fredag 17. september 2010

Diktatur, demokrati, kompetanse og kommunikasjon

Som skipslege på KNM ”Narvik” i slutten av syttiåra var eg med på eit kurs om leiing, der deltakarane vart delte i grupper med kvart sitt byggesett og fekk i oppgåve å lage eit køyrety som var høgast mulig, men likevel i stand til å trille ein meter med eit fylt vassglas på toppen. Resultatet vart ulike vogner, frå dei solide, låge og stødige til dei meir høge og vaklevorne. Slik målet var formulert vart konkurransen sjølvsagt vunnen av ei gruppe som hadde konstruert eit av dei sistnemnde køyretya. Det var ikkje lagt føringar på organiseringa i gruppene, og denne varierte sjølvsagt mellom det svært demokratiske og tendensar til diktatur, der ein dominerande person var med. Men så kom cluet: Ein frå kvar gruppe skulle gå til ei anna og leie arbeidet der med nøyaktig same prosjektet! Som observatør var det særs underhaldande å sjå kva som skjedde når ein frå ei gruppe som hadde laga eit høgt køyrety, vart sett som leiar for ei gruppe bak eit mislukka prosjekt og vice versa. Ville gruppene akseptere leiaren når dei oppdaga av han var inkompetent som konstruktør i forhold til dei sjølve? Ville ein leiar greie å overtyde eit fleirtal om at hans idear var dei beste når dei faktisk var det? Ville det i det heile bli spørsmål om som var mest kompetent, som hadde eit vellykka prosjekt å vise til?

Poenget var ikkje å få fram kva som var best av diktatur eller demokrati, men å vise kva rett kompetanse, ikkje minst hos dei som bestemte, hadde å seie for resultatet; eller kanskje å vise at val av styreform burde vere avhengig av kven som hadde rett kompetanse i forhold til oppgåva ein skulle løyse. Viss ein hadde som premiss at kompetansen i krigføring stig med militær rang, kan det også hende kurset hadde som mål å få aksept for det militære hierarki. No er verken diktatur eller demokrati eintydige omgrep. Sjølv ein diktator er avhengig av større eller mindre grad av aksept blant sine undersåttar, og gata sitt parlament er berre eit penare uttrykk for ein mobb. Sjølv vårt representative demokrati er svært ufullkome som folkestyre, men likevel eit brukbart kompromiss, sidan allmannamøter og stadige folkerøystingar både er ei tungvint og kaotisk styringsform.

Problemet er likevel at politikarane kan ikkje vere kompetente på alle område. Sjølv om dei deler på oppgåvene og slik kan fordjupe seg på visse felt, har dei likevel gjort seg avhengige både av byråkratiet (”Javel, herr Statsråd”) og av ulike rådgjevingsorgan. Lærdomen frå kurset om leiing og kompetanse er aktuell på mange samfunnsområde, men i dag tenkte eg på den då eg las i Aftenposten at Teknologirådet tilrår at alle nordmenn bør få elektronisk tilgang på eigen pasientjournal. Sjølv om Teknologirådet sikkert er svært så kompetent på tekniske løysingar, er det slett ikkje sikkert at forslaget deira bør gjennomførast berre fordi det er teknisk mulig. Eit gode med elektronisk databehandling er at store mengder data blir lett tilgjengelege, og for svært mange, men sensitive, medisinske data bør tvert om vere det berre for den som treng dei, når det trengst. I Aftenposten kjem ein intervjua fastlege og ein av pasientane hans, som jobbar med IKT og datasikkerheit, med sterke innvendingar som går på utilfredsstillande personvern. Fastlegen understrekar også at journalen kan bli svekkja som arbeidsreiskap, viss den må skrivast med tanke på at den kan bli lesen av pasienten sjølv og andre som blir gitt innsyn, utan at dei får hjelp til å tolke det som står der. Dette er synspunkt som legg vekt på viktigare omsyn og også byggjer på kompetanse, slik eg ser det.

Teknologirådet foreslår at tilbodet blir innført gradvis, først med tilbod om prøvesvar, medisinoversikt og tilvisingar. Det høyrest tilforlateleg ut, men berre for dette formålet måtte alle journalsystema, både på sjukehus og i allmennpraksis, truleg fornyast totalt, fordi dei ikkje er laga med tanke på allmenn tilgang. Direkte elektronisk kommunikasjon mellom pasient og fastlegekontor er likevel etablert mange stader, og ei vidareutvikling av dette vil truleg vere til hjelp for begge partar og innebere ei nyttig rasjonalisering. I dag kastar altfor mange bort altfor mykje tid på venting i telefonen og opplever generelt for dårleg kommunikasjon, både når det gjeld timebestilling, prøvesvar og andre tilbakemeldingar. Dette gjeld for legane, men sjølvsagt i endå større grad for pasientane.