølvsagt saman med foreldra på fyret. Ho fortel at soldatane måtte gå gjennom kjøkkenet deira for å kome til sine eigne rom. Mor hennar tykte dei godt kunne ha tørka litt betre av støvlane før dei kom inn, og ho tok difor dette opp med Zielke. Han stod då heilt roleg og høyrde på henne utan å avbryte. Så sa han spakt: ”Når krigen er slutt, får du pusset opp huset, og alt blir fint igjen.” Då såg ho han som den ungguten han faktisk var og fekk slik godhug for han at irritasjonen var som blåst vekk. Zielke var også på andre måtar ein likandes kar. Han var både høfleg, korrekt og vennleg. På veg inn og ut av huset slo han alltid av ein prat. Dessutan hjelpte han dei med hesjinga. Under krigen var matauk viktig, og Jorunn fekk seg kaninar, som eit par av soldatane bygde bur til.

Zielke var godt likt også av soldatane han hadde kommando over. Han tok seg ikkje sjølv høgtideleg, men var kameratsleg og hjelpsam også mot dei. Etter fisketurar med færingen, var det han som laga fiskemat og serverte dei andre.
Men mellom dei to soldatgruppene på Kvalneset var det lite samkvem. Dei kom rett nok frå ulike våpengreiner, men det kunne også ha samanheng med at Zielke ikkje stolte på sjefen for kystartilleristane, som var ein overtydd nazist. Zielke lytta gjerne på radiosendingar frå London, viss han var åleine i bunkeren. Ein gong tusla det utanfor, og han skrudde fort til ein annan stasjon og treiv etter pistolen. Det var den andre kommandanten som kom på uventa besøk. Zielke trudde han var ute for å spionere og ville gjerne unngå liknande besøk for ettertida. Han sa difor til den andre at ved å dukke opp utan førehandsvarsel, kunne han ha blitt skoten ved eit mistak. Men fyrvaktaren og frue leit han derimot så fullt og fast på at han fortalde dei om denne episoden.

Sa frå kven som var nazistar
Sjølv er eg fødd i 1948, og frå midten av femtitalet likte eg godt å høyre dei vaksne fortelje frå krigsåra. Dramatiske ting som berre låg ti år attende, var truleg som hendt i går for dei som fortalde, i sær far min, Hans S. Runde (1904-1991)) og tanta hans, Karoline I. Runde (1890-1978). Ho var styrar på telefonstasjonen og heldt bokstaveleg talt alle trådar i bygda i si hand. Telefonsentralen var plassert i søre stova i huset hennar i Isak-garden, som bar namn etter far hennar. Vi budde i nabohuset. Tante Karoline, i daglegtale ”Ka’lia”, kom som følgje av stillinga si i hyppig kontakt med tyskarane på Kvalneset, ikkje minst med Paul Zielke, som ofte kom innom, sjølv om det alt i 1921 var strekt telefonlinje fram til fyret. Slik vart også far kjend med Zielke og kom etterkvart til å lite på han. Truleg hadde det også ryktast frå Kvalsvika at Zielke var ein bra mann. Også på Runde syntest folk vel om han og med god grunn. Til dømes sa han frå kven dei 1-2 nazistane på Kvalneset var, slik at folk kunne vere på vakt overfor dei. Far heldt Paul Zielke for å vere ein klok kar, som det gjekk an å snakke med om det meste og som også hadde glimt i auga og ein humoristisk replikk, slik det går fram av eit par andre historier:

”Nå kan du ta deg en tur til England”
Far var skipper på ”Havbris”, ein båt på 42 fot, som dei dreiv vintersild- og Lofot-fiske med under krigen. Også utanom fisket måtte dei regelmessig få stempla skipspapira hos den tyske hamnekapteinen i Ålesund. Det tykte far var tungvint og spurde difor der om ikkje Zielke kunne gjere det. ”Kjenner du han?”, spurde hamnekapteinen, lyste opp i eit smil og sa ”Ja, det skal vi ordne”. Han skreiv eit brev stila til Zielke og la ved skipspapira. Noko seinare låg far med båten og lossa sand ved kaia på Runde, då Zielke dukka opp. Far stoppa han og fortalde om brevet han hadde fått med seg. ”Vi går ombord”, sa Zielke, sette seg i kahytta, las brevet, skreiv under papira og framdaterte underskrifta for ytterlegare nokre gonger før han sa spøkefullt: ”Nå kan du ta deg en tur til England”. Far, som då var førti år og far til fire, meinte nok han var for gammal for det. Sjølvsagt forstod også Zielke at største risikoen var av eit anna slag. Viss far hadde kome ut for kontroll, ville det blitt avslørt kva Zielke hadde gjort.

”Du kunne skutt mange tyskere”
Endå meir vågale var begge to ved eit seinare høve. Folk på Runde heldt enno geiter, men dei var blitt så ville at det var uråd å fange dei inn om hausten. Far ynskte difor å skyte ei geit, men hadde sjølvsagt inga børse. Ein gong Zielke var heimanfor åleine, spurde difor far om han kunne få låne geværet hans for dette føremålet. Zielke var litt betenkt, men noko seinare hadde han likevel med seg våpenet og patronbeltet med 3-4 magasin á fem skot. Han lurte på kor mange magasin far hadde bruk for. Det måtte vel greie seg med eitt, meinte far, som fekk overta både gevær og fem patroner, men på eitt vilkår: Han måtte ikkje levere det attende viss Zielke kom til gards i følgje med andre tyske soldatar. Far var heldig og trefte geita med første skotet. Vel ei veke seinare kunne han difor levere børsa og fire skot attende. Då fekk han følgjande kommentar: ”Du kunne skutt mange tyskere”. Far fortalde at Zielke i tillegg til geværet også hadde med seg pistol, for soldatane fekk ikkje lov til å gå kring utan våpen. Ein gong far var på Kvalneset for å reparere telefonlinja, hadde tyskarane der fått uventa besøk av overordna som kom sjøvegen for å inspisere våpna. Desse stod då oppstilte langs hovudveggen av huset. Det hadde truleg ikkje gått så bra for Zielke viss han ved ein slik kontroll ikkje kunne gjere greie for geværet sitt.

