onsdag 10. februar 2010

Religion - rota til alt vondt?

Ein ting som har overraska meg er dei mange ateistar, agnostikarar og ”human-etikarar” som tek del i diskusjonen på Verdidebatt i nettutgåva av Vårt Land, tydelegvis med eitt overordna føremål; å delegitimere religion generelt og kristendom spesielt. Eg skal vere den første til å vedgå at dei eksistensielle spørsmåla i livet får vi ingen intellektuelt tilfredsstillande svar på, korkje i vitskap eller religion. Ivar Aasen har på poetisk vis formulert dette i diktet ”Vit og tru”, der han konkluderer med at ”vesle vitet strekk ikkje til; ei tru må stydja opp under”. Men sjølv Gudstrua har innebygde tankekors: Det vondes problem, den evige lagnaden og det som synest å vere urimeleg urettferd knytt til begge desse forholda.

Det er likevel i liten grad slike grunnleggjande innvendingar vi blir møtt med på Verdidebatt eller i den kristendomskritikk som har vore reist sidan opplysningstida. Det er heller påstandar om at kristendommen har vore årsak til det meste av vondskap, krigar og tortur som har skjedd på jorda siste to tusen åra, og så får vi opplista korstog, inkvisisjon, kjettarbål, religionskrig, hekseprosessar og folkemord i alle verdsdelar, frå utryddinga av indianarane via slavehandel og kolonitid til holocaust, gjerne omtalt som det kristne massemordet på jødane.

Tala som blir oppgitt på offer for kristne overgrep og krigar er heller ikkje snaue: I ”Kruttårnet”, andre bind av ”Bestialitetens historie” skriv Jens Bjørneboe at ”Voltaire beregnet ca 9 millioner ofre for den kristne Kirke”, Men Bjørneboe sjølv tek langt sterkare i:

”Men selv uten de blodbad, hvor Kirken bare har bistått, bare vært medskyldig, - hvor vi holder oss til de slakterier, hvor Kirken er eneansvarlig, vil vi komme opp i at Kristi lære har forårsaket flere hundre millioner døde. Langt mer enn stalinismen og hitlerismen tilsammen. Ingen religion, ingen impuls i hele verdenshistorien har i så høy grad muliggjort Satans herredømme over jorden som de små, fire evangelier har gjort. ”Kristi lære” har minimum 300 millioner døde som frukt. Aldri har verden sett en slik inkarnasjon av det onde som den kristne Kirke”.

Dette ekstreme kristendomshatet møtte eg første gong under eksamen i norsk hovudmål på gymnaset, der ei av oppgåvene var å kommentere ein artikkel av Johan Borgen. Særleg ei formulering brende seg fast i minnet: ”Kirken vil krig”. Nokså kategorisk og utan nyansar. Det er ikkje eingong snakk om at religiøs usemje kan skape konflikt og krig, men ein påstand om at dette er noko ”kyrkja” beintfram ønskjer.

Det er slike tankar dei kulturradikale har kolportert og fått inn i lærebøker og leksika. I til dømes Pax Leksikon frå 1979 vart hekseprosessane skildra slik: ” Ein stad mellom 9 og 30 millionar, for det aller meste kvinner, vart gjennom godt og vel to hundre år torturerte og drepne, kan hende den største menneskejakta verda har sett”. Store Norske Leksikon har vore litt meir moderat i overslaga, men så seint som på 90-talet stod det der at ofra talde ein stad mellom 100 000 og fleire millionar.
Dette er rein historieforfalskning, for då var det alt godt dokumentert at omlag 45 000 vart avretta i dei europeiske hekseprosessane frå 1420 til 1770. Dei fleste kjende sakene hadde opphav i nabokranglar og ikkje i religion, og sekulære domstolar hadde større tendens til å gje dødsstraff enn den kyrkjelege inkvisisjonen.

