onsdag 18. november 2009

Carlsen & Co

Eliten
Sist laurdag gjekk Magnus Carlsen til topps på lista over beste sjakkspelarane i verda; sjå http://chess.liverating.org/. Onsdag fylgde han opp med å bli verdsmeister i lynsjakk, der kvar spelar berre har tre minutts tenkjetid på heile partiet, pluss to sekund pr trekk. Med 31 av 42 oppnåelege poeng var han best i kobbelet av stormeistrar som møttest i Moskva. På andreplass med tre færre poeng fylgde regjerande verdsmeister i vanleg sjakk, indaren Viswanathan Anand, som måtte tole to tap mot Magnus. Det er heilt utruleg at ein attenåring frå vesle Noreg har nådd slikt nivå i ein sport med prestisje i folkerike land som Kina, India, USA og Russland. Og Herøy har faktisk ein ørliten aksje i suksessen til Carlsen, sidan Hans Arild herifrå var ein brikke i spelet for å få på plass sponsormidlar til ein personleg trenar, då Magnus (= den store) var ganske liten.

Medan Magnus er ein mann av få ord, kan det same neppe seiast om sjakkentusiast og historikar Hans Olav Lahlum, som sist veke var gjest hos ”Viggo på lørdag”. Lahlum har på eit par år gitt ut fleire tjukke bøker, sist biografien ”Håkon Lie. Historien, mytene og mennesket”. Kjølås skriv i dag i Sunnmørsposten at ”boka er i meste laget ordrik”. Ja, kanskje fortener Hans Olav same vennlege åtvaring som stortingspresident C.J. Hambro i si tid fekk: ”Du skal ikke bedrive ord!”

Allmugen
Eg kan knapt skryte på meg noko nært kjennskap til korgje av karane, sjølv om eg stod ringside i Moss sommaren 2006 og såg Magnus detronisere Simen Agdestein som Noregs beste sjakkspelar og dessutan har møtt fargeklatten Hans Olav Lahlum fleire gonger, men aldri over brettet. Nei, eg er bokstaveleg talt ein tredjeklasses spelar. Difor høvde det godt at eg var med på ei miniturnering i botnen av Eiksundtunnelen i februar i fjor, for då vart det sagt at aldri har sjakk blitt spelt på eit lægre nivå! Men som i fotball kan ein møte interessante motstandarar også i dei nedre divisjonane. Ein norsk verdsmeister i lynsjakk gav meg difor inspirasjon til å skrive eit par epistlar om mindre kjende sjakkspelarar. Men herøyværingar lyt stå på vent, sjølv om Aage og Johan, dei to syskenbarna med kreative Gjerde-gener, begge er fargerike nok. Aage har jamvel spelt mot Kasparov, den beste sjakkspelaren gjenom tidene. Lat meg heller ikkje gløyme losbåtførar Paul Goksøyr, som debuterte i NM 2004 med premieplass, 72 år gammal!

Nybegynnar
Mi begeistring for sjakk starta i Peta-garden på Runde. Der heldt ein niåring privatskule for sin tre år yngre nabogut. Svein vart faktisk lærar på rett, men er mest kjend som nestor i kormiljøet og dirigent for Con Moto og Eiksundsamklangen. Kanskje er Svein streng også med songarane sine, men han låser dei neppe inne i potetkjellaren, slik eg vart viss eg ikkje kunne leksa. Svein kom frå ein svært musikalsk familie og vart med god grunn kalla ”Toni” av Oluf Runde, som fann treffande utnamn på dei fleste. Song og musikk var difor sjølvsagde fag i førskulen, men på pianokrakken kom eg syrgjeleg til kort. Det gjekk betre då Svein seinare lærte meg å spele sjakk. Der kunne eg etter kvart ta kampen opp mot læremeisteren.

Sjakkspelande sunnmøringar
På Eids Gymnas møtte eg i 1966 mitt alter ego i ein kar frå Stordal med same fornamn, fødselsdag og –år som eg. Han gjekk likevel alt sisteåret på engelsklinja, men var like flink i matematikk og sjakk som i språkfaga. Så fekk han då også beste karakter både i matematikk, engelsk og norsk til eksamen. I 70-åra sette han eigenhendig opp huset deira på Stranda og fekk dermed vist at han meistrar meir enn teori. Og hadde ikkje han presentert meg for ein Firda-russ og presteson frå Solund (eig. Stavanger), er det ikkje sagt Ole Arild hadde blitt herøyværing.
Året etter vart eg kjend med to førsteklassingar frå Vanylven. Den eine var firmenningen min, Arne Redse frå Rovde, og den andre var son til kunstmålar Ansgar Leiten frå Eidså, som er kjend frå fleire kurs i regi av Herøy kunstlag. Arne gjekk reallinja og fekk overta lærebøkene mine i fysikk og matematikk. Att på handelen fekk han boka ”Stormestere spiller sjakk”, for at ho ikkje lenger skulle freiste meg. Odelsguten Arne vart til liks med Garborg bondestudent i Oslo, der realisten las latin, gresk og hebraisk og seinare jamvel tok doktorgraden i teologi. Han er no høgskulelektor i Volda og lærar på Fjellhaug.
Gerhard Leiten var ikkje like flittig som elev, men som sjakkspelar var det ingen på Eid som gjorde han rangen stridig. Han var dessutan musikalsk og spelte piano i Eid spelemannslag saman med husverten min, likkistesnikkaren Ivar Mehl. Dit kom Gerhard ofte, for hos Mehl budde også klassekameraten hans, Hermann frå Ljøsne i Lærdal. Hermann spelte ikkje sjakk, men gitar. Eg nemner han likevel fordi han vart journalist, seinare forfattar, og har skildra miljøet i den litt sjølvbiografiske romanen ”Nordvegen” (Ashehoug 2003). Han har elles fått Sunnmørsprisen for boka ”Han gjorde det” og har sjølv gjort sunnmøring av seg, no busett i Sykkylven, heimbygda til kona hans. Gerhard Leiten har som psykiatrisk sjukepleiar prøvd å forstå menneska sine sjakktrekk gjennom livet. Det kan vere endå verre enn å analysere brikkene sin gang på brettet.

Framhald fylgjer, m.a. om ”Spillet i mitt liv” av André Bjerke og om møbelhandlaren frå Florø, som var tilhengar av Dybwad Brochmann og gav meg boka ”Det pengeløse samfunn”, som han sjølv hadde skrive.

torsdag 5. november 2009

Raudblyant og blåmåndag

Tidlegare redaktør Rise i Sunnmørsposten greip visst til raudblyanten når han fann for mange skrivefeil i avisa, og i Aftenposten har Per Egil Hegge hatt si språkspalte i mange år. Stundom er det freistande å ta etter, sjølv om hovmod som kjent står for fall. Førti års samliv med ein filolog har lært meg at språk er viktig, også som kjelde til frustrasjon. Dei som kan sin grammatikk, gremmer og lir seg gjennom setningane når kommaet kjem på feil plass og syntaksen sviktar. Med retteprogram har sjølvsagt skrivefeila blitt færre, men fire typar feil går stadig att.

Vi mindre stødige slenger ned på eit komma når vi treng ein pustepause undervegs i setninga. Hovudregelen er likevel grei: Det skal vere komma mellom fullstendige setningar, dvs dei med både subjekt og verbal, men ikkje når hovudsetninga blir følgd av ei leddsetning.

Og/å-feil er også ein gjengangar. Infinitivsmerket ”å” skal stå føre eit verb i infinitiv; f.eks. å lese. ”Og” er derimot ein konjunksjon (bindeord; jamfør det engelske ordet ”conjunction”), som blir brukt for å binde saman to ord eller setningar.

