fredag 4. desember 2009

Sjakk mot Bøyum, Bogoljubow, Brende, Bern og blinde

Bøyum
I syttiåra var det eit sterkt sjakkmiljø i Florø, sentrert omkring den sympatiske elitespelaren Øystein Hjertenes, som var med på Noregs lag under sjakk-OL i 1976. Som turnuslege ved sjukehuset i Florø på den tida fekk eg faktisk litt nytte av sjakken. Overlege Bøyum på medisinsk avdeling der verka litt brysk på ein skjeggete student frå det radikale studentmiljøet i Oslo. Som tidlegare krigsfange hadde sikkert sett nok av politisk ekstremisme. Men i Tyskland hadde han også lært seg sjakk av medfangar frå Aust-Europa, der sjakkinteressa alltid har vore større enn i vest. Og då han forsto at eg ikkje var nokon revolusjonsromantikar, men i staden var interessert både i medisin og sjakk, kom vi godt overeins. Etter at eg vann eit parti vi spelte på ei roleg vakt, vart han reint kameratsleg.

”Bogoljubow”
Ved eitt høve fekk vi inn ein gammal mann, som m.a. var sterkt plaga av treg mage. Ein dag hadde han jamvel klatra opp på toalettsetet og sett seg på huk der for lettare å få av seg nokre knollar. Vi trudde han også var treg i tankane, heilt til ein medpasient fekk han i tale om ting han var interessert i. Då kom det fram at i yngre år hadde han spelt remis (uavgjort) mot den russiske stormeisteren Bogoljubow under ei simultanturnering i Bergen. Bogoljubow var i mellomkrigstida nest best i verda, berre slått av Aljekiin. I staden for medisin fekk den akrobatiske oldingen brett og brikker og kom seg då fort! Gamle kunstar var slett ikkje gløymde. Både Bogoljubow og Aljekin emigrerte elles til Vest-Europa før Stalin forstod at sjakkmeistrane i aust kunne kaste glans over Sovjet-Unionen.

Brende
Somme hugsar kanskje møbelhandlar Arvid Engen på Jessheim, som brukte lydbandopptak av fortrulege telefonsamtalar med nestformann Reiulf Steen i Arbeidarpartiet til politisk manipulasjon. Møbelhandlar Ole Røyseth Brende i Florø var også politisk interessert, men både i sjakk, politikk og forretningar var han reinhårig nok. Eg kjøpte sofagruppe og bokhyller av den opphavlege Hareid-mannen, og praten kom inn på sjakk. Seinare besøkte eg han heime, der eg fekk meg eit tap og til trøyst ei bok; ”Det pengeløse samfunn”, som han sjølv hadde skrive. I boka låg også eit særtrykk av eit foredrag han hadde halde i Sosiologisk Studiesirkel om ”Veien fram til en konfliktfri økonomi”. For det handla ikkje om plastkort i staden for kontantar, men om eit oppgjer med heile det kapitalistiske systemet; ganske overraskande tankar frå ein forretningsmann. I boka tok han til orde for eit samfunnsrekneskap basert på realverdiar i staden for pengeverdiar. Andre tema i studiesirkelen hadde vore: ”Dostojevskij –avgjørende ord til vår tid”, ”Mennesket er et hele” og ”BDB , den norske forgjengeren til Erich Fromm”.

