fredag 8. januar 2010

Afrika - det fortapte kontinent?

Sist haust spurde Strømmestiftelsen 600 norske ungdomar om fattige land sjølv har ansvaret for sin fattigdom. Under 2% svara ja og heile 84% nei. Dei fleste meinte at vestlege land har skulda. Generalsekretær Aadland var nøgd: ”Det som kommer frem er lovende”.

Tanken bak er truleg å gjere ungdom bevisst på skilnaden i levekår mellom folk i rike og fattige land og mobilisere til innsats for utjamning, f.eks. ved å gje pengar til Strømmestiftelsen sine prosjekt. Eg er sjølv så positiv til Strømmestiftelsen sin arbeidsmåte at eg har vore fast gjevar i mange år, men stiller meg likevel litt undrande til at pengar skal gå til spørjeundersøkingar i Noreg i staden for hjelp for fattige.

Svara som er gitt synest eg heller ikkje er særleg ”lovande”. Rett nok speglar dei det som blir dosert i skulen og formidla av media, men det viktigaste må vere om svara er korrekte og gir eit sant grunnlag for analyse og tiltak. Berre då er det von om at tiltaka kan ha effekt.

Slavehandel, kolonitid og urettferdig verdshandel blir rekna som forklaring på det meste av Afrika si ulykke. Og er det ikkje dette, så er årsaka vilkårlege landegrenser, trekt av europearar, som såleis splitta heile 190 etnisk/kulturelle grupper mellom to eller fleire land med konflikt og krig som resultat.

Alt dette er rett og sant, sjølv om det treng å nyanserast. Av 25 millionar slavar frå det svarte Afrika var det arabiske land som røva dei fleste, faktisk 14 millionar. Muslimar frå Nord-Afrika, Midtausten og Det osmanske imperiet har også tatt meir enn 1 million europearar til slavar. Av dei 10 millionar slavane som vart frakta til Amerika, kom berre 4% til noverande USA og 40% til dei karibiske øyane, dvs til område styrt av vestlege land.

Kolonitida i Afrika førte ikkje berre til utbytting, men også til utbygging av infrastruktur som vegar og jernbane og bygging av moderne byar, som afrikanarane kunne overta då dei fekk eller kjempa seg til fridom. Dei kvite kolonistane flytta eller rømde då i stor grad frå kontinentet. Over ein million braut opp frå Algerie, 400 000 frå Marokko, 200 000 frå Tunis, 200 000 frå Mosambik og 300 000 frå Angola. Idi Amin vart populær både i Uganda og elles i Afrika då han jaga 50 000 asiatar frå landet, sjølv om dette vart ein katastrofe både for handel og økonomi. Og i nyare tid har Robert Mugabe gjort seg populær i mange krinsar ved å ta jorda frå tusenvis av kvite og fleire hundretusen svarte, som hadde kunnskap om landbruk, og gitt den til sine eigne støttespelarar, med økonomisk ruin for Zimbabwe som resultat.

Global handel har gjort det mogleg, først for Japan, seinare for ”tigrane” Sør-Korea, Hong Kong, Singapore og Taiwan, og no sist for fleire hundre millionar i India, Kina, Chile og Brasil, til å kome seg ut or fattigdomen. Afrika og deler av den muslimske verda har til no ikkje greidd å kome inn på marknaden, iallfall ikkje for industriprodukt. Årsaka til det må ein først og fremst søkje i desse landa og ikkje i Europa.

Dei som held fram det problemskapande ved det etniske lappeteppet som Afrika representerer, har eit viktig poeng. Etnisk baserte krigar har gjort det vanskeleg å etablere eit stabilt styresett i mange land og hindrar investeringar utanfrå. Det er likevel ikkje kolonimaktene, men geografien, storleiken og tidlegare historie som har skapt dette mangfaldet . Om afrikanarane sjølve skulle ha trekt grensene, ville det ha vore like umogleg å skape eit rimeleg stort tal av homogene statar (i dag 40) av dei 10 000 politiske einingar som var der før kolonitida. Det paradoksale er at dei såkalla progressive og liberale, som held fram multikultur i Europa som mål og ideal, ser på det multietniske og –kulturelle ved afrikanske statar som årsak til deira misere. Då kan dei leggje skulda på europeiske kolonimakter, medan realiteten er at det tek lang tid og gode kommunikasjonar før mindre, sjølvstyrte einingar kan smelte saman til eit heile. Dei ser heller ikkje at fleirkulturelle statar gjev risiko for interne konfliktar også her i Europa. Det fekk vi tydeleg demonstrert på Balkan.

Har ein lese bøkene til Tomm Kristiansen eller Martin Meredith si bok ”The State of Africa” eller snakka med misjonærar, afrikanarar eller andre som har budd på kontinentet, vil ein også sjå kva korrupsjonen kostar i form av ineffektivitet, byråkrati og pengar som går til spille.

Å einsidig sjå på det som har vore, kan verken forklare fattigdomen i dag eller mobilisere afrikanarane til innsats i sine eigne statar no og i framtida. For der som her er det organiseringa, skuleringa, helsetilstanden, moralen, kulturen og arbeidsinnsatsen til folket som bestemmer kva verdiar som blir skapt og kor rettferdig dei blir delte. Som statsminister Stoltenberg sa i nyttårstalen: Det er ikkje oljen, men arbeidet vi gjer for kvarandre som først og fremst gjer Noreg rikt, også i dag. Viss afrikanarar stadig får høyre, både av sine eigne leiarar og utanfrå, at dei sjølve ikkje har noko ansvar og dermed heller ikkje kan gjere noko med situasjonen, vil dette berre gje passivitet og resignasjon.

Sjølvsagt har ikkje den vanlege borgar i afrikanske land stort å seie eller særleg ansvar for utviklinga. Det er også grunn til å beundre den innsats dei aller fleste, spesielt kvinner, gjer for å livberge familien frå dag til dag med lite pengar og ressursar. Men den zambiske økonomen Dambisa Moyo, som vitja Noreg i fjor, hevdar i boka ”Dead Aid” at det er sjølvsagt er statsleiarane i Afrika som må stillast til ansvar, og at bistand ofte gjer at dei vrir seg unna dette ansvaret. Det er iallfall klart at europearane ikkje kan berge Afrika. Det må afrikanarane gjere sjølve. Og det trur eg dei vil greie. Vi europearar har hatt vårt å stri med opp gjennom historia, både av krigar, despotar og fåkunne. Slik sett bør vi vere audmjuke. Men feminisme, fråhaldsrørsle, fri presse og anstendig kapitalisme og kristendom kan vi godt eksportere. Fattigfolk er dei som lir aller mest når barna blir for mange, far drikk opp pengane, leiarane stel, gode tiltak manglar finansiering og promiskuiteten florerer.