”Tror du ikke jeg vet hva et anodebatteri skal brukes til?”
På kjøkkenloftet, på skrå over telefonstova, hadde tante Ka’lia eit radioapparat ho ikkje hadde levert inn. Dette visste alle naboane om, og når klokka nærma seg sju om kvelden, kom dei fleste karane frå gardane omkring for å høyre sendinga frå London. Forfattaren Alfred Hauge, som då var lærar ved Fredtun, Frikyrkja sin ungdomsskule (folkehøgskule), var ein gong på Runde denne tida, og har skrive med undring i sjølvbiografien sin om kor openlyst dette skjedde. Men historia sluttar ikkje med det. På denne tid var det elektrisitetsverk i Goksøyra, men ikkje i Runde, som først fekk krafta i 1951. Det var difor ein batteriradio Tante hadde, og batteri var ikkje lett å få tak i. Ho ringde difor til fru Jakobsen på fyret; kanskje gjekk det an å be Zielke om hjelp? Og Anna Jakobsen gjekk rett til Zielke og spurde om han kunne kjøpe eit radiobatteri neste gong han var i Ålesund, men ho nemnde ikkje kven som trong det. Truleg fekk ho korkje ja eller nei til svar, for etter ei tid spurde ho han korleis det vart med batteriet. Då svara Zielke at det hadde han alt kjøpt og overlevert til rette vedkomande. Overfor familien undra Anna Jakobsen seg over korleis han kunne vite kven det var. No trudde ho kanskje fleire av tyskarane på Kvalneset visste om radioapparatet utifrå ein kommentar Jonna hadde høyrt. Ho strikka kufter og selde til tyskarane, som var ofte innom. Frå stova hennar nede på Sanden hadde dei utsikt til telefonstasjonen oppe ved fjellfoten, og dei hadde kommentert ”trafikken” dit like før klokka sju. Elles synest eg å hugse at tante Ka’lia fortalde at ho sjølv hadde spurd Zielke om hjelp. Då han kom med batteriet ein mørk haustkveld, vart han observert av ni år gamle Marta, niesa til far. Ho alarmerte far sin, Nils Runde (1902-1967), som gjekk og kikka inn glaset hos Tante. Då han såg at det ”berre” var Zielke som var på besøk, fann han ingen grunn til uro og snudde heim att. Zielke og Tante hadde eit gjensidig godt forhold. Ofte kunne han verte våt og kald på føtene når han gjekk i snø eller regn over fjellet til Runde. Kom han innom telefonstasjonen hos Tante, fekk han ta av seg på beina medan ho tørka strømpene og skorne framfor komfyren. Men når det galdt batteriet, sa han ein smule skarpt: ”Tror du ikke jeg vet hva et anodebatteri skal brukes til?” Korkje far eller Tante var likevel redde for at han skulle varsku andre om radioen. Men når ”Svartemarja”, båten til Gestapo i Ålesund, vart observert på fjorden, var far snar til å pakke inn radioen og gøyme han oppe i urdene eller grave han ned i grisegarden i fjøset.

Hagla i urda
Også andre på Runde fekk nytte av Zielke si vennlege innstilling. Ved eitt høve greidde han å bagatellisere beslag av ei hagle. Det var Leonard Runde som åtte hagla, men i staden for å levere inn våpenet, hadde han pakka det godt inn og gøymt det i ein heller i Storevika. Kanskje visste sonen Lars (1926-93) omlag kvar hagla var gøymd. Sommaren 1944 fann iallfall han og nokre jamaldringar våpenet, pussa det og skaut litt for moro skuld nokre gonger utover hausten. Ein søndag i januar 1945 var Lars saman med kameratane Georg Bøe (1926) og Petter E. Runde (1928) så opptatt med hagla at dei vart overraska av to tyske soldatar i kvite kamuflasjeklede, som stod berre ti meter unna og sikta på dei med maskinpistol. Dette var soldatar som kom utanfrå, kanskje knytt til Gestapo, og som var på jakt etter våpen smugla inn frå Shetland. Gutane la roleg frå seg hagla og gjekk derifrå utan å bli stansa. Dei kvitkledde tok med seg våpenet til Kvalneset og konfronterte Zielke med våpentreninga i hans nærområde. Dei kravde at det måtte takast gissel blant befolkninga. Zielke vart med dei til Ålesund og greidde å overtyde sjefane der om at dette berre var barnestrekar. Han stilte seg sjølv som personleg garantist og gissel i staden for folk frå Runde. Mor til Lars gav han då ein pose egg som takk.

Zielke var klar over at han opererte i eit grenseland og var sjølv på vakt, særleg overfor dei ”kvitkledde”. Kanskje spionerte dei også på han. Når slike var komne til Runde, sov han difor alltid med pistolen under puta. Dette fortalde han til Jakobsen og la til: ”De skal ihvertfall ikke få tatt meg levende”.