Brochmann
BDB står her for Bertram Dybwad Brochmann (1881-1956). Kven var så han?
På Runde var det også ein ”Brochmann”. Som barn hadde eg spurt gamletante Karoline på telefonstasjonen kvifor han fekk det kallenamnet. Ho fortalde at han heldt med Dybwad Brochmann, som talde småkårsfolket si sak. No trefte eg på nytt ein som beundra Brochmann, og eg måtte finne ut meir om denne mannen.
Trettiåra var ei krisetid med store politiske endringar. Krig, jobbetid, konkursar og økonomisk samanbrot tiåra før hadde vist manglane ved kapitalismen, og klassekamp, revolusjon og borgarkrig, som i Sovjet, var ikkje noko freistande alternativ. Kvar stod Samfunnspartiet i dette bildet? I Store norske leksikon er Brochmann karakterisert som ein av dei mest særprega tenkjarane og samfunnkritikarane i Noreg på denne tida. Han skapte ei politisk rørsle bygd på kristent, sosialpsykologisk, økologisk og samfunnøkonomisk grunnlag, stifta Samfunnspartiet og var stortingsmann for partiet 1934-36. Som einaste representant der røysta han mot tvangssterilisering av taterane (Romani-folket), og han ville ikkje ha løn så lenge folk flest hadde så lite pengar. Han var mot NS og nazisme, men hausten 1940 skreiv han ei bok med nokre synspunkt som vart tolka som støtte til Tyskland. Han vart difor dømd i landssvikoppgjeret, men sat fengsla berre eit par månader. Dei økonomiske teoriane hans likna mykje på dei den norske nobelprisvinnaren Ragnar Frisch (morfar til Nadia Hasnaoui, programleiar i Kvitt eller dobbelt) seinare lanserte. Samfunnspartiet fekk heile 45 000 røyster ved valet i 1936, men berre ein representant, Sigurd Jacobsen frå Nordland; kjend som ”smeden frå Bleik”. Lokalt har også Anders Ryste frå Ørsta stått for same politiske synet.
Eit samfunn utan pengar som bytemiddel, som Brende gjekk inn for, er likevel nokså upraktisk og urealistisk. Men økologiske omsyn gjer at heller ikkje den globale kapitalismen og forbrukssamfunnet i si noverande form er særleg framtidsretta.

Blindsjakk
I Florø vart eg også kjend med ein vikarlege, Roald Mikkelsen, som slo meg i eit parti, sjølv om han sat med ryggen mot brettet og snakka med kona mi. Han hadde vore med i NM, men som adventist hadde han fått forkynt at sjakk ikkje var blant det spel som ”himmelen kunne godta”. Eg veit ikkje kva Jens prest seier til slikt; han som sjølv spelar sjakk, iallfall mot Johan og svigersonen! Det kjem kanskje an på omfanget.
Under NM på Røros i 2002 tapte eg først mot ein ung mann som sat i rullestol, sterkt prega av cerebral parese, og deretter på berre 18 trekk mot Tormod Prytz, som hadde gått på blindeskule i lag med Per Pettersen frå Fosnavåg. Den som har sett fysikaren Stephen Hawking, veit at skinnet kan bedra.
Dei beste sjakkspelarane har så godt visuelt minne at dei spelar like godt i blinde, somme jamvel mot fleire samtidig. Polsk-argentinske Najdorf spelte i 1947 mot 45 personar og tapte berre to parti. Noregsrekorden har Rune Djurhus, kollega og klubbkamerat med son min, med heile 13 parti mot gode motstandarar. Men det har også med trening og logikk å gjere. Jula 2001 spelte eg fem parti mot Hans Arild, son min, som vel attende i Oslo sette seg ved brettet, rekonstruerte partia og sende meg ein e-post med alle 472 trekka i rett rekkjefylgje.

Bern
I første artikkelen skreiv eg at Magnus Carlsen var første norske verdsmeister i sjakk. Då hadde eg gløymt psykologen og musikaren Ivar Bern frå Bergen, som vart den 17. verdsmeister i korrespondansesjakk, tidlegare kalla postsjakk. Medan ”lyn” er sjakken sitt svar på Formel 1, er korrespondansesjakk det stikk motsette. Kvalifiseringa til meisterskapen gjekk føre seg i åra 1989-95 og neste runde i tida fram til 2001. Finalen starta i 2002 og er ikkje ferdig enno, men alt i 2006 var striden om førsteplassen avgjort. Men Bern er likevel ikkje regjerande meister i ”sniglesjakk”. Den 18. verdsmeisterskapen vart ferdig før den føregåande! Så sjakk er ikkje berre for dei kjappe og kløktige, men og for dei trege og tenksame.
Internett har elles revolusjonert sjakk både for tilskodar og aktør. Ein kan i dag på fleire nettsider følgje turneringane trekk for trekk i det øyeblikk dei blir utførte, og motstandarar på eitkvart nivå, frå alle kantar av verda, er for handa døgnet rundt. Den som er smitta av spelegalskapen, må berre prøve å styre seg.

