torsdag 7. juli 2011

Paul Zielke - den snille sersjanten

Året er 1943, og verdskrigen rasar. Men på ein sommardag med sol og blankt hav kan sjølv denne tida by på glimt av fred og idyll, som synet av ei tolv år gammal jente, i fineveret på padletur langs blankskurte berg i lånt kano. På land sit den unge eigaren og ser til at turen går trygt. Jenta er Jorunn Jakobsen, dotter til fyrvaktaren på Runde, og han som passar på, er Paul Zielke, sjefen for dei tyske flysoldatane på Kvalneset. Sekstisju år seinare karakteriserer Jorunn, no gift Mjønes, feldwebel (sersjant) Paul Zielke som ein heilt eineståande mann.

Andre vitnar om det same: Ein tilsett i Televerket har fortalt at han fleire gonger var på fyret for å reparere telefonar for tyskarane. Siste gongen tok flyvaktsjefen han med seg opp i radiostasjonen og fortalde kva frekvens dei sende på. Og telefonreparatøren la til: ”Den karen sparte livet til mange herøyværingar!”

Korleis var denne flyvaktsjefen, sersjant Paul Zielke? Kva historier blir fortalt om han? Kvar kom han frå og korleis gjekk det med han etter krigen?
Svara får du i denne artikkelen.


Tyskarar i Kvalsvika og på Kvalneset
Under krigen var det stasjonert tyske vaktmannskap i Kvalsvika og ved Runde fyr på Kvalneset. I Bygdesoge III av Herøyboka er dette omtalt på sidene 51 og 53-55. Til Kvalsvika kom åtte soldatar alt i juni 1940 og fekk husrom i stabburet og søre enden av stovehuset i Kleofasgarden. Der budde frå før dei tre ugifte syskena Gerhard, Pernille og Nikoline, på høvesvis 45, 40, og 34 år, og mor deira, som også heitte Nikoline. I Bygdesoga har soldatane fått god attest: ”Dei var høflege og for fint fram”. Dette gjaldt Ikkje minst leiaren deira, Paul Zielke, som raskt lærte seg å snakke norsk og ofte var med Gerhard på sjøen og Pernille i fjøset. Ein gong var han også med Gunnar Kvalsvik på drivgarnfiske etter sild med ”Fram III”. Då Petter Kvalsvik (”Steffa-Petter”) såg Zielke, den tyske kommandanten, ombord i båten til Gunnar, ropte han spøkefullt til skipperen: ”Skal du bort til England, ”Gonnja”?” Tretti år seinare skreiv Kåre Kvalsvik: ”Vaktsjefen Zielke kom folk til å hugse, ikkje berre for den sjøturen, men fordi han var ein rimeleg mann og gav inntrykk av å vere på folket si side”.

Til Kvalneset på Runde kom det ei gruppe på fem marinesoldatar under leiing av Erik Stein sommaren 1941, men dei reiste etter få veker. Men frå 1942 til krigen tok slutt var det heile tida stasjonert ei gruppe på 5-6 kystartilleristar, som budde i husværet til reservebetjent Johannes Goksøyr og heldt vakt frå sjølve fyret. Året etter vart dei supplert av 7-8 soldatar frå flyvåpenet, som tok inn i huset til fyrvaktar Jakobsen (1889-1977), der dei disponerte stova og gjesterommet. Dei meinige soldatane låg i køysenger på stova, gjesterommet vart brukt til kjøkken, medan sjefen fekk eit lite kammers som sitt rom. Sjefen var den sjølvsame Paul Zielke, som fram til då hadde vore stasjonert i Kvalsvika. Denne gruppa flysoldatar bygde seg sin eigen bunker med utkikksplass på Tua, litt nord og nedfor sjølve fyret. Paul Zielke hadde elles kjøpt ein færing av Nikolai Kvalsvik, og i fint ver rodde han ofte til Kvalsvika for å besøkje Pernille og Gerhard, som han hadde fått eit nært forhold til.

”Når krigen er slutt, får du pusset opp huset, og alt blir fint igjen.”
Jorunn Mjønes, yngste dotter til Anna (1892-1968) og Thorvald Jakobsen, var 12 år i 1943 og gjekk på skule i Runde, men i helgene og skuleferien var ho sjølvsagt saman med foreldra på fyret. Ho fortel at soldatane måtte gå gjennom kjøkkenet deira for å kome til sine eigne rom. Mor hennar tykte dei godt kunne ha tørka litt betre av støvlane før dei kom inn, og ho tok difor dette opp med Zielke. Han stod då heilt roleg og høyrde på henne utan å avbryte. Så sa han spakt: ”Når krigen er slutt, får du pusset opp huset, og alt blir fint igjen.” Då såg ho han som den ungguten han faktisk var og fekk slik godhug for han at irritasjonen var som blåst vekk. Zielke var også på andre måtar ein likandes kar. Han var både høfleg, korrekt og vennleg. På veg inn og ut av huset slo han alltid av ein prat. Dessutan hjelpte han dei med hesjinga. Under krigen var matauk viktig, og Jorunn fekk seg kaninar, som eit par av soldatane bygde bur til.

Zielke var godt likt også av soldatane han hadde kommando over. Han tok seg ikkje sjølv høgtideleg, men var kameratsleg og hjelpsam også mot dei. Etter fisketurar med færingen, var det han som laga fiskemat og serverte dei andre.
Men mellom dei to soldatgruppene på Kvalneset var det lite samkvem. Dei kom rett nok frå ulike våpengreiner, men det kunne også ha samanheng med at Zielke ikkje stolte på sjefen for kystartilleristane, som var ein overtydd nazist. Zielke lytta gjerne på radiosendingar frå London, viss han var åleine i bunkeren. Ein gong tusla det utanfor, og han skrudde fort til ein annan stasjon og treiv etter pistolen. Det var den andre kommandanten som kom på uventa besøk. Zielke trudde han var ute for å spionere og ville gjerne unngå liknande besøk for ettertida. Han sa difor til den andre at ved å dukke opp utan førehandsvarsel, kunne han ha blitt skoten ved eit mistak. Men fyrvaktaren og frue leit han derimot så fullt og fast på at han fortalde dei om denne episoden.

Sa frå kven som var nazistar
Sjølv er eg fødd i 1948, og frå midten av femtitalet likte eg godt å høyre dei vaksne fortelje frå krigsåra. Dramatiske ting som berre låg ti år attende, var truleg som hendt i går for dei som fortalde, i sær far min, Hans S. Runde (1904-1991)) og tanta hans, Karoline I. Runde (1890-1978). Ho var styrar på telefonstasjonen og heldt bokstaveleg talt alle trådar i bygda i si hand. Telefonsentralen var plassert i søre stova i huset hennar i Isak-garden, som bar namn etter far hennar. Vi budde i nabohuset. Tante Karoline, i daglegtale ”Ka’lia”, kom som følgje av stillinga si i hyppig kontakt med tyskarane på Kvalneset, ikkje minst med Paul Zielke, som ofte kom innom, sjølv om det alt i 1921 var strekt telefonlinje fram til fyret. Slik vart også far kjend med Zielke og kom etterkvart til å lite på han. Truleg hadde det også ryktast frå Kvalsvika at Zielke var ein bra mann. Også på Runde syntest folk vel om han og med god grunn. Til dømes sa han frå kven dei 1-2 nazistane på Kvalneset var, slik at folk kunne vere på vakt overfor dei. Far heldt Paul Zielke for å vere ein klok kar, som det gjekk an å snakke med om det meste og som også hadde glimt i auga og ein humoristisk replikk, slik det går fram av eit par andre historier:

”Nå kan du ta deg en tur til England”
Far var skipper på ”Havbris”, ein båt på 42 fot, som dei dreiv vintersild- og Lofot-fiske med under krigen. Også utanom fisket måtte dei regelmessig få stempla skipspapira hos den tyske hamnekapteinen i Ålesund. Det tykte far var tungvint og spurde difor der om ikkje Zielke kunne gjere det. ”Kjenner du han?”, spurde hamnekapteinen, lyste opp i eit smil og sa ”Ja, det skal vi ordne”. Han skreiv eit brev stila til Zielke og la ved skipspapira. Noko seinare låg far med båten og lossa sand ved kaia på Runde, då Zielke dukka opp. Far stoppa han og fortalde om brevet han hadde fått med seg. ”Vi går ombord”, sa Zielke, sette seg i kahytta, las brevet, skreiv under papira og framdaterte underskrifta for ytterlegare nokre gonger før han sa spøkefullt: ”Nå kan du ta deg en tur til England”. Far, som då var førti år og far til fire, meinte nok han var for gammal for det. Sjølvsagt forstod også Zielke at største risikoen var av eit anna slag. Viss far hadde kome ut for kontroll, ville det blitt avslørt kva Zielke hadde gjort.

”Du kunne skutt mange tyskere”
Endå meir vågale var begge to ved eit seinare høve. Folk på Runde heldt enno geiter, men dei var blitt så ville at det var uråd å fange dei inn om hausten. Far ynskte difor å skyte ei geit, men hadde sjølvsagt inga børse. Ein gong Zielke var heimanfor åleine, spurde difor far om han kunne få låne geværet hans for dette føremålet. Zielke var litt betenkt, men noko seinare hadde han likevel med seg våpenet og patronbeltet med 3-4 magasin á fem skot. Han lurte på kor mange magasin far hadde bruk for. Det måtte vel greie seg med eitt, meinte far, som fekk overta både gevær og fem patroner, men på eitt vilkår: Han måtte ikkje levere det attende viss Zielke kom til gards i følgje med andre tyske soldatar. Far var heldig og trefte geita med første skotet. Vel ei veke seinare kunne han difor levere børsa og fire skot attende. Då fekk han følgjande kommentar: ”Du kunne skutt mange tyskere”. Far fortalde at Zielke i tillegg til geværet også hadde med seg pistol, for soldatane fekk ikkje lov til å gå kring utan våpen. Ein gong far var på Kvalneset for å reparere telefonlinja, hadde tyskarane der fått uventa besøk av overordna som kom sjøvegen for å inspisere våpna. Desse stod då oppstilte langs hovudveggen av huset. Det hadde truleg ikkje gått så bra for Zielke viss han ved ein slik kontroll ikkje kunne gjere greie for geværet sitt.

”Tror du ikke jeg vet hva et anodebatteri skal brukes til?”
På kjøkkenloftet, på skrå over telefonstova, hadde tante Ka’lia eit radioapparat ho ikkje hadde levert inn. Dette visste alle naboane om, og når klokka nærma seg sju om kvelden, kom dei fleste karane frå gardane omkring for å høyre sendinga frå London. Forfattaren Alfred Hauge, som då var lærar ved Fredtun, Frikyrkja sin ungdomsskule (folkehøgskule), var ein gong på Runde denne tida, og har skrive med undring i sjølvbiografien sin om kor openlyst dette skjedde. Men historia sluttar ikkje med det. På denne tid var det elektrisitetsverk i Goksøyra, men ikkje i Runde, som først fekk krafta i 1951. Det var difor ein batteriradio Tante hadde, og batteri var ikkje lett å få tak i. Ho ringde difor til fru Jakobsen på fyret; kanskje gjekk det an å be Zielke om hjelp? Og Anna Jakobsen gjekk rett til Zielke og spurde om han kunne kjøpe eit radiobatteri neste gong han var i Ålesund, men ho nemnde ikkje kven som trong det. Truleg fekk ho korkje ja eller nei til svar, for etter ei tid spurde ho han korleis det vart med batteriet. Då svara Zielke at det hadde han alt kjøpt og overlevert til rette vedkomande. Overfor familien undra Anna Jakobsen seg over korleis han kunne vite kven det var. No trudde ho kanskje fleire av tyskarane på Kvalneset visste om radioapparatet utifrå ein kommentar Jonna hadde høyrt. Ho strikka kufter og selde til tyskarane, som var ofte innom. Frå stova hennar nede på Sanden hadde dei utsikt til telefonstasjonen oppe ved fjellfoten, og dei hadde kommentert ”trafikken” dit like før klokka sju. Elles synest eg å hugse at tante Ka’lia fortalde at ho sjølv hadde spurd Zielke om hjelp. Då han kom med batteriet ein mørk haustkveld, vart han observert av ni år gamle Marta, niesa til far. Ho alarmerte far sin, Nils Runde (1902-1967), som gjekk og kikka inn glaset hos Tante. Då han såg at det ”berre” var Zielke som var på besøk, fann han ingen grunn til uro og snudde heim att. Zielke og Tante hadde eit gjensidig godt forhold. Ofte kunne han verte våt og kald på føtene når han gjekk i snø eller regn over fjellet til Runde. Kom han innom telefonstasjonen hos Tante, fekk han ta av seg på beina medan ho tørka strømpene og skorne framfor komfyren. Men når det galdt batteriet, sa han ein smule skarpt: ”Tror du ikke jeg vet hva et anodebatteri skal brukes til?” Korkje far eller Tante var likevel redde for at han skulle varsku andre om radioen. Men når ”Svartemarja”, båten til Gestapo i Ålesund, vart observert på fjorden, var far snar til å pakke inn radioen og gøyme han oppe i urdene eller grave han ned i grisegarden i fjøset.

Hagla i urda
Også andre på Runde fekk nytte av Zielke si vennlege innstilling. Ved eitt høve greidde han å bagatellisere beslag av ei hagle. Det var Leonard Runde som åtte hagla, men i staden for å levere inn våpenet, hadde han pakka det godt inn og gøymt det i ein heller i Storevika. Kanskje visste sonen Lars (1926-93) omlag kvar hagla var gøymd. Sommaren 1944 fann iallfall han og nokre jamaldringar våpenet, pussa det og skaut litt for moro skuld nokre gonger utover hausten. Ein søndag i januar 1945 var Lars saman med kameratane Georg Bøe (1926) og Petter E. Runde (1928) så opptatt med hagla at dei vart overraska av to tyske soldatar i kvite kamuflasjeklede, som stod berre ti meter unna og sikta på dei med maskinpistol. Dette var soldatar som kom utanfrå, kanskje knytt til Gestapo, og som var på jakt etter våpen smugla inn frå Shetland. Gutane la roleg frå seg hagla og gjekk derifrå utan å bli stansa. Dei kvitkledde tok med seg våpenet til Kvalneset og konfronterte Zielke med våpentreninga i hans nærområde. Dei kravde at det måtte takast gissel blant befolkninga. Zielke vart med dei til Ålesund og greidde å overtyde sjefane der om at dette berre var barnestrekar. Han stilte seg sjølv som personleg garantist og gissel i staden for folk frå Runde. Mor til Lars gav han då ein pose egg som takk.

Zielke var klar over at han opererte i eit grenseland og var sjølv på vakt, særleg overfor dei ”kvitkledde”. Kanskje spionerte dei også på han. Når slike var komne til Runde, sov han difor alltid med pistolen under puta. Dette fortalde han til Jakobsen og la til: ”De skal ihvertfall ikke få tatt meg levende”.

”Krigen er slutt. La oss takke Gud”
Zielke og dei andre tyske soldatane reiste frå Runde i slutten av mai 1945. Siste krigsåret budde familien Jakobsen i Goksøyr. Då dei flytte ut att på fyret, såg dei at Zielke den 8. mai hadde skrive dette på den store veggkalenderen sin: ”Krigen er slutt. La oss takke Gud”.
Folk på Runde visste at Zielke var frå Nauen, som vart liggjande i Sovjetisk sone, seinare i DDR. Han gav stundom uttrykk for uro over framtida for seg og sine. 1-2 år etter krigen fekk fyrvaktar Thorvald Jakobsen eit brev frå han, der han skreiv kor vanskeleg livet var og kor lite mat dei hadde. Særleg var han bekymra for dotter si, Dagmar, fødd i 1943. Jakobsen sende då ein pakke med matvarer, men sidan dei aldri høyrde noko meir, visste dei ikkje om pakken hadde kome fram.

Ny kontakt med familien Zielke
Mange på Runde, og sikkert også i Kvalsvik, har undra seg over korleis det gjekk med Paul Zielke etter krigen. Dei tenkte at Zielke, som hadde eit så godt forhold til folket her, kanskje ville kome attende viss han hadde høve til det. Men jernteppet gjekk den gongen som eit stengsel gjennom Europa og var eit hinder for samkvem. Sist haust prøvde eg å kontakte tyske militærarkiv på ei nettadresse bror min, Helge, hadde fått av Den tyske ambassaden i Oslo, men dette førte ikkje fram. Via nettet fann eg så adressa til lokalkontoret i Nauen av regionavisa Havelland og sende ein e-post dit. Dei tipsa meg om Nauener Heimatfreunde ved Wolfgang Johl, og to dagar seinare sat eg med opplysningar både om namna og adressene til kona og dotter til Zielke, samt opplysning om at han truleg hadde ein son, busett i Rostock. Frå februar 2010 har eg difor hatt jamnleg kontakt både med Dagmar Estermann (1943), dotter til Paul Zielke, og Detlef Zielke (1948), son hans. Dei har gitt meg mange opplysningar om livet hans, både før, under og etter krigen.

Paul Zielke – ein kort biografi
Paul Zielke var fødd i Berlin 22. juni 1919 og såleis berre 21-26 år den tida han var soldat i Noreg. Før krigen braut ut hadde han tatt yrkesutdanning innan handel med dyrefor og fått seg arbeid i Berlin zoologiske hage. Med slik bakgrunn var det heilt naturleg for han å hjelpe til med slåtten eller ta eit tak i fjøset, som han gjorde både på Kvalneset og i Kvalsvika. Han vart også så fascinert over at kyrne fekk fisk i foret at han fortalde det til barna sine mange år seinare. Også kunsten å lokalisere gode fiskeplassar og fluder ved hjelp av méd la han seg på minne og fortalde om til familien.

Då krigen kom, vart han innrullert i Flyvåpenet (Luftwaffe) som ”funker”. Direkte omsett tyder det radiotelegrafist, men det vert også brukt om ein meinig soldat i sambandet innan hær og flyvåpen. Oppgåva til dei tyske soldatane på Nerlandsøy og Runde var då også å observere og rapportere (militær) aktivitet på havet og i luftrommet ved kysten. Alt medan han var i Kvalsvika, var han gruppeleiar med grad av sersjant (Feldwebel).

Paul Zielke hadde to søstre, Gertrud og Irma. Mor deira heitte Anna og kom seg gjennom dei harde etterkrigsåra, medan faren døydde alt under krigen. I 1942 gifte Paul Zielke seg med eitt år yngre Käte Fleischer frå Nauen, ein mindre by omlag fire mil vest for Berlin. Käte Zielke fylte 90 år sist april og bur framleis i Bardeystrasse 13, Nauen, som også var barndomsheimen hennar. Dottera Dagmar bur i Falkensee, midt mellom Nauen og Berlin, medan sonen Detlef har flytta til Rostock. Dagmar har elles to døtrer, Sabine og Britta, medan Detlef har ei, Karina.

Etter krigen var Zielke i britisk krigsfangenskap fram til 1946. Dei første etterkrigsåra var harde å kome gjennom med stor varemangel overalt. I Tyskland var det direkte hungersnaud. Paul Zielke var då så bekymra for korleis det skulle gå med den tre år gamle dotter si at han skreiv både til fyrvaktar Thorvald Jakobsen på Runde og Gerhard Kvalsvik på Nerlandsøy og bad om hjelp. Pakken frå Jakobsen vart truleg konfiskert av den russiske kontrollen; den kom iallfall aldri fram. Men begge barna fortel at han fekk svar frå Gerhard, som foreslo å adoptere han, slik at han kunne kome attende til Sunnmøre, der dei iallfall slapp å svelte. Både Gerhard og dei to søstrene hans var einslege og barnlause, og dei sette stor pris på den sympatiske og sjarmerande Paul, så eg held ikkje dette for usannsynleg. At ingen norske har nemnt det, treng ikkje tale i mot. Gerhard var ein stillferdig kar, og eit ønskje om å adoptere ein tysk soldat var vel heller ikkje lurt å snakke høgt om like etter krigen. Sidan Paul Zielke hadde både mor og svigermor å ta omsyn til, takka han nei til tilbodet om adopsjon.

Paul Zielke var ein hendig kar og valde å ta opplæring som skomakar. Han tok meisterprøva i 1952 og tre år seinare også meisterprøve i ortopedi. Han starta så sin eigen verkstad der han laga ortopediske sko. Eit slikt enkeltmannsføretak var tillate sjølv i det kommunistiske DDR. Men nokon utprega forretningsmann vart han aldri. Han slo ofte av på prisen eller ettergav skuld, særleg til eldre og sjuke med dårleg råd. Barna fortel at han også i fritida likte å gjere noko praktisk, drive med dreiing, stelle til i hagen og halde huset i stand. Han konstruerte og laga seg også ein robåt, heilt på eiga hand.

I oppveksten måtte han lære å spele fiolin. Seinare lærte han seg også å spele mandolin, blokkfløyte, munnspel og trekkspel. Han likte å syngje og song gjerne tekstar og melodiar han hadde lært i Noreg. Barna fortel at han var ein kjærleg far, men ein som også stilte krav og sette grenser.

Sonen Detlef fortel at Zielke gav Gerhard Kvalsvik dynamitt til sprenging av større steinar på garden. Utanom syskena Kvalsvik, er det familien Jakobsen dei hugsar at faren nemnde; naturleg nok sidan det var hos dei han budde og med dei han hadde mest kontakt. Som minne frå Noreg hadde Zielke med heim ei lommebok med innskrifta ”NORGE” (sjå bilde) og eit lite norsk flagg, som han fekk etter å ha berga to fiskarar då båten deira kantra. Særleg det siste sette han stor pris på.

Paul Zielke døydde i 1975, berre 56 år gammal. Siste leveåra han var han mykje sjuk. Både Detlef og Dagmar har gitt uttrykk for takksemd for at eg ville skrive ein artikkel om faren og såleis heidre minnet om han.

Etterord
Då krigen slutta, stod det 300 000 tyske soldatar i Noreg. Sjølv om også desse vart sett i krigsfangenskap i 1-2 år, var dei blant dei heldige som overlevde krigen, og dei fleste hadde også unngått blodige kampar. Konflikt mellom soldatplikt og samvit kunne dei likevel oppleve. I krig er det vanskeleg å leve eit anstendig liv og samtidig bevare sitt eige. Paul Zielke prøvde, fordi han var ein bra mann, og lukkast, fordi han hadde sjarm og eit vinnande vesen som gjorde at både overordna og nordmenn fekk tillit til han.

Informantar

Frå Runde:

Karoline I. Runde (1890 - 1978)
Hans S. Runde (1904 - 1991)
Petter E. Runde (1928))
Idar Runde (1929)
Jorunn Mjønes (f. Jakobsen 1931)
Marta Seth (1935)

Frå Kvalsvik:

Sigfred Kvalsvik (1920)
Kåre K. Kvalsvik (1926)
Jon Vollen Kvalsvik (1930)

I Tyskland:

Käte Zielke (1920)
Dagmar Estermann (f. Zielke 1943)
Detlef Zielke (1948)

Skriftleg kjelde:
Bjarne Rabben: Herøyboka Bygdesoga III