”Krigen er slutt. La oss takke Gud”
Zielke og dei andre tyske soldatane reiste frå Runde i slutten av mai 1945. Siste krigsåret budde familien Jakobsen i Goksøyr. Då dei flytte ut att på fyret, såg dei at Zielke den 8. mai hadde skrive dette på den store veggkalenderen sin: ”Krigen er slutt. La oss takke Gud”.
Folk på Runde visste at Zielke var frå Nauen, som vart liggjande i Sovjetisk sone, seinare i DDR. Han gav stundom uttrykk for uro over framtida for seg og sine. 1-2 år etter krigen fekk fyrvaktar Thorvald Jakobsen eit brev frå han, der han skreiv kor vanskeleg livet var og kor lite mat dei hadde. Særleg var han bekymra for dotter si, Dagmar, fødd i 1943. Jakobsen sende då ein pakke med matvarer, men sidan dei aldri høyrde noko meir, visste dei ikkje om pakken hadde kome fram.

Ny kontakt med familien Zielke
Mange på Runde, og sikkert også i Kvalsvik, har undra seg over korleis det gjekk med Paul Zielke etter krigen. Dei tenkte at Zielke, som hadde eit så godt forhold til folket her, kanskje ville kome attende viss han hadde høve til det. Men jernteppet gjekk den gongen som eit stengsel gjennom Europa og var eit hinder for samkvem. Sist haust prøvde eg å kontakte tyske militærarkiv på ei nettadresse bror min, Helge, hadde fått av Den tyske ambassaden i Oslo, men dette førte ikkje fram. Via nettet fann eg så adressa til lokalkontoret i Nauen av regionavisa Havelland og sende ein e-post dit. Dei tipsa meg om Nauener Heimatfreunde ved Wolfgang Johl, og to dagar seinare sat eg med opplysningar både om namna og adressene til kona og dotter til Zielke, samt opplysning om at han truleg hadde ein son, busett i Rostock. Frå februar 2010 har eg difor hatt jamnleg kontakt både med Dagmar Estermann (1943), dotter til Paul Zielke, og Detlef Zielke (1948), son hans. Dei har gitt meg mange opplysningar om livet hans, både før, under og etter krigen.

Paul Zielke – ein kort biografi
Paul Zielke var fødd i Berlin 22. juni 1919 og såleis berre 21-26 år den tida han var soldat i Noreg. Før krigen braut ut hadde han tatt yrkesutdanning innan handel med dyrefor og fått seg arbeid i Berlin zoologiske hage. Med slik bakgrunn var det heilt naturleg for han å hjelpe til med slåtten eller ta eit tak i fjøset, som han gjorde både på Kvalneset og i Kvalsvika. Han vart også så fascinert over at kyrne fekk fisk i foret at han fortalde det til barna sine mange år seinare. Også kunsten å lokalisere gode fiskeplassar og fluder ved hjelp av méd la han seg på minne og fortalde om til familien.

Då krigen kom, vart han innrullert i Flyvåpenet (Luftwaffe) som ”funker”. Direkte omsett tyder det radiotelegrafist, men det vert også brukt om ein meinig soldat i sambandet innan hær og flyvåpen. Oppgåva til dei tyske soldatane på Nerlandsøy og Runde var då også å observere og rapportere (militær) aktivitet på havet og i luftrommet ved kysten. Alt medan han var i Kvalsvika, var han gruppeleiar med grad av sersjant (Feldwebel).

Paul Zielke hadde to søstre, Gertrud og Irma. Mor deira heitte Anna og kom seg gjennom dei harde etterkrigsåra, medan faren døydde alt under krigen. I 1942 gifte Paul Zielke seg med eitt år yngre Käte Fleischer frå Nauen, ein mindre by omlag fire mil vest for Berlin. Käte Zielke fylte 90 år sist april og bur framleis i Bardeystrasse 13, Nauen, som også var barndomsheimen hennar. Dottera Dagmar bur i Falkensee, midt mellom Nauen og Berlin, medan sonen Detlef har flytta til Rostock. Dagmar har elles to døtrer, Sabine og Britta, medan Detlef har ei, Karina.

Etter krigen var Zielke i britisk krigsfangenskap fram til 1946. Dei første etterkrigsåra var harde å kome gjennom med stor varemangel overalt. I Tyskland var det direkte hungersnaud. Paul Zielke var då så bekymra for korleis det skulle gå med den tre år gamle dotter si at han skreiv både til fyrvaktar Thorvald Jakobsen på Runde og Gerhard Kvalsvik på Nerlandsøy og bad om hjelp. Pakken frå Jakobsen vart truleg konfiskert av den russiske kontrollen; den kom iallfall aldri fram. Men begge barna fortel at han fekk svar frå Gerhard, som foreslo å adoptere han, slik at han kunne kome attende til Sunnmøre, der dei iallfall slapp å svelte. Både Gerhard og dei to søstrene hans var einslege og barnlause, og dei sette stor pris på den sympatiske og sjarmerande Paul, så eg held ikkje dette for usannsynleg. At ingen norske har nemnt det, treng ikkje tale i mot. Gerhard var ein stillferdig kar, og eit ønskje om å adoptere ein tysk soldat var vel heller ikkje lurt å snakke høgt om like etter krigen. Sidan Paul Zielke hadde både mor og svigermor å ta omsyn til, takka han nei til tilbodet om adopsjon.

