søndag 14. november 2010

Kulturrelativisme

Kulturrelativisme er læra om at kvar kultur har sin innebygde logikk og må forståast på eigne premissar. Opphavleg var det sosialantropologane som lanserte denne tanken, som sjølvsagt kan gje større innsikt i somme sider ved ein kultur. Meir problematisk vert det når ein går eit steg lenger og hevdar at skikkar og tradisjonar i einkvar kultur er like bra som tilsvarande i alle andre. Dette har no blitt eit aktuelt spørsmål med innvandring frå nær sagt alle land i verda, medan det før helst vart drøfta i tilknytning til kulturimperialisme, dvs ideen om at vestleg påverknad og påtrykk har øydelagt velfungerande samfunn i Afrika og Asia.

Ei lærebok som eksempel
Ei lærebok i historie for den vidaregåande skulen frå 1986, ”Verda 2 etter 1850”, skriven av Asle Sveen og Svein Aastad, er tydeleg prega av kulturrelativisme når det gjeld omtale av brudepris og fleirkoneri. Om skikken med å kjøpe seg koner står det følgjande: ”Dei afrikanske kvinnene såg ikkje på brudeprisen som diskriminerande; prisen understreka fellesskapet mellom to familiar og at mannen meinte alvor. Misjonærane og koloniadministrasjonen i fellesskap prøvde å få slutt på dette. Det førte til at ekteskapa vart meir ustabile, og både kvinnene og barna fekk eit utryggare tilvære.” Og fleirkoneriet vert i læreboka forklart og forsvart slik: ”Ein mann med fleire koner fekk fleire barn, og barna vart rekna som ein garanti i alderdommen. Mange kvinner såg på fleirkoneri som ei avlasting, for då gjekk det fleire år mellom fødslane”.

Brudepris – teori og praksis
Forfattarane kan ikkje ha tenkt særleg langt, for tre koner til kvar rikmann gjev konemangel og barnløyse for dobbelt så mange fattige, som er endå meir avhengige av barn for ein trygg alderdom. Og at brudepris er ein garanti for kvinna sin status og velferd, er også høgst usikkert. Arne Olav Øyhus, professor ved Høgskulen i Agder og nettopp omtalt i Vårt Land, gav i 1986 ut boka ”Kawacha” (Kvit mann) etter å ha vore fange hos SPLA-geriljaen i Sør-Sudan. Han fortel der at han eingong konfronterte høvdingen i Madi med eit vanleg syn på landsbygda i Afrika: Ei kvinne nedlesst av ei tung bør og med barn på ryggen; nokre steg lenger bak mannen, fri og frank. Kvifor var arbeidsfordelinga slik, undrast Øyhus, men det spørsmålet forstod ikkje høvdingen. I Europa er det mennene som vert rekna som sterkast og difor tek dei fysisk tyngste taka, heldt Øyhus fram, og skriv vidare:
Høvdingen mønstret meg nøye. Mente jeg alvor? Han la hodet litt på skakke, gjorde en gest som for å si: ”Hør nå her, gutten min.” På et rolig og behersket, men opplagt retorisk vis sa han: ”Du bruker skjorta di, ikke sant?” ”Jovisst”, svarte jeg. ”Det er kanskje derfor du kjøpte den? Det er det samme med kvinner – du kjøper dem for å bruke dem.”

Hinduistisk kvinneundertrykking
Ein historikar som slett ikkje er prega av den kulturrelativistiske tankegangen, er den framifrå forteljaren Torbjørn Færøvik, som har gitt ut mange glimrande reiseskildringar. I boka ”India – stevnemøte med skjebnen” tek han fram både dei gode og groteske skikkane i det hinduistiske India og korleis dei verste av desse vart endra under britisk styre. Til dømes var ”sati” (god hustru) ein heiderstittel på enkjene som let seg brenne saman med sin døde husbond, slik hinduismen tilrådde. I realiteten vart dei aller fleste bundne, somme jamvel til liket av mannen, før dei vart plasserte på bålet. Etter forbod mot å brenne gravide eller enkjer med små barn, kom eit totalforbod i 1829, men skikken heldt likevel fram lenge etterpå fordi britane ikkje hadde kontroll på landsbygda, der dei fleste budde. Om konekjøp i Afrika er ille, så er kravet om medgifte i indisk kultur langt verre. Medan middelklassen i det siste har hatt råd til å betale for kjønnsdiagnostikk med ultralyd og for abort av jentefoster, har drap av nyfødde vore alternativet til økonomisk ruin for fattigfolk. I den første landsomfattande folketeljinga i 1901 fanst det mange landsbyar heilt utan jenter. Dei var alle enten drepne eller svelta til døde. I 1999 skreiv Færøvik at India mangla 50 millionar kvinner på normal kjønnsfordeling. Og i tillegg kjem den systematiske diskrimineringa av lågare kaster og spesielt dei kastelause.

Misjonærar og moderne varslarar

I tidlegare tider var det misjonærar som skreiv alarmerande rapportar om ukulturen i framande land. Læreboka til Sveen/Aastad kritiserer dei for det: ”Misjonærane, som ofte bana vegen for imperialistiske framstøytar, må også ha noko av ansvaret for dei negative haldningane som gjorde seg gjeldande mot framande kulturar.” Men når ein historikar som Færøvik gjer det same, får han (velfortent nok) rosande kritikkar og Bragepris. Faren er at umenneskelege skikkar i andre kulturar berre blir sett på som spennende og eksotisk, og difor ikkje tatt på alvor som dei eklatante brot på menneskerettane dei faktisk er. Ikkje minst gjeld dette kastesystemet i India og det nesten like urettferdige klansystemet i Pakistan og Somalia, som innvandrarane derifrå har tatt med seg til Noreg. Kor mykje fokus har det vore på det? Til ganske nyleg, nesten ingenting.