onsdag 6. oktober 2010

Handhelsing og hygiene

Handtrykk – tillit og avsløring
I ei klassisk, norsk lærebok om pasientundersøking og journalskriving stod følgjande: ”En skikk som enda ikke er helt vanlig på norske sykehus, men som bør bli det, er at undersøkeren (studenten, legen) presenterer seg og tar pasienten i hånden. Et slikt håndtrykk har verdi fordi det kan være innledningen til et tillitsforhold mellom undersøker og pasient, et tillitsforhold som i alt legearbeid er av den største betydning. Et slikt håndtrykk har også verdi, fordi bare berøringen med pasienten hånd kan gi undersøkeren en rekke viktige, kliniske opplysninger (temperatur, tørrhet, tremor (skjelving) mm).”

Skikk følgje eller land fly?
Dette rådet følgde eg i min praksis, iallfall til eg byrja presentere meg for same person for andre eller tredje gong. Seinare reserverte eg handtrykket for dei eg såg sjeldan eller for første gong. Dette fungerte bra til for ti år sidan, då eg vart konsultert av ei arabisk kvinne, som plent nekta å ta meg i handa. Tolken forklarte at religionen forbaud henne å helse på menn. Det var greitt nok for meg, sjølv om eg syntest det var merkeleg at eit handtrykk var verre enn undersøking og berøring av resten av kroppen. Men i fjor vart det litt meir hurlumhei då velkomstkomiteen ikkje ville ta dronning Sonja si framstrekte hand, då ho var på besøk ved Islamic Cultural Center i Oslo. Spørsmålet vart stilt om det var våre skikkar eller andre sin religion som skulle ha forkøyrsrett. Frå gammalt av har vi jo hatt ordtaket ”skikk følgje eller land fly”, men kven som her var mest på heimebane, kan sjølvsagt diskuterast.

Trur ikkje på dropesmitte
Handhelsing har også ei hygienisk side. Frå studiet hugsar eg overlege ved Rikshospitalet, Jens Dedichen, som sette saka på spissen og sa at han ikkje trudde særleg på dropesmitte, men til gjengjeld ba oss om å vaske hendene grundig, iallfall etter å ha berørt ein pasient som var forkjølt. Og den kirurgiske handvask med klipping av negler, grundig børsting, såpevask i fleire omgonger og skylling frå fingrane og oppover, kravde både tolmod og robust hud. Med tanke på smittefare burde vi kanskje gå over til andre former for helsing, for vaskeservanten er sjeldan like lett for handa som på eit legekontor. Japanarane er kjende for å vere høflege, iallfall i fredstid, og dei står på ærbar avstand, legg begge handflatene mot kvarandre og bøyer seg djupt i vørdnad for den dei skal helse på. Liknande ritual finst i fleire asiatiske land. Under svineinfluensaen i fjor prøvde eg meg på ein annan, kanskje mindre vellykka variant i storebrors syttiårslag. Eg var litt febersjuk og slapp og gjekk rundt i selskapet med hendene på ryggen for ikkje i vanvare å trykkje alle framstrekte hender. Når eg nemnde smittefare, vart det brått litt betre plass omkring meg. Om ikkje eg vart sett på som reint spedalsk, var eg iallfall ein paria, urørbar. Ja, det var då. No høyrer vi i nyheitene at hundretusenvis av vaksinedosar mot denne influensaen vart til overs.

Barnehagen - ein arnestad for virus
Vi som kjem opp i bestefarsalderen får oppleve det same som småbarnsforeldre, nemleg hyppige luftvegsinfeksjonar. Barnehagar er gjerne nødvendige vilkår for høg sysselsetnad og for utjamning av omsorgsarbeidet i samfunnet, men dei er nokre veritable møtestader og veksthus for alle småkryp, som lus, virus og bakteriar. Blant førskulebarn er det slett ikkje snakk om handhelsing, men kroppskontakt over ein langt breiare skala, både kyss, klapp og klem. Smittepresset er enormt.

Allergi og autoimmunitet
Men vi treng litt motstand for å bli sterkare. Dette gjeld sikkert psyken, men endå meir for kroppen. Får ikkje musklane trening av tungt og meiningsfylt arbeid, må vi på helsestudio eller heime kompensere ved å ”pumpe” jern; i seg sjølv ein meiningslaus aktivitet. Og vi må jogge for å gje hjartet den treninga det går glipp av i godstolen eller bilsetet. I all vår reinsemd er det også fare for at immunforsvaret vårt får for lite å gjere. I allfall har allergi og autoimmune sjukdomar blitt stadig vanlegare i vestlege land. Det synest som om immunforsvaret blir vendt mot eige vev når det ikkje får reelle, ytre fiendar å kjempe mot. Men så enkelt er det nok ikkje, for visse infeksjonar kan også alarmere immunapparatet. Vi veit stadig svært lite. I mi tid studietid var det god latin å tru at magesår kom av stress. Då eit par australske legar på 80-talet reint tilfeldig oppdaga magesårsbakterien, Helicobacter pylori, tok det tid før alle forstod og godtok denne som eit nødvendig vilkår for sår i magesekken og tolvfingertarmen. Kanskje finn vi at virus og bakteriar er årsaka til også andre sjukdomar, som i dag ikkje blir rekna som smittsame. Og kor lenge vi har verksame antibiotika mot forskjellige infeksjonssjukdomar, kan ingen svare på. ”Qui vivra verra”, sa dei gamle romarane.