Paul Zielke var ein hendig kar og valde å ta opplæring som skomakar. Han tok meisterprøva i 1952 og tre år seinare også meisterprøve i ortopedi. Han starta så sin eigen verkstad der han laga ortopediske sko. Eit slikt enkeltmannsføretak var tillate sjølv i det kommunistiske DDR. Men nokon utprega forretningsmann vart han aldri. Han slo ofte av på prisen eller ettergav skuld, særleg til eldre og sjuke med dårleg råd. Barna fortel at han også i fritida likte å gjere noko praktisk, drive med dreiing, stelle til i hagen og halde huset i stand. Han konstruerte og laga seg også ein robåt, heilt på eiga hand.

I oppveksten måtte han lære å spele fiolin. Seinare lærte han seg også å spele mandolin, blokkfløyte, munnspel og trekkspel. Han likte å syngje og song gjerne tekstar og melodiar han hadde lært i Noreg. Barna fortel at han var ein kjærleg far, men ein som også stilte krav og sette grenser.

Sonen Detlef fortel at Zielke gav Gerhard Kvalsvik dynamitt til sprenging av større steinar på garden. Utanom syskena Kvalsvik, er det familien Jakobsen dei hugsar at faren nemnde; naturleg nok sidan det var hos dei han budde og med dei han hadde mest kontakt. Som minne frå Noreg hadde Zielke med heim ei lommebok med innskrifta ”NORGE” (sjå bilde) og eit lite norsk flagg, som han fekk etter å ha berga to fiskarar då båten deira kantra. Særleg det siste sette han stor pris på.

Paul Zielke døydde i 1975, berre 56 år gammal. Siste leveåra han var han mykje sjuk. Både Detlef og Dagmar har gitt uttrykk for takksemd for at eg ville skrive ein artikkel om faren og såleis heidre minnet om han.

Etterord
Då krigen slutta, stod det 300 000 tyske soldatar i Noreg. Sjølv om også desse vart sett i krigsfangenskap i 1-2 år, var dei blant dei heldige som overlevde krigen, og dei fleste hadde også unngått blodige kampar. Konflikt mellom soldatplikt og samvit kunne dei likevel oppleve. I krig er det vanskeleg å leve eit anstendig liv og samtidig bevare sitt eige. Paul Zielke prøvde, fordi han var ein bra mann, og lukkast, fordi han hadde sjarm og eit vinnande vesen som gjorde at både overordna og nordmenn fekk tillit til han.

Informantar

Frå Runde:

Karoline I. Runde (1890 - 1978)
Hans S. Runde (1904 - 1991)
Petter E. Runde (1928))
Idar Runde (1929)
Jorunn Mjønes (f. Jakobsen 1931)
Marta Seth (1935)

Frå Kvalsvik:

Sigfred Kvalsvik (1920)
Kåre K. Kvalsvik (1926)
Jon Vollen Kvalsvik (1930)

I Tyskland:

Käte Zielke (1920)
Dagmar Estermann (f. Zielke 1943)
Detlef Zielke (1948)

Skriftleg kjelde:
Bjarne Rabben: Herøyboka Bygdesoga III

mandag 21. februar 2011

Peter F. Hjort

Siste studieåret var eg på eit møte der overlegar ved Rikshospitalet diskuterte kva som var best og tryggast behandling for somme av pasientane som låg der. Ein av legane gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Det var syntesen av sylskarp logikk og menneskeleg varme som slo meg; den klare tanken og det gode hjartet som alle legar ideelt bør ha, sidan dei møter både intellektuelle utfordringar og personar som treng forståing og medkjensle.

Peter F. Hjort hadde gjort inntrykk på folk før. I 1967 heldt han talen ved årsfesten for Universitetet i Oslo. Han snakka då om behovet for større ressursar til helsevesenet, men òg om behovet for prioritering, om kva naturvitskap har å seie for medisinsk framgang, men også om grenser for den same vitskap. Ikkje minst ba han legane ta vare på tilliten pasientane viser dei ved å møte kvar einskild ”med kyndighet, interesse og medfølelse”. Han sa også at Norge ikkje burde snylte på andre land for utdanning av legar, og han tok opp problemet med dårleg utbygd helseteneste i Nord-Norge.
Blant tilhøyrarane var kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik, som alt året etter ba Hjort leie arbeidet med å etablere medisinsk utdanning i Tromsø. Der vart Peter F. Hjort først leiar i interrimstyret og i 1973 vald til den første rektoren ved universitetet.

Dette visste eg ingenting om då eg fekk vere ”fluge på veggen” og lytte til diskusjonen blant overlegane på Rikshospitalet. Men seinare har eg høyrt fleire foredrag av Hjort. I utgangspunktet var han spesialist på blodsjukdomar, men etter 1975 engasjerte han seg i samfunnsmedisin og helsetenesteforsking. Særleg var han opptatt av førebyggande medisin, og dermed både av det samfunnet og den einskilde kan gjere for å redusere risikoen for skadar og sjukdom. Slik sett kom han nærare det allmennmedisinske fagfeltet og vart ein inspirator også for oss som arbeidde der. Han var ein ivrig talsmann for fysisk aktivitet og levde som han lærte også på det området. Sjølv om han i hovudsak var forskar, heldt han kontakten med praksis ved å vere sjukeheimslege. I debatten om medikaliseringa av medisinen var han krystallklar: ”Det finst ingen pille for alt som er ille”.