Også journalistar kan ha problem med å skilje mellom svake og sterke verb, særleg på nynorsk. For ikkje å hengje ut nokon namngitt person, vil eg vise til eit par leiarartiklar i Sunnmørsposten. Desse er oftast særs velskrivne, men sjølv dei beste kan ta feil.
31. oktober stod det i siste avsnitt om ”småprodusentar som bygg seg opp”. ”Byggje” er eit svakt verb, og presensforma er sjølvsagt ”byggjer”, men i vår dialekt er siste konsonanten (r) stum, og difor er det lett å skrive feil. Ei anna fallgruve er verb med sterk bøying på bokmål og svak på nynorsk. 3. november stod det at ”Abdullah trakk seg som motkandidat”. Det er korrekt på bokmål, men sidan artikkelen elles var på nynorsk, skulle det stått ”trekte”.

Ordstillingsfeil, som i setninga ”det å delta i sjølv eit slikt val” frå sistnemnde leiar, skjer ofte når vi forandrar litt på ei formulering. ”Sjølv” er her enten unødvendig eller feilplassert.
Feil syntaks er svært vanleg når vi snakkar. Blant politikarane var C.J. Hambro kjend for å halde styr på bisetningane og innskota, sjølv om desse vart mange, medan Gro Harlem Brundtland stundom gjekk i surr når setningane vart for innfløkte. I skriftleg arbeid fell det lettare å lage meiningsfylte setningar med samanheng og logikk, sjølv om vi nokon kvar kan ha ein dårleg dag eller blåmåndag.

mandag 2. november 2009

Skrefsrud, Hodne og French

Skrefsrud
”Kerap – jungelfolkets høvding” er tittelen på ei barnebok om Lars Skrefsrud, straffangen som vart språkforskar og starta Santalmisjonen. Som fattig husmannsgut frå Fåberg med ein alkoholisert far fekk Skrefsrud ein vanskeleg start i livet. I ungdomstida kom han sjølv bort i fyll og tjuveri og vart dømd til fire år på Botsfengslet i Oslo. Tida der vart ikkje berre til bot, men også til betring. Han vende om og byrja å studere språk for å bli misjonær. Med fortid som fange fekk han avslag då han seinare søkte på Misjonsskulen i Stavanger, men andre vegar opna seg for han til vidare studium og misjonsteneste. Han lærte seg etter kvart heile 18 ulike språk. Denne givnaden hans kom santalane til gode. Han vart deira Ivar Aasen og skapte eit skriftspråk på grunnlag av talespråket. Han gav ut både grammatikk, salmebok og dei fire evangelia på deira eige språk. Med god grunn vert han rekna som ein av dei største språkforskarane Noreg har fostra. Skrefsrud døydde i 1910 og ligg gravlagd i Benagaria i India. Minoritetsfolket santalane har i dag si eiga kyrkje med 150 000 medlemmer.

Hodne
Misjonær Olav Hodne skreiv denne interessante boka alt i 1952, men ho kom i ny utgåve på Lunde forlag i 1990. I mellomtida (1967) hadde Hodne tatt teologisk doktorgrad om misjon og sosiale reformer blant santalane på 1870-talet. Boka om ”Kerap”, namnet santalane gav Skrefsrud, gjorde slikt inntrykk at eg skreiv stil om ho til eksamen på framhaldsskulen. Sidan har eg vore merksam på Hodne, som på fleire vis følgde i fotspora til Skrefsrud; ikkje som språkmann, men som misjonær og leiar for hjelp til flyktningar og forkomne i Bangladesh og India. For dette vart han heidra både med Nansenmedaljen og St. Olavs Orden. Tre gonger nominerte Moder Teresa han som kandidat til Nobels Fredspris. Hodne døydde no 29. oktober, 88 år gammal. Odd Kvaal Pedersen gav i 1984 ut ein biografi om han, der tittelen talar for seg sjølv: ”Ildsjel, et portrett av Olav Hodne”.