I kronikken ”Urimeleg kritikk av kristen kultur” (Vårt Land 30.01.08) kom Sigurd Skirbekk med slike fakta frå seriøs forsking, gjort av m,a, Hans Eyvind Næss: ”Med bål og brann: Trolldomsprosessene i Norge” (Universitetsforlaget 1984) og den amerikanske historieprofessoren Brian P. Lervack.
Skirbekk tek også opp dei andre klagemåla mot europeisk, kristen kultur. Han set gjenerobringa av Palestina og Spania inn i ei historisk ramme, der islam for den kristne kulturkrins ikkje berre var ei religiøs utfordring, men i høgste grad også ein militær trussel. Etter at muslimane hadde erobra heile det kristne Midtausten og Nord-Afrika, var det før nasjonalstatane si tid berre pavekyrkja som i vest kunne reise ei militær og ideologisk motmakt mot muslimane. Skirbekk skriv ikkje noko om bysantinarane, men i aust var det dei som tok støyten. Bysants stansa den muslimske ekspansjonen på 600-talet og heldt den i sjakk i ytterlegare 800 år, sjølv om riket gradvis skrumpa og hovudstaden til slutt vart erobra i 1453. For den som vil lære litt meir om dette fascinerande riket, vil eg tilrå Judith Herrin: ”Byzantium. The surprising life of a medieval empire” (Penguin Books 2007).

Når det gjeld slaveri, nemner Skirbekk at Store Norske Leksikon skriv tilslørande at det ”døde ut på 1200-tallet”. For det første så tok ikkje slaveriet i størstedelen av verda slutt då, men det vart svært redusert i Europa, der striden stod mellom kristne og kommersielle grupper. Sjølv den seinare europeiske handelen med svarte slavar frå Afrika ville ikkje vore mogleg utan at det der var ein eksisterande slavehandel frå før, som afrikanarane sjølve stod for. Kjøparane var ikkje berre europearar, men i endå større grad arabarane, som ikkje berre kjøpte fleire slavar (14 millionar til arabiske land; 11 millionar til Amerika; dei fleste til Sør- og Mellom-Amerika), men delvis tok slavar sjølv, jamvel 1 million europearar! Dessutan kan ein spørje seg kor fromme slavehandlarane faktisk var. Den kjende salmen ”Amazing Grace” vart skriven av John Newton, som sjølv hadde vore kaptein på eit slaveskip, men tok avstand frå slaveri då han vart omvend. Og det var etter initiativ frå kristne kvekarar at Vesten fekk ei bindande juridisk og institusjonell avskaffing av slaveriet, lenge før det skjedde i andre sivilisasjonar.

Når det gjeld desimeringa av den indianske befolkninga i Amerika, støttar Skribekk seg til William H. McNeill: ”Plagues and Peoples”, som dokumenterer at dette skjedde i stor grad fordi indianarane døydde av koppar, meslingar, difteri og influensa, som dei ikkje hadde immunitet mot. Sjølv har eg lese Howard Zinn: ”USA. Folkets historie 1492 – i dag” (Forlaget Oktober 2006). Boka er skriven med eit ekstremt kritisk blikk på alt europearar og deira arvtakarar i USA har gjort frå Columbus til dags dato. Men mellom alle historiene om massemord på indianarar, kjem ti linjer om fleire område (New Netherland, Marthas Vineyard og Block Island) der det heile tida var fred mellom indianar og kvit, men der 90-95% av indianarane likevel døydde – av koppar.

I staden for å påstå at kjelda til all vondskap ligg i religion generelt og kristendom spesielt, er det vel større grunn til å sjå på kva menneske er i stand til uavhengig av religiøs tru. Viss det er gudstrua som skaper død og forderving, skulle ein tru tilstanden var betre der denne var gitt ringe kår. Sovjet under Stalin og Kina under Mao kan vel då høve som samanlikningsgrunnlag.

Jan Otto Johansen skriv i ”Mitt liv med Moder Russland” (Aschehoug 2009) at berre som følgje av tvangskollektiviseringa miste 6-9 millionar livet i Ukraina og 1.5 millionar døydde i Kasakhstan i 1932-33. Og millionar andre omkom i slaveleirane i Sibir. Johansen viser her til Anne Applebaums bok ”Gulag” frå 2004, som han meiner ”har et viktig budskap i en tid da vold og terror relativiseres, og en generasjon som dyrket massemorderne Stalin, Mao og Pol Pot, er rykket inn i lederposisjoner i forlag, medier og næringsliv”.

I Jung Chang / Jon Halliday sin glimrande biografi, ”Mao. Den ukjente historien.” (Gyldendal 2005), får vi vite at 38 millionar kinesarar døydde av svolt og overarbeid under ”Det store spranget framover” og hungersnauda dette førte til i åra 1959-62. ”Med viten og vilje sultet og arbeidet Mao disse titalls millionene til døde”, skriv forfattarane. Kina hadde på denne tida 600 millionar innbyggjarar og Mao var villig til å ofre halvparten for å nå måla sine. Frå 1966 til Mao døydde i 1976 slepte han først laus terroren som kulturrevolusjonen representerte, men massemorda tok ikkje slutt med den. Tre millionar fekk ein brå død på desse ti åra, medan 100 millionar lei vondt. Samla sett var Mao sitt ateistiske regime ansvarleg for godt over 70 millionar dødsfall i fredstid.

Det merkelege er at dei som hevdar kristendom er basert på skadelege mytar, men trur om seg sjølve at dei står for rasjonalitet, vitskap og menneskerettar, i så stor grad byggjer sin kritikk nettopp på mytar og lettbeint omgang med fakta, medan dei overser grundig dokumentasjon på det ateistiske regime har stått for av vondskap og massedrap.

mandag 8. februar 2010

Hurra for Høybråten!

Professor i sosialmedisin, Per Sundby, sa at Ole Hallesby hadde gjort meir for folkehelsa enn Karl Evang, den legendariske helsedirektøren. Sundby, med doktorgrad om alkoholrelaterte sjukdomar, såg at pietismen og fråhaldsrørsla verna folk både mot dette og mot alt elende som familieoppløysing fører til. Om helsedirektør Evang ville vore einig i Sundby si rangering, er likevel meir tvilsamt.

Derimot har noverande helsedirektør, Bjørn-Inge Larsen, nyleg gitt velfortent ros til Dagfinn Høybråten, som ofte har blitt utskjelt som både pietist, moralist og "mullah". Då A-magasinet på nyttårsaftan ba ulike personar nemne gledelege ting som hadde hendt siste tiåret, skreiv Larsen om prosenten daglegrøykjarar, som denne tida har gått ned frå 31 til 21, medan røyking mellom unge faktisk er halvert. Som følgje av dette har gjennomsnittleg levealder auka med to år dette decenniet. Slikt skjer ikkje av seg sjølv. Larsen fortel om den ferske helseminister Høybråten, som i 2002 stod på talarstolen og forkynte at dette var målet hans. Fagfolka i salen forstod at "her har vi en som virkelig vil gjøre noe" og bestemte seg for å støtte han så sterkt dei kunne. Ikkje minst viktig var det å skape røykfrie arenaer, fordi restaurantar og barar var ein rekrutteringsstad for røykjarar.

Dagfinn Høybråten viste her både god fagleg innsikt og større politisk mot enn det andre ministrar har demonstrert på år og dag. I ettertid har mange takka han, både for eit betre arbeidsmiljø og for hjelp til å slutte å røykje. Mest grunn til å takke har alle som no slepp å bli sjuke. Det er knapt noko tiltak sidan kampen mot tuberkulosen som har gitt større gevinst for folkehelsa. Tusenvis av norske kvinner og menn får lagt år til sitt liv og betre helse til sine år. Dei unngår no å få hjarteinfarkt og lungekreft i sin beste alder, når dei trengst som mest både i familie og arbeidsliv.

Høybråten er ingen sur moralist, men ein klok og kunnskapsrik fagmann og politikar. Det var leitt at det ikkje vart han som fekk ansvaret for å setje NAV-reformen ut i livet. Då trur eg gjennomføringa ville gått langt greiare. Som tidlegare RTV-direktør kjende han kompetansen i trygdeetaten og ville difor unngått dei fleste organisatoriske feiltak og det kaoset som vart konsekvensen.

Og i dag er det folk som lagar politisk kaos innan KrF, og andre som fiskar i rørt vatn, både etter røyster, lesarar og sjåarar. Berre Dagfinn Høybråten viser til og held fast ved programmet, som jamvel 29-åringen Hansen gjekk til val på, men vil omkalfatre fem månader seinare. Det er ikkje slik åtferd som skaper tillit, men det Høybråten i si tid gjorde, ved først å seie kva han ville, og så gjennomføre det!