Når det gjaldt val av ektefelle, som for dei fleste inneber eit visst sjansespel, hugsar eg han sa: ”Den som får seg ei kone (eller mann) som er snill, klok og flittig, er svært heldig”. Sjølv heldt han seg for å vere blant dei heldige, som fekk si Tone. Henne heldt han lag med i gode og vonde dagar, for dei siste kom også, då Tone på slutten av livet trong mykje pleie. Men då stilte han sjølv opp som pleiar i heimen på Blommenholm.

Peter F. Hjort (1924-2011) døydde første nyttårsdag. I siste nummer av Tidsskrift for Den norske legeforening har han fått ikkje mindre enn fire nekrologar. Det vitnar om at han var ein nestor innan norsk medisin, som mange har sett pris på. I omtalen stod også ein del som var nytt for meg. Far hans, juristen Johan Bernhard Hjort, skreiv ein artikkel om rettstilstanden i Norge under krigen. Dermed vart han arrestert, sett på Grini og deretter sendt til Tyskland. Men familien Hjort hadde tyske slektningar, og ein svoger fekk avtalt med Terboven at Johan B. Hjort i staden kunne internerast saman med familien på godset deira, Gross Kreutz, i Tyskland. Der var Peter til 1943, då han på veg til Norge nytta høvet til å hoppe av i nøytrale Sverike, for å byrje på medisinstudiet. Men han vart raskt innkalla til dei norske politistyrkane, og 7. mai marsjerte han inn i Trondheim saman med troppen han var blitt sjef for, 21 år gammal.

Peter F. Hjort var nok fødd med ”ei sølvskei i munnen”. Forfedrane var alle framståande legar, juristar eller forskarar, og sjølv var han velsigna med eit skarpt intellekt og ein varm og vinnande personlegdom. Utgangspunktet kunne ikkje vore betre: ”Peter fortalte om en god barndom på Bestum. Han elsket sin mor, beundret sin far og respekterte sin folkeskolelærer”. Og kona hans, Tone, var dotter til rektor Didrik Arup Seip ved Universitetet i Oslo. Men ”ønsket om å være til nytte i samfunnet og betydningen av å gjøre sin plikt ble podet inn i ham”. Desse ideala levde han opp til, og vi andre ”vil alltid være takknemlige for at vi har fått dele hans kunnskap, klokhet og vennlighet”, slik gode kolleger no skriv.

søndag 14. november 2010

Kulturrelativisme

Kulturrelativisme er læra om at kvar kultur har sin innebygde logikk og må forståast på eigne premissar. Opphavleg var det sosialantropologane som lanserte denne tanken, som sjølvsagt kan gje større innsikt i somme sider ved ein kultur. Meir problematisk vert det når ein går eit steg lenger og hevdar at skikkar og tradisjonar i einkvar kultur er like bra som tilsvarande i alle andre. Dette har no blitt eit aktuelt spørsmål med innvandring frå nær sagt alle land i verda, medan det før helst vart drøfta i tilknytning til kulturimperialisme, dvs ideen om at vestleg påverknad og påtrykk har øydelagt velfungerande samfunn i Afrika og Asia.

Ei lærebok som eksempel
Ei lærebok i historie for den vidaregåande skulen frå 1986, ”Verda 2 etter 1850”, skriven av Asle Sveen og Svein Aastad, er tydeleg prega av kulturrelativisme når det gjeld omtale av brudepris og fleirkoneri. Om skikken med å kjøpe seg koner står det følgjande: ”Dei afrikanske kvinnene såg ikkje på brudeprisen som diskriminerande; prisen understreka fellesskapet mellom to familiar og at mannen meinte alvor. Misjonærane og koloniadministrasjonen i fellesskap prøvde å få slutt på dette. Det førte til at ekteskapa vart meir ustabile, og både kvinnene og barna fekk eit utryggare tilvære.” Og fleirkoneriet vert i læreboka forklart og forsvart slik: ”Ein mann med fleire koner fekk fleire barn, og barna vart rekna som ein garanti i alderdommen. Mange kvinner såg på fleirkoneri som ei avlasting, for då gjekk det fleire år mellom fødslane”.

Brudepris – teori og praksis
Forfattarane kan ikkje ha tenkt særleg langt, for tre koner til kvar rikmann gjev konemangel og barnløyse for dobbelt så mange fattige, som er endå meir avhengige av barn for ein trygg alderdom. Og at brudepris er ein garanti for kvinna sin status og velferd, er også høgst usikkert. Arne Olav Øyhus, professor ved Høgskulen i Agder og nettopp omtalt i Vårt Land, gav i 1986 ut boka ”Kawacha” (Kvit mann) etter å ha vore fange hos SPLA-geriljaen i Sør-Sudan. Han fortel der at han eingong konfronterte høvdingen i Madi med eit vanleg syn på landsbygda i Afrika: Ei kvinne nedlesst av ei tung bør og med barn på ryggen; nokre steg lenger bak mannen, fri og frank. Kvifor var arbeidsfordelinga slik, undrast Øyhus, men det spørsmålet forstod ikkje høvdingen. I Europa er det mennene som vert rekna som sterkast og difor tek dei fysisk tyngste taka, heldt Øyhus fram, og skriv vidare:
Høvdingen mønstret meg nøye. Mente jeg alvor? Han la hodet litt på skakke, gjorde en gest som for å si: ”Hør nå her, gutten min.” På et rolig og behersket, men opplagt retorisk vis sa han: ”Du bruker skjorta di, ikke sant?” ”Jovisst”, svarte jeg. ”Det er kanskje derfor du kjøpte den? Det er det samme med kvinner – du kjøper dem for å bruke dem.”