French og French
Hilde Hodne French er dotter til Olav Hodne. Ho har vore leiar i både Norsk Organisasjon for Asylsøkjarar og For livsrett og menneskeverd og har såleis følgd opp faren sitt humanitære arbeid. Mannen hennar var engelsk vasskraftingeniør, og dei arbeidde med u-hjelp i Peshawar i Pakistan då guten deira, Joshua, var liten. Sjølv om Hilde Hodne French har vore øvste leiar i to profilerte organisasjonar, seier det litt om tida vår at namnet hennar berre gjev 3000 treff på Google, medan faren får 140 000 og sonen, ein 27-årig fallskjermjeger, heile 10 millionar. Men så har han også fått fem dødsdomar for noko han neppe har gjort. Det verkar iallfall usannsynleg at han og Moland med vitande og vilje skulle ha drepe sin kjentmann og sjåfør, som var leigd for å få dei trygt attende til Uganda. Ein drep vanlegvis ikkje den ein set si lit til i ein kritisk situasjon.
Desse glimta frå fire livshistorier startar på Botsfengslet i Oslo og endar førebels i fengslet i Kisangani. Der har nordmennene gitt hjelp til fleire medfangar, som for det vi veit også kan vere offer for eit korrupt rettsvesen. I Kongo er det våpna og ikkje retten som rår. Men underleg nok kan sjølv eit fengsel vere staden der ein startar eit meiningsfylt liv i teneste for andre. Det skjedde for Skrefsrud, og det kan skje igjen.

torsdag 8. oktober 2009

Framandfrykt?

Etter blasfemi- og hijab-sakene har Vårt Land på leiar- og kommentarplass prøvd å tolke den folkelege reaksjonen. Ein del sant og rett blir skrive om å skilje mellom viktige og uvesentlege ting, men forklaringane har også ein fellesnemnar, frykt for islam. Slik forståing er ikkje Vårt Land åleine om. Dei fleste media talar om framandfrykt, og somme skribentar legg også til rasisme. Analysen er likevel for enkel og vitnar om manglande bakkekontakt. Kjenslene til meinigmann er langt meir nyanserte og differensierte. Dei spenner over ein skala frå framandgjering via forarging og frustrasjon til den omtalte frykta, og kvar sinnsstemning er knytt til ulike forhold. Den mest aggressive kjensla, sinnet, er ikkje retta primært mot muslimar, men først og fremst mot eigne styresmakter.

I heimen vår er vi omgitt av kjende og kjære ting. Vi ordnar oss som vi vil utan innblanding frå andre. Ordet ”heimland” viser til at vi har eit liknande forhold til landet vårt. Når bybildet i stadig fleire strøk av Oslo ber preg av andre kulturar, synest somme det er fargerikt og flott, medan mange i staden kjenner seg framandgjort i sin eigen hovudstad. Det er ei vemodig og reell kjensle, sjølv om mange sikkert vil kalle det nyttelaus nostalgi, på linje med syting over andre synlege og gradvise endringar av samfunnet. Slike har likevel skjedd som naturleg følgje av tekniske nyvinningar og impulsar utanfrå og ikkje som ein konsekvens av innvandring. Det talsmenn for eit ”fleirkulturelt samfunn” ikkje forstår, er at innvandrarane har same behovet for eit kjent miljø og ein omgangskrets dei lett kan kommunisere med. Det går ikkje primært på religion, men på nasjonal kultur. Nyleg intervjua Aftenposten ein arabisk familie i Malmø. Dei var så nøgde over å ha fått nye naboar av eigen etnisitet i staden for (muslimske) familiar frå Somalia og Bosnia. Slik har innvandrargrupper i alle land søkt saman etter opphavsland, og dei som først budde i området, har flytta ut. Like barn leikar best. Samfunn blir skapt av felles kultur. Difor er det fleirkulturelle samfunn ei sjølvmotseiing.