lørdag 28. november 2009

"Spillet i mitt liv"

I august 1968 reiste eg med nattoget frå Åndalsnes til Oslo for å ta til på medisinstudiet. Tre år før hadde eg fare same strekninga på veg til folkehøgskule i Stavern. Foreldra mine meinte då at den godtruande sonen kunne bli fråstolen lommeboka alt ved første korsveg, dvs i sovekupéen. Men kupékameratane var slett ingen tjuvraddar: Medisinstudent Kai frå Sykkylven og gamleprosten i Volda, Lars Tjensvoll, som skulle på 50-årsjubileum som teologistudent. Eg sovna trygt og kunne etterpå triumferande skrive heime: ”Prost Tjensvoll stal ikkje pengane mine!”. Atten år seinare vart eg elles kollega med Kai ved Ålesund sjukehus.

André, Espen og Vilde
Via ein annan legestudent, seinare ortopedisk kirurg og Etiopia-misjonær Peter Klungsøyr, med slektsrøter i Herøy, fekk eg hybel hos Leif Høgeid på Tåsen. Høgeid hadde stifta Ullevål sjakklubb og hadde hyllene fulle av speleteori på tysk, sjakkspråket like frå Lasker og Steinitz si tid. Då var det til lita nytte at eg hadde kvitta meg med mi eine bok om emnet for ikkje å bli skipla i studiet. Verten min var òg ein beundrar av lyrikaren og sjakkspelaren André Bjerke. Slik gjekk det til at ”Spillet i mitt liv” av Bjerke vart første boka i mitt eige sjakkbibliotek. Her skriv Bjerke med humor og glød om sin lidenskap for det kongelege spelet. Han er elles kjend for framifrå omsetjingar og formfullendte og fornøyelege dikt, som Sigmund Aksnes deklamerer så glimrande. Men familielivet med diktaren var ikkje alltid like morosamt. Som syskenbarnet Jens Bjørneboe hadde han eit alkoholproblem. Vilde, dottera hans frå ekteskapet med Henny Moan, har i boka ”Han visste om et land” skildra både vakkert og sannferdig korleis det var å vekse opp med slike kunstnarforeldre. Under landsturneringa i sjakk 2008 heldt ho kåseri om faren, som faktisk vann klasse 1 i NM 1953. Diktet ”To luker i himlen" skreiv André Bjerke då Vilde vart fødd, og det siste verset han laga var også stila til henne:
”Helt siden du som nyfødt kropp
for første gang slo øynene opp
som luker i himlen, har du vært god og snill
og fortsatt bevist at Gud er til.”

Mellom alt Bjerke har skrive passar det å nemne novella om småguten Espen, som baud heile barneflokken inn på sjokolade, men dessverre hadde gjort rekning utan vert. Faren ville ikkje stille opp, men brukte i staden innbydinga som utgangspunkt for ei historie, som slutta slik: ”Man bør uavlatelig be hele verden inn på sjokolade”. Espen var nemleg son til André Bjerke; dessutan kullkamerat av Ottar (Grimstad på Hareid) og meg. Som sjakkspelar heldt han ikkje faren sitt nivå; det fekk eg iallfall testa ut. Kanskje spelte bakgrunnen hans ei viss rolle for yrkesvalet. Han vart psykiater.

Moldensar med høg IQ
Formannskapssekretær par excellence, Egil Leikanger, har også eit godt hovud for sjakk. Men han har fortalt at ein gong i Molde vart han sett grundig til veggs, overraskande nok av ein gutunge. Han møtte nemleg Einar, yngste son til Glamox- og Moxy-gründar Birger Hatlebakk. Einar vart seinare både nordisk juniormeister i sjakk og vinnar av spørjekonkurransen ”Hvem vet mest?”, saman med eit par klassekameratar frå gymnaset. Lenge var han også i sjakkeliten her til lands. I Akademisk sjakklubb fekk eg sjå Hatlebakk i aksjon ved brettet, men også innsjå at mi eiga matematiske evne ikkje heldt same nivå. Ti år seinare møtte eg han privat, då svigerinna mi gifte seg med ein av vennene hans. Sidan har det blitt fleire møte og sjølvsagt eit tapt sjakkparti. Einar er svært stillferdig; kanskje gjorde hans intellekt det vanskeleg for han å finne likesinna i yngre år.

Svoger og sjakkspelar
I følgje Bjerke finn kvinner seg i det meste av ektemannen sine luner og lyster, men grensa går ved sjakk. Det er rein galskap og tidsspille. No kunne heldigvis kona mi spele sjakk før ho trefte meg. Brett og brikker fekk difor vere med på bryllaupsreisa til Brighton. Men i ekteskapet bør ein samarbeide og slett ikkje konkurrere. Difor gjekk eg over til å bryne meg mot broren henner, Hermod. Han er snill som dagen er lang, noko valspråket hans i russetida vitnar om: ”For mannen er eit godt hjarta betre enn eit kvast sverd”. På idrettsbana og ved brettet var han likevel konkurransemann på sin hals. Eller ”på andre si hake” vil vel jamaldra Peder Nerem seie. Då eg spurde om han hadde møtt Hermod i gymnastida, bøygde han berre hovudet bakover, viste meg arret under haka og svara: ”Ja, på fotballbana!”. Hermod hadde vunne sjakkturnering i det militære og viste lenge at han tenkte eit trekk lenger enn eg gjorde. Interessa for sport har den fagre og flinke dottera, Annemarta, arva. Kjendisen frå TV2-sporten har elles funne seg mann frå Møre; son til sjølvaste lensmannen vår!

André Bjerke har skrive eit dikt han kalla ”Glanspartiet”, slik det såg ut undervegs. Men siste verset viser at vegen er kort frå triumf til tragedie:

Et glansparti! Jeg var den gudebårne
som ingen mester mer kan overliste.
Så gjorde jeg et trekk. Og mistet tårnet.

Moralen her er myndig bibelstreng:
At de som tror seg først, skal bli de siste.
Og dermed høstet Bjerke null poeng.

onsdag 18. november 2009

Carlsen & Co

Eliten
Sist laurdag gjekk Magnus Carlsen til topps på lista over beste sjakkspelarane i verda; sjå http://chess.liverating.org/. Onsdag fylgde han opp med å bli verdsmeister i lynsjakk, der kvar spelar berre har tre minutts tenkjetid på heile partiet, pluss to sekund pr trekk. Med 31 av 42 oppnåelege poeng var han best i kobbelet av stormeistrar som møttest i Moskva. På andreplass med tre færre poeng fylgde regjerande verdsmeister i vanleg sjakk, indaren Viswanathan Anand, som måtte tole to tap mot Magnus. Det er heilt utruleg at ein attenåring frå vesle Noreg har nådd slikt nivå i ein sport med prestisje i folkerike land som Kina, India, USA og Russland. Og Herøy har faktisk ein ørliten aksje i suksessen til Carlsen, sidan Hans Arild herifrå var ein brikke i spelet for å få på plass sponsormidlar til ein personleg trenar, då Magnus (= den store) var ganske liten.

Medan Magnus er ein mann av få ord, kan det same neppe seiast om sjakkentusiast og historikar Hans Olav Lahlum, som sist veke var gjest hos ”Viggo på lørdag”. Lahlum har på eit par år gitt ut fleire tjukke bøker, sist biografien ”Håkon Lie. Historien, mytene og mennesket”. Kjølås skriv i dag i Sunnmørsposten at ”boka er i meste laget ordrik”. Ja, kanskje fortener Hans Olav same vennlege åtvaring som stortingspresident C.J. Hambro i si tid fekk: ”Du skal ikke bedrive ord!”

Allmugen
Eg kan knapt skryte på meg noko nært kjennskap til korgje av karane, sjølv om eg stod ringside i Moss sommaren 2006 og såg Magnus detronisere Simen Agdestein som Noregs beste sjakkspelar og dessutan har møtt fargeklatten Hans Olav Lahlum fleire gonger, men aldri over brettet. Nei, eg er bokstaveleg talt ein tredjeklasses spelar. Difor høvde det godt at eg var med på ei miniturnering i botnen av Eiksundtunnelen i februar i fjor, for då vart det sagt at aldri har sjakk blitt spelt på eit lægre nivå! Men som i fotball kan ein møte interessante motstandarar også i dei nedre divisjonane. Ein norsk verdsmeister i lynsjakk gav meg difor inspirasjon til å skrive eit par epistlar om mindre kjende sjakkspelarar. Men herøyværingar lyt stå på vent, sjølv om Aage og Johan, dei to syskenbarna med kreative Gjerde-gener, begge er fargerike nok. Aage har jamvel spelt mot Kasparov, den beste sjakkspelaren gjenom tidene. Lat meg heller ikkje gløyme losbåtførar Paul Goksøyr, som debuterte i NM 2004 med premieplass, 72 år gammal!

Nybegynnar
Mi begeistring for sjakk starta i Peta-garden på Runde. Der heldt ein niåring privatskule for sin tre år yngre nabogut. Svein vart faktisk lærar på rett, men er mest kjend som nestor i kormiljøet og dirigent for Con Moto og Eiksundsamklangen. Kanskje er Svein streng også med songarane sine, men han låser dei neppe inne i potetkjellaren, slik eg vart viss eg ikkje kunne leksa. Svein kom frå ein svært musikalsk familie og vart med god grunn kalla ”Toni” av Oluf Runde, som fann treffande utnamn på dei fleste. Song og musikk var difor sjølvsagde fag i førskulen, men på pianokrakken kom eg syrgjeleg til kort. Det gjekk betre då Svein seinare lærte meg å spele sjakk. Der kunne eg etter kvart ta kampen opp mot læremeisteren.

Sjakkspelande sunnmøringar
På Eids Gymnas møtte eg i 1966 mitt alter ego i ein kar frå Stordal med same fornamn, fødselsdag og –år som eg. Han gjekk likevel alt sisteåret på engelsklinja, men var like flink i matematikk og sjakk som i språkfaga. Så fekk han då også beste karakter både i matematikk, engelsk og norsk til eksamen. I 70-åra sette han eigenhendig opp huset deira på Stranda og fekk dermed vist at han meistrar meir enn teori. Og hadde ikkje han presentert meg for ein Firda-russ og presteson frå Solund (eig. Stavanger), er det ikkje sagt Ole Arild hadde blitt herøyværing.
Året etter vart eg kjend med to førsteklassingar frå Vanylven. Den eine var firmenningen min, Arne Redse frå Rovde, og den andre var son til kunstmålar Ansgar Leiten frå Eidså, som er kjend frå fleire kurs i regi av Herøy kunstlag. Arne gjekk reallinja og fekk overta lærebøkene mine i fysikk og matematikk. Att på handelen fekk han boka ”Stormestere spiller sjakk”, for at ho ikkje lenger skulle freiste meg. Odelsguten Arne vart til liks med Garborg bondestudent i Oslo, der realisten las latin, gresk og hebraisk og seinare jamvel tok doktorgraden i teologi. Han er no høgskulelektor i Volda og lærar på Fjellhaug.
Gerhard Leiten var ikkje like flittig som elev, men som sjakkspelar var det ingen på Eid som gjorde han rangen stridig. Han var dessutan musikalsk og spelte piano i Eid spelemannslag saman med husverten min, likkistesnikkaren Ivar Mehl. Dit kom Gerhard ofte, for hos Mehl budde også klassekameraten hans, Hermann frå Ljøsne i Lærdal. Hermann spelte ikkje sjakk, men gitar. Eg nemner han likevel fordi han vart journalist, seinare forfattar, og har skildra miljøet i den litt sjølvbiografiske romanen ”Nordvegen” (Ashehoug 2003). Han har elles fått Sunnmørsprisen for boka ”Han gjorde det” og har sjølv gjort sunnmøring av seg, no busett i Sykkylven, heimbygda til kona hans. Gerhard Leiten har som psykiatrisk sjukepleiar prøvd å forstå menneska sine sjakktrekk gjennom livet. Det kan vere endå verre enn å analysere brikkene sin gang på brettet.

Framhald fylgjer, m.a. om ”Spillet i mitt liv” av André Bjerke og om møbelhