søndag 25. april 2010

Sjølvforakt eller berre velmeint inkludering

Opningsseremonien under dei olympiske leikane i Beijing i fjor var både fargesprakande og flott. Ikkje minst var dei ranke og stolte flaggberarane frå ulike land eit syn, med heile spektret av fargar representert i hud, flagg og klesdrakt. Men det var ikkje mange lyshåra blant dei. Medan alle afrikanske og asiatiske land hadde flaggberarar som var typiske for befolkninga i heimlandet, gjekk Ruth Kasirye, fødd og delvis oppvaksen i Uganda, i spissen for norske idrettskvinner og –menn. Med kvinnelandslaga våre i både handball og fotball til stades, mangla det iallfall ikkje på kandidatar med lyshåra, nordiske trekk til å bere flagget vårt.

I år skal Norge arrangere finalen i ”Eurovision Song Contest”, det vi til dagleg kallar Grand Prix. Til programleiarar har NRK valt Erik Solbakken, Nadia Hasnaoui og Haddi Jatou N’jie. Dei to siste har utanlandske namn og fedre, høvesvis frå Marokko og Gambia.

Ikkje heilt i same gruppe kjem Mahmona Khan med pakistansk og Dilek Ayhan med tyrkisk familiebakgrunn, som i desse dagar representerer Norge på entreprenørkonferansen til Obama, fordi det ikkje var nordmenn, men amerikanarar som nominerte dei. Khan starta nettmagasinet X-plosiv og gav i fjor ut boka ”Tilbakeblikk. Da pakistanerne kom til Norge” på Pax forlag. Boka er bra skriven, men held fast ved myten om at pakistansk innvandring starta som følgje av norsk behov for arbeidskraft. Ayhan er tilsett i organisasjonen Alarga som rekrutterer fleirkulturelle studentar til norsk næringsliv.

Ingen av desse er utplukka på grunnlag av etnisk bakgrunn åleine. Dei er vel kvalifiserte for jobben dei har gjort eller skal gjere.
Vektløftaren Kasirye var meir enn sterk nok som flaggberar, og som si bibelske namnesøster Ruth har ho slett ikkje gjort skam på landa sine, verken det ho kom frå eller det ho kom til.
Både Hasnaoui og N’jie er både meir røynde og truleg betre skikka som seriøse programleiarar enn Solbakken, sjølv om alle tre er sjarmerande og flinke nok. Og bortsett frå namnet er det meste ved Nadia norsk.
Khan og Ayhan er mindre kjende frå fjernsyn og radio. Begge har muslimsk bakgrunn og er valde som utsendingar fordi dei arbeider i skjeringspunktet mellom to kulturar; eit poeng sidan Obama sin konferanse er ein del av den nye starten han proklamerte i forholdet mellom USA og den muslimske delen av verda.

Sjølv om alle ovanfor har kvalifikasjonane i orden, har nok det internasjonale tilsnittet spelt ei rolle for valet, også av andre enn Khan og Ayhan. Når det gjeld Grand Prix, har det vore direkte uttalt at her skulle det ikkje vere noko typisk norsk, sidrumpa eller nasjonalt; dvs ingen ny Sissel Kyrkjebø med ”Jeg tok min nystemte Cithar i hende” som pauseunderhaldning. Og Kasirye fekk truleg hovudrolla som ein gest til dei mange med innvandrarbakgrunn som gjer det godt innan norsk idrett.

Likevel sit eg med ei kjensle av at det ikkje er bra nok å vere heilnorsk. Å velje bort det norske for ofte inneber faktisk ei nedvurdering av oss sjølve som stundom grensar til sjølvforakt. Eg har lagt merke til at også eg oppfører meg litt annleis i møte med innvandrarar. Då er eg både i yrket og privat hakket meir høfleg, vennleg og imøtekomande enn eg brukar å vere mot nordmenn flest. Det har fleire grunnar. Eg er opplært til å behandle gjester og framande ekstra høfleg. Dessutan vil eg vel vise fram både meg sjølv og nordmenn frå vår beste side. Og eg vil for all del ikkje at nokon skal ha grunn til å skulde meg for forskjellsbehandling eller stemple meg som rasist. Kanskje er det liknande mekanismar som ligg bak når Den norske olympiske komite, NRK og statlege organ i så stor grad gjev rom for innvandrarar. Men konsekvensen kan lett bli ei servil, sjølvpiskande og underdanig haldning, slik Mona Sahlin stod for då ho sa dette til innvandrarane i Sverike:

”Ni har en kultur, en identitet, en historia, någonting som binder ihop er. Och vad har vi? Vi har midsommarafton och sådana töntiga saker."