Hinduistisk kvinneundertrykking
Ein historikar som slett ikkje er prega av den kulturrelativistiske tankegangen, er den framifrå forteljaren Torbjørn Færøvik, som har gitt ut mange glimrande reiseskildringar. I boka ”India – stevnemøte med skjebnen” tek han fram både dei gode og groteske skikkane i det hinduistiske India og korleis dei verste av desse vart endra under britisk styre. Til dømes var ”sati” (god hustru) ein heiderstittel på enkjene som let seg brenne saman med sin døde husbond, slik hinduismen tilrådde. I realiteten vart dei aller fleste bundne, somme jamvel til liket av mannen, før dei vart plasserte på bålet. Etter forbod mot å brenne gravide eller enkjer med små barn, kom eit totalforbod i 1829, men skikken heldt likevel fram lenge etterpå fordi britane ikkje hadde kontroll på landsbygda, der dei fleste budde. Om konekjøp i Afrika er ille, så er kravet om medgifte i indisk kultur langt verre. Medan middelklassen i det siste har hatt råd til å betale for kjønnsdiagnostikk med ultralyd og for abort av jentefoster, har drap av nyfødde vore alternativet til økonomisk ruin for fattigfolk. I den første landsomfattande folketeljinga i 1901 fanst det mange landsbyar heilt utan jenter. Dei var alle enten drepne eller svelta til døde. I 1999 skreiv Færøvik at India mangla 50 millionar kvinner på normal kjønnsfordeling. Og i tillegg kjem den systematiske diskrimineringa av lågare kaster og spesielt dei kastelause.

Misjonærar og moderne varslarar

I tidlegare tider var det misjonærar som skreiv alarmerande rapportar om ukulturen i framande land. Læreboka til Sveen/Aastad kritiserer dei for det: ”Misjonærane, som ofte bana vegen for imperialistiske framstøytar, må også ha noko av ansvaret for dei negative haldningane som gjorde seg gjeldande mot framande kulturar.” Men når ein historikar som Færøvik gjer det same, får han (velfortent nok) rosande kritikkar og Bragepris. Faren er at umenneskelege skikkar i andre kulturar berre blir sett på som spennende og eksotisk, og difor ikkje tatt på alvor som dei eklatante brot på menneskerettane dei faktisk er. Ikkje minst gjeld dette kastesystemet i India og det nesten like urettferdige klansystemet i Pakistan og Somalia, som innvandrarane derifrå har tatt med seg til Noreg. Kor mykje fokus har det vore på det? Til ganske nyleg, nesten ingenting.

onsdag 6. oktober 2010

Handhelsing og hygiene

Handtrykk – tillit og avsløring
I ei klassisk, norsk lærebok om pasientundersøking og journalskriving stod følgjande: ”En skikk som enda ikke er helt vanlig på norske sykehus, men som bør bli det, er at undersøkeren (studenten, legen) presenterer seg og tar pasienten i hånden. Et slikt håndtrykk har verdi fordi det kan være innledningen til et tillitsforhold mellom undersøker og pasient, et tillitsforhold som i alt legearbeid er av den største betydning. Et slikt håndtrykk har også verdi, fordi bare berøringen med pasienten hånd kan gi undersøkeren en rekke viktige, kliniske opplysninger (temperatur, tørrhet, tremor (skjelving) mm).”

Skikk følgje eller land fly?
Dette rådet følgde eg i min praksis, iallfall til eg byrja presentere meg for same person for andre eller tredje gong. Seinare reserverte eg handtrykket for dei eg såg sjeldan eller for første gong. Dette fungerte bra til for ti år sidan, då eg vart konsultert av ei arabisk kvinne, som plent nekta å ta meg i handa. Tolken forklarte at religionen forbaud henne å helse på menn. Det var greitt nok for meg, sjølv om eg syntest det var merkeleg at eit handtrykk var verre enn undersøking og berøring av resten av kroppen. Men i fjor vart det litt meir hurlumhei då velkomstkomiteen ikkje ville ta dronning Sonja si framstrekte hand, då ho var på besøk ved Islamic Cultural Center i Oslo. Spørsmålet vart stilt om det var våre skikkar eller andre sin religion som skulle ha forkøyrsrett. Frå gammalt av har vi jo hatt ordtaket ”skikk følgje eller land fly”, men kven som her var mest på heimebane, kan sjølvsagt diskuterast.

Trur ikkje på dropesmitte
Handhelsing har også ei hygienisk side. Frå studiet hugsar eg overlege ved Rikshospitalet, Jens Dedichen, som sette saka på spissen og sa at han ikkje trudde særleg på dropesmitte, men til gjengjeld ba oss om å vaske hendene grundig, iallfall etter å ha berørt ein pasient som var forkjølt. Og den kirurgiske handvask med klipping av negler, grundig børsting, såpevask i fleire omgonger og skylling frå fingrane og oppover, kravde både tolmod og robust hud. Med tanke på smittefare burde vi kanskje gå over til andre former for helsing, for vaskeservanten er sjeldan like lett for handa som på eit legekontor. Japanarane er kjende for å vere høflege, iallfall i fredstid, og dei står på ærbar avstand, legg begge handflatene mot kvarandre og bøyer seg djupt i vørdnad for den dei skal helse på. Liknande ritual finst i fleire asiatiske land. Under svineinfluensaen i fjor prøvde eg meg på ein annan, kanskje mindre vellykka variant i storebrors syttiårslag. Eg var litt febersjuk og slapp og gjekk rundt i selskapet med hendene på ryggen for ikkje i vanvare å trykkje alle framstrekte hender. Når eg nemnde smittefare, vart det brått litt betre plass omkring meg. Om ikkje eg vart sett på som reint spedalsk, var eg iallfall ein paria, urørbar. Ja, det var då. No høyrer vi i nyheitene at hundretusenvis av vaksinedosar mot denne influensaen vart til overs.

Barnehagen - ein arnestad for virus
Vi som kjem opp i bestefarsalderen får oppleve det same som småbarnsforeldre, nemleg hyppige luftvegsinfeksjonar. Barnehagar er gjerne nødvendige vilkår for høg sysselsetnad og for utjamning av omsorgsarbeidet i samfunnet, men dei er nokre veritable møtestader og veksthus for alle småkryp, som lus, virus og bakteriar. Blant førskulebarn er det slett ikkje snakk om handhelsing, men kroppskontakt over ein langt breiare skala, både kyss, klapp og klem. Smittepresset er enormt.

Allergi og autoimmunitet
Men vi treng litt motstand for å bli sterkare. Dette gjeld sikkert psyken, men endå meir for kroppen. Får ikkje musklane trening av tungt og meiningsfylt arbeid, må vi på helsestudio eller heime kompensere ved å ”pumpe” jern; i seg sjølv ein meiningslaus aktivitet. Og vi må jogge for å gje hjartet den treninga det går glipp av i godstolen eller bilsetet. I all vår reinsemd er det også fare for at immunforsvaret vårt får for lite å gjere. I allfall har allergi og autoimmune sjukdomar blitt stadig vanlegare i vestlege land. Det synest som om immunforsvaret blir vendt mot eige vev når det ikkje får reelle, ytre fiendar å kjempe mot. Men så enkelt er det nok ikkje, for visse infeksjonar kan også alarmere immunapparatet. Vi veit stadig svært lite. I mi tid studietid var det god latin å tru at magesår kom av stress. Då eit par australske legar på 80-talet reint tilfeldig oppdaga magesårsbakterien, Helicobacter pylori, tok det tid før alle forstod og godtok denne som eit nødvendig vilkår for sår i magesekken og tolvfingertarmen. Kanskje finn vi at virus og bakteriar er årsaka til også andre sjukdomar, som i dag ikkje blir rekna som smittsame. Og kor lenge vi har verksame antibiotika mot forskjellige infeksjonssjukdomar, kan ingen svare på. ”Qui vivra verra”, sa dei gamle romarane.

fredag 17. september 2010

Diktatur, demokrati, kompetanse og kommunikasjon

Som skipslege på KNM ”Narvik” i slutten av syttiåra var eg med på eit kurs om leiing, der deltakarane vart delte i grupper med kvart sitt byggesett og fekk i oppgåve å lage eit køyrety som var høgast mulig, men likevel i stand til å trille ein meter med eit fylt vassglas på toppen. Resultatet vart ulike vogner, frå dei solide, låge og stødige til dei meir høge og vaklevorne. Slik målet var formulert vart konkurransen sjølvsagt vunnen av ei gruppe som hadde konstruert eit av dei sistnemnde køyretya. Det var ikkje lagt føringar på organiseringa i gruppene, og denne varierte sjølvsagt mellom det svært demokratiske og tendensar til diktatur, der ein dominerande person var med. Men så kom cluet: Ein frå kvar gruppe skulle gå til ei anna og leie arbeidet der med nøyaktig same prosjektet! Som observatør var det særs underhaldande å sjå kva som skjedde når ein frå ei gruppe som hadde laga eit høgt køyrety, vart sett som leiar for ei gruppe bak eit mislukka prosjekt og vice versa. Ville gruppene akseptere leiaren når dei oppdaga av han var inkompetent som konstruktør i forhold til dei sjølve? Ville ein leiar greie å overtyde eit fleirtal om at hans idear var dei beste når dei faktisk var det? Ville det i det heile bli spørsmål om som var mest kompetent, som hadde eit vellykka prosjekt å vise til?

Poenget var ikkje å få fram kva som var best av diktatur eller demokrati, men å vise kva rett kompetanse, ikkje minst hos dei som bestemte, hadde å seie for resultatet; eller kanskje å vise at val av styreform burde vere avhengig av kven som hadde rett kompetanse i forhold til oppgåva ein skulle løyse. Viss ein hadde som premiss at kompetansen i krigføring stig med militær rang, kan det også hende kurset hadde som mål å få aksept for det militære hierarki. No er verken diktatur eller demokrati eintydige omgrep. Sjølv ein diktator er avhengig av større eller mindre grad av aksept blant sine undersåttar, og gata sitt parlament er berre eit penare uttrykk for ein mobb. Sjølv vårt representative demokrati er svært ufullkome som folkestyre, men likevel eit brukbart kompromiss, sidan allmannamøter og stadige folkerøystingar både er ei tungvint og kaotisk styringsform.

Problemet er likevel at politikarane kan ikkje vere kompetente på alle område. Sjølv om dei deler på oppgåvene og slik kan fordjupe seg på visse felt, har dei likevel gjort seg avhengige både av byråkratiet (”Javel, herr Statsråd”) og av ulike rådgjevingsorgan. Lærdomen frå kurset om leiing og kompetanse er aktuell på mange samfunnsområde, men i dag tenkte eg på den då eg las i Aftenposten at Teknologirådet tilrår at alle nordmenn bør få elektronisk tilgang på eigen pasientjournal. Sjølv om Teknologirådet sikkert er svært så kompetent på tekniske løysingar, er det slett ikkje sikkert at forslaget deira bør gjennomførast berre fordi det er teknisk mulig. Eit gode med elektronisk databehandling er at store mengder data blir lett tilgjengelege, og for svært mange, men sensitive, medisinske data bør tvert om vere det berre for den som treng dei, når det trengst. I Aftenposten kjem ein intervjua fastlege og ein av pasientane hans, som jobbar med IKT og datasikkerheit, med sterke innvendingar som går på utilfredsstillande personvern. Fastlegen understrekar også at journalen kan bli svekkja som arbeidsreiskap, viss den må skrivast med tanke på at den kan bli lesen av pasienten sjølv og andre som blir gitt innsyn, utan at dei får hjelp til å tolke det som står der. Dette er synspunkt som legg vekt på viktigare omsyn og også byggjer på kompetanse, slik eg ser det.

Teknologirådet foreslår at tilbodet blir innført gradvis, først med tilbod om prøvesvar, medisinoversikt og tilvisingar. Det høyrest tilforlateleg ut, men berre for dette formålet måtte alle journalsystema, både på sjukehus og i allmennpraksis, truleg fornyast totalt, fordi dei ikkje er laga med tanke på allmenn tilgang. Direkte elektronisk kommunikasjon mellom pasient og fastlegekontor er likevel etablert mange stader, og ei vidareutvikling av dette vil truleg vere til hjelp for begge partar og innebere ei nyttig rasjonalisering. I dag kastar altfor mange bort altfor mykje tid på venting i telefonen og opplever generelt for dårleg kommunikasjon, både når det gjeld timebestilling, prøvesvar og andre tilbakemeldingar. Dette gjeld for legane, men sjølvsagt i endå større grad for pasientane.

onsdag 2. juni 2010

Søknad om medlemskap i Palestinakomiteen

Dagsnytt Atten er eit kvalitetsprogram, sjølve flaggskipet for nyhende i NRK-radio, der representantar for ulike syn får kome til orde, og der alle legg vinn på å få til ei fruktbar meiningsutveksling som gjev oss innsikt i sakene som blir diskuterte.

Slik var det ikkje i går kveld, då temaet var den israelske militæraksjonen mot båtkonvoien til Gaza. Deltakarane stod nesten alle for same syn, og programleiar Eva Nordlund representerte ikkje noko kritisk korrektiv, snarare tvert om.

Det var difor ingen som stilte dei verkeleg interessante spørsmåla: Kvifor er det så maktpåliggjande for Israel å hindre at palestinarane får inn forsyningar sjøvegen, når Israel sjølv siste året har late eitt tonn med varer per person passere eigne grenseovergangar til Gaza? Kven står bak dei forskjellige gruppene som organiserte båtkonvoien? Kvifor let redaksjonen i NRK sitt eige dokumentarprogram, ”Brennpunkt”, fotograf Bjørn Holmgren vere att på Kypros, i staden for å sende han med den tyrkiske båten ”Mavi Marmara”? Kva rolle har tyrkiske islamistar hatt, både AKP som sit med regjeringsmakta, og organisasjonen IHH, som var medarrangør for konvoien?

I staden var heile ”skrekk-kabinettet” av Israel-kritikarar innkalla for unisont å fordøme denne staten og det den står for. Alle desse vart presenterte som fagfolk eller objektive observatørar, men den som følgjer det minste med i debatten om Midtausten, veit frå tidlegare utsegner kva dei står for. Og dei leverte varene, både den naive, israelske ”fredsaktivisten” Angela Godtfrey-Goldstein, ein kvinneleg variant av komiske Ali; via telefonen den glødande Mads Gilbert, Kirsten Belck-Olsen frå Norsk Folkehjelp, historikaren Jørgen Jensehaugen og Midtausten-korrespondent Sidsel Wold, som alle uttalte seg med heilag harme om situasjonen i dei palestinske områda. Mali Steiro Tromsmoen frå Sosialistisk Ungdom fekk forkynne sin bodskap om boikott, rett nok med litt innvendingar på akkurat dette punktet frå Henrik Asheim (Unge Høgre), før den store ”debatten” starta mellom Jan Egeland frå NUPI, professor og ”ekspert” Hilde Henriksen Waage, statssekretær Gry Larsen (tidlegare AUF-leiar) og forfattaren Edvard Hoem, som hevda Israel har erklært krig mot folkerett, ytringsfridom og sanning og vil svelte ut og plyndre det palestinske folket. Men debatt vart det ikkje, for ingen sa dei andre i mot. Dei berre kappast i svartmaling og fordøming av Israel.

Tilsynelatande litt konstruktiv var Egeland, som ønskte å tvinge fram ei løysing som kunne tilfredsstille begge partar. Men om internasjonale styrkar i FN-regi kan hindre våpen til Hamas når dei ikkje har greidd å stanse gjenopprustinga av Hizbollah, kom han ikkje inn på.

Redaksjonen sitt alibi var Conrad Myrland frå MIFF, som møtte Gilbert og Belck-Olsen til duell, dvs 2 mot 1, eller rettare 3 mot 1, for programleiaren let han knapt kome til orde, vifta han av og avbraut han, medan dei andre fekk snakke så lenge dei ville. MIFF vart introdusert som ein proisraelsk interesseorganisasjon, og Gilbert fekk kalle den ”Med Israel for krig” utan påtale.

Programleiar Eva Nordlund la med det einsidige utvalet av deltakarar, vinklinga og sympatiane sine, som ikkje let seg skjule, inn ein sterk søknad om æresmedlemskap i Palestinakomiteen.