Forarginga er nok retta mot både freidige muslimar, som krev særordningar for sine grupper, og styresmaktene, som så lett gir etter. Folk blir spesielt irriterte når det blir kravd eller praktisert at nordmenn må tilpasse seg muslimsk kultur og ikkje dei til vår. Som døme kan nemnast krav om halal-mat for alle innsette i fengsla. NRK-programmet Spekter viste 18. mars korleis skular i Oslo (av praktiske grunnar) serverer halal-kjøt til alle elevane, uavhengig av religionen deira. Sjølv bilde av Nasse Nøff vert fjerna. Fakta som kan støyte eller stemple, blir ofte underslått av media. Internasjonalt arbeider islamske land for å forby religionskritikk, og dropen som fekk begeret til å flyte over her heime, var forslaget om nytt uniformsreglement for politiet, på grunnlag av søknad frå ei kvinne om å bere hijab. Frå gammalt av har vi ordet ”skikk fylgje eller land fly”. Dei som ikkje er nøgde med våre skikkar, har oftast høve til å reise attende til heimlandet sitt, der dei kan ordne liv og samfunn etter ønskje; slik dei fleste meiner også vi bør ha rett til. Særkrav frå muslimar kan verke spesielt provoserande og hyklerisk, fordi ein ser dei som representantar for land med sterk undertrykking av annleis truande og tenkjande, der minoritetar må gå stilt i dørene for å unngå overgrep. Dei færrast har jo kome som politisk flyktningar, i opposisjon til kultur og styre i heimlandet. Også teikn til sviktande samfunnslojalitet og –moral ergrar. Aftenposten skreiv 15.06.08 at 352 drosjeeigarar hadde tent 552 millionar svart, 589 sjåførar 116 millionar, medan begge grupper i same tidsrom hadde fått 100 millionar i trygd. Årsaka er gjerne bakgrunn i samfunn organisert etter slekt og dermed manglande forståing for at velferdsstaten byggjer på solidaritet utover familien.

Frustrasjonen rettar seg oftast mot styresmaktene, som synest å ta meir omsyn til minoritetar eller til dei som enno er i fleirtal. Kvar gong slike saker kjem i fokus, får difor FrP eit lyft på meiningsmålingane. Heller ikkje media går fri folkeleg harme når dei påstår at integreringa går best viss vi er utydelege på våre krav og ideal og let vere å kritisere slikt vi ser på som ukultur.

Framandfrykt blir brukt om frykt for det som er annleis, men likevel ufarleg, slik at frykta i realiteten er grunnlaus. Spørsmålet er om det faktisk er tilfelle. Ein femtedel av kvinnene i Oslo seier dei er redde for å gå åleine ute om kvelden (Aftenposten Aften 22.09.08). Årsaka er sjølvsagt frykt for overfall eller valdtekt, som har auka i takt med innvandringa. 100% av alle overfallsvaldtekter siste åra er gjort av menn frå andre kulturar. Berre 2-3 prosent av befolkninga er muslimar, men i fengsla utgjer dei 30 prosent av fangane. Andre er redde for at muslimane skal bli så talrike at dei på demokratisk vis kan endre kultur og styresett. Pakistan, Irak, Somalia og Tyrkia har i snitt meir enn firdobla befolkninga siste seksti åra. Ein må difor rekne med sterkt innvandringspress frå folk i desse landa, sidan dei alt har ein fot innanfor her i form av slektningar. Muslimane er ikkje noko veik eller truga gruppe, men den som veks raskast både i Noreg og Europa. Både når det gjeld biologisk og kulturell reproduksjon er dei langt meir effektive enn den ny-liberale kulturen vår, i følgje sosiologen Sigurd Skirbekk (Norge IDAG 08.03.05). Ønskjer vi at tradisjonell kristen kultur og/eller liberal kultur skal rå grunnen, må vi sørgje for det sjølve og ikkje satse på import. Det paradoksale er at den kulturradikale eliten, som sterkast støttar innvandring, truleg vil få minst livsrom i eit muslimsk samfunn. Men sjølvsagt er dette funderingar i eit hundreårsperspektiv og ein kan frykte mange konfliktar etter kulturelle skilje før den tid.

Vox populi

Då Sunnmørsposten skrumpa til tabloid format, vart avisa meir lettlesen i dobbel forstand. I tronge tider har no ei heil spalte blitt bytt bort med ein blå, loddrett strek, og sidene har fått fleire og større bilde, men færre ord. Kanskje er dette ein god vri for folk i tidsklemma. Det må likevel vere lov å minne om at det er Morgenbladet, med mykje tekst og få bilde, som aukar opplaget. Taparane er takk og pris dei tradisjonelle tabloidavisene.

Viss regionavisa vår ikkje har råd til å halde seg med habile skribentar, kunne Sunnmørsposten gitt meir spalteplass til slike som skriv gratis og stundom både betre og rettare enn det profesjonelle journalistar presterer under tidspress. I staden har avisa skore ned på maksimal lengde på innlegg frå publikum, sett av færre sider til debatt og fyller ofte den knappe plassen med meiningane til ministrar og politiske aktørar. 8. oktober fekk kommunalminister Kleppa, stortingsrepresentant Gustafsen og lokalleiar i Europabevegelsen Grepstad ha den eine debattsida heilt for seg sjølv. Kvar blir det då av vox populi, folkets røyst?

Kanskje meiner Sunnmørsposten at ytringar og diskusjonar i hovudsak bør ha sin plass på nettet. Eldre personar blir nok då delvis ekskluderte. Det er synd, for det finst mange seriøse nettsider, der vesentlege samfunnsspørsmål blir tatt opp og debattert, medan papiraviser brukar plassen på pjatt. Kva til dømes Drillo Olsen har sagt om fotballagent Baardsen har ikkje allmenn interesse utan som slarv. Som eksempel på lesverdige internettsider vil eg nemne rights.no og document.no ; begge med stoff om innvandring og integrering som til nyleg vart underslått av andre media. Og ønskjer nokon å lese samfunnskritikk frå underskrivne, kan dei finne det på vaartheimland.blogspot.com.

Er Gud god og kristendom gagnleg?

På grunnlag av Mosebøkene spør Elias Vågnes (EV) i Smp 14. sept. om Jehova var ein kjærleikens gud. Til det er å seie at heile Bibelen er skriven av menneske og ber preg av det. Gudsbildet i Bibelen endrar seg etterkvart, frå det nokså primitive, der JHVH/Jahve//Herren angrar på at han har skapt menneske og dyr og vil utslette dei, til Jesu ord til Nikodemus om at Gud elskar verda og vil gje evig liv til dei som trur på Son hans.

Det største tankekorset for EV er at ”Jehova tek livet av sin eigen son”. Jesus ordla seg annleis; Joh 10.38: ”Faderen er i meg, og eg er i Faderen”, og Joh 10.18: ”Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det og makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.”
Einaste grunnlaget kristne har for å tru dette er to tusen år gamle vitnemål om Jesu oppstode.

Det kan verke logisk å skulde skaparen for alt vondt i verda, men det tek bort vårt eige ansvar. EV peikar på at den jødiske migrasjonen til Palestina førte til konfliktar og liding. Det er ikkje spesielt for Midtausten. Det spesielle er at jødane hadde større grunn til å bryte opp enn dei fleste emigrantar har hatt. Ansvaret for dette må ikkje minst europearar bere. Sionismen som ideologi var primært sekulær, sjølv om den også la vekt på historiske band til landet.

Eg er samd med EV i at arven frå Hellas la grunnlag for vitskap og folkestyre, men utan kristne munkar ville skriftene gått tapt. Menneske- og likeverd har derimot kristne røter. Slavehald og skikken med å setje barn på skogen vart det først slutt på i Europa då kristendomen fekk fotfeste.

Luther var barn av si tid, men likevel ein stor reformator. Han gjorde Bibelen tilgjengeleg for vanlege folk; noko som representerte ei enorm demokratisering. Ved å skilje åndeleg og verdsleg makt var han heilt på linje med EV i synet på teokrati. Og det var ikkje hans tilhengjarar som brende kjettarar, slik EV skriv; det var tvert om einskilde av dei som vart brende. I boka ”Forsvar for rationaliteten” (Informations forlag 2008) har den danske filosofen Kai Sørlander vist kva kristendomen har hatt å seie nettopp for utvikling av rasjonell tankegang.

Det er leitt at EV har møtt ei forkynning som har gitt han eit bilde av Gud som ”nidkjær og sadistisk”. Slikt bør barn bli spart for. Men for meg synest det som om samfunn bygd på ateistisk ideologi har gitt sadismen langt større spelerom, slik ein har sett det både under nazismen, kommunismen og maoismen.

onsdag 7. oktober 2009

Mygg versus kamelar

Journalistar skriv om å sluke kamelar når politikarar som del av eit kompromiss må røyste for noko dei eigentleg er i mot. Dei veit kanskje ikkje at uttrykket har bibelsk bakgrunn, men ei heilt anna tyding. Jesus skulda nemleg farisearane for å sile frå myggen, men sluke kamelen; dvs bry seg om bagatellar, men oversjå det som er langt viktigare.

Det gjer media stadig vekk, sist Sunnmørsposten 6. oktober, når dei igjen hakkar på jordmora som ikkje likte bannskap. For fire år sidan sende ho konfirmantar brev med religiøst innhald, må vite! Eg som trudde gåver og gudsord var velkomne og passande på ein slik dag, sjølv frå ei jordmor. Men i vår individualistiske kultur er det kanskje viktigare å ikkje bry seg, å ikkje trengje seg på.

Så til det alvorlegaste klagemålet mot jordmora, som Sunnmørsposten har sett i vår tids gapestokk. Ho har ”sendt sensitive journalopplysningar til femtenåringar” og må difor ha notert og tatt vare på fakta frå fødslane der ho var jordmor. Dei sensitive data er oppgitt å vere fødselsdag og –tidspunkt. Å få vite tidspunktet for eigen fødsel kan knapt skade nokon, og fødselsdagen sin kjende vel femtenåringane frå før.

Eg ser at Helse Sunnmøre HF har ein databrukarkontrakt som forbyr lagring av slike data utanfor dei godkjende personregistra. Men kirurgar og gynekologar har i alle år fått kopi av journalnotata frå operasjonane dei utfører. Desse lagrar dei til bruk som dokumentasjon på kvalifikasjon ved seinare søknad om spesialistkompetanse. Eg hadde sjølv lenge ei samling slike ståande i ein ringperm, faktisk nettopp frå Ålesund sjukehus. Og då eg i 1977 byrja som distriktslege i Herøy, fanst det ikkje journaldata eldre enn 20 år. Arkiv frå tidlegare år hadde legane tatt med seg, som sine personlege notat.

I dag er største trugsmålet mot teieplikta lett tilgang til legejournalen via dataterminalar, som finst overalt på sjukehusa. For helsepersonell kan også moralen vere dårlegare enn hukommelsen. Medisinske opplysningar blir dessutan spreidde via legeerklæringar, til m.a. NAV og private og offentlege forsikringsselskap. Men både Sunnmørsposten, Helse Sunnmøre HF og Statens helsetilsyn prøver visst å tette lekkasjane ved å få på plass nygla i staden for å late att botnlukene. Men kanskje agendaen er ein heilt annan. Det er det pikante som sel i ein tabloid kvardag. Og folka i helsetilsynet har heilt sidan Karl Evang si tid reagert krakilsk når dei får ferten av kristenmanns blod.