fredag 4. desember 2009

Sjakk mot Bøyum, Bogoljubow, Brende, Bern og blinde

Bøyum
I syttiåra var det eit sterkt sjakkmiljø i Florø, sentrert omkring den sympatiske elitespelaren Øystein Hjertenes, som var med på Noregs lag under sjakk-OL i 1976. Som turnuslege ved sjukehuset i Florø på den tida fekk eg faktisk litt nytte av sjakken. Overlege Bøyum på medisinsk avdeling der verka litt brysk på ein skjeggete student frå det radikale studentmiljøet i Oslo. Som tidlegare krigsfange hadde sikkert sett nok av politisk ekstremisme. Men i Tyskland hadde han også lært seg sjakk av medfangar frå Aust-Europa, der sjakkinteressa alltid har vore større enn i vest. Og då han forsto at eg ikkje var nokon revolusjonsromantikar, men i staden var interessert både i medisin og sjakk, kom vi godt overeins. Etter at eg vann eit parti vi spelte på ei roleg vakt, vart han reint kameratsleg.

”Bogoljubow”
Ved eitt høve fekk vi inn ein gammal mann, som m.a. var sterkt plaga av treg mage. Ein dag hadde han jamvel klatra opp på toalettsetet og sett seg på huk der for lettare å få av seg nokre knollar. Vi trudde han også var treg i tankane, heilt til ein medpasient fekk han i tale om ting han var interessert i. Då kom det fram at i yngre år hadde han spelt remis (uavgjort) mot den russiske stormeisteren Bogoljubow under ei simultanturnering i Bergen. Bogoljubow var i mellomkrigstida nest best i verda, berre slått av Aljekiin. I staden for medisin fekk den akrobatiske oldingen brett og brikker og kom seg då fort! Gamle kunstar var slett ikkje gløymde. Både Bogoljubow og Aljekin emigrerte elles til Vest-Europa før Stalin forstod at sjakkmeistrane i aust kunne kaste glans over Sovjet-Unionen.

Brende
Somme hugsar kanskje møbelhandlar Arvid Engen på Jessheim, som brukte lydbandopptak av fortrulege telefonsamtalar med nestformann Reiulf Steen i Arbeidarpartiet til politisk manipulasjon. Møbelhandlar Ole Røyseth Brende i Florø var også politisk interessert, men både i sjakk, politikk og forretningar var han reinhårig nok. Eg kjøpte sofagruppe og bokhyller av den opphavlege Hareid-mannen, og praten kom inn på sjakk. Seinare besøkte eg han heime, der eg fekk meg eit tap og til trøyst ei bok; ”Det pengeløse samfunn”, som han sjølv hadde skrive. I boka låg også eit særtrykk av eit foredrag han hadde halde i Sosiologisk Studiesirkel om ”Veien fram til en konfliktfri økonomi”. For det handla ikkje om plastkort i staden for kontantar, men om eit oppgjer med heile det kapitalistiske systemet; ganske overraskande tankar frå ein forretningsmann. I boka tok han til orde for eit samfunnsrekneskap basert på realverdiar i staden for pengeverdiar. Andre tema i studiesirkelen hadde vore: ”Dostojevskij –avgjørende ord til vår tid”, ”Mennesket er et hele” og ”BDB , den norske forgjengeren til Erich Fromm”.

Brochmann
BDB står her for Bertram Dybwad Brochmann (1881-1956). Kven var så han?
På Runde var det også ein ”Brochmann”. Som barn hadde eg spurt gamletante Karoline på telefonstasjonen kvifor han fekk det kallenamnet. Ho fortalde at han heldt med Dybwad Brochmann, som talde småkårsfolket si sak. No trefte eg på nytt ein som beundra Brochmann, og eg måtte finne ut meir om denne mannen.
Trettiåra var ei krisetid med store politiske endringar. Krig, jobbetid, konkursar og økonomisk samanbrot tiåra før hadde vist manglane ved kapitalismen, og klassekamp, revolusjon og borgarkrig, som i Sovjet, var ikkje noko freistande alternativ. Kvar stod Samfunnspartiet i dette bildet? I Store norske leksikon er Brochmann karakterisert som ein av dei mest særprega tenkjarane og samfunnkritikarane i Noreg på denne tida. Han skapte ei politisk rørsle bygd på kristent, sosialpsykologisk, økologisk og samfunnøkonomisk grunnlag, stifta Samfunnspartiet og var stortingsmann for partiet 1934-36. Som einaste representant der røysta han mot tvangssterilisering av taterane (Romani-folket), og han ville ikkje ha løn så lenge folk flest hadde så lite pengar. Han var mot NS og nazisme, men hausten 1940 skreiv han ei bok med nokre synspunkt som vart tolka som støtte til Tyskland. Han vart difor dømd i landssvikoppgjeret, men sat fengsla berre eit par månader. Dei økonomiske teoriane hans likna mykje på dei den norske nobelprisvinnaren Ragnar Frisch (morfar til Nadia Hasnaoui, programleiar i Kvitt eller dobbelt) seinare lanserte. Samfunnspartiet fekk heile 45 000 røyster ved valet i 1936, men berre ein representant, Sigurd Jacobsen frå Nordland; kjend som ”smeden frå Bleik”. Lokalt har også Anders Ryste frå Ørsta stått for same politiske synet.
Eit samfunn utan pengar som bytemiddel, som Brende gjekk inn for, er likevel nokså upraktisk og urealistisk. Men økologiske omsyn gjer at heller ikkje den globale kapitalismen og forbrukssamfunnet i si noverande form er særleg framtidsretta.

Blindsjakk
I Florø vart eg også kjend med ein vikarlege, Roald Mikkelsen, som slo meg i eit parti, sjølv om han sat med ryggen mot brettet og snakka med kona mi. Han hadde vore med i NM, men som adventist hadde han fått forkynt at sjakk ikkje var blant det spel som ”himmelen kunne godta”. Eg veit ikkje kva Jens prest seier til slikt; han som sjølv spelar sjakk, iallfall mot Johan og svigersonen! Det kjem kanskje an på omfanget.
Under NM på Røros i 2002 tapte eg først mot ein ung mann som sat i rullestol, sterkt prega av cerebral parese, og deretter på berre 18 trekk mot Tormod Prytz, som hadde gått på blindeskule i lag med Per Pettersen frå Fosnavåg. Den som har sett fysikaren Stephen Hawking, veit at skinnet kan bedra.
Dei beste sjakkspelarane har så godt visuelt minne at dei spelar like godt i blinde, somme jamvel mot fleire samtidig. Polsk-argentinske Najdorf spelte i 1947 mot 45 personar og tapte berre to parti. Noregsrekorden har Rune Djurhus, kollega og klubbkamerat med son min, med heile 13 parti mot gode motstandarar. Men det har også med trening og logikk å gjere. Jula 2001 spelte eg fem parti mot Hans Arild, son min, som vel attende i Oslo sette seg ved brettet, rekonstruerte partia og sende meg ein e-post med alle 472 trekka i rett rekkjefylgje.

Bern
I første artikkelen skreiv eg at Magnus Carlsen var første norske verdsmeister i sjakk. Då hadde eg gløymt psykologen og musikaren Ivar Bern frå Bergen, som vart den 17. verdsmeister i korrespondansesjakk, tidlegare kalla postsjakk. Medan ”lyn” er sjakken sitt svar på Formel 1, er korrespondansesjakk det stikk motsette. Kvalifiseringa til meisterskapen gjekk føre seg i åra 1989-95 og neste runde i tida fram til 2001. Finalen starta i 2002 og er ikkje ferdig enno, men alt i 2006 var striden om førsteplassen avgjort. Men Bern er likevel ikkje regjerande meister i ”sniglesjakk”. Den 18. verdsmeisterskapen vart ferdig før den føregåande! Så sjakk er ikkje berre for dei kjappe og kløktige, men og for dei trege og tenksame.
Internett har elles revolusjonert sjakk både for tilskodar og aktør. Ein kan i dag på fleire nettsider følgje turneringane trekk for trekk i det øyeblikk dei blir utførte, og motstandarar på eitkvart nivå, frå alle kantar av verda, er for handa døgnet rundt. Den som er smitta av spelegalskapen, må berre prøve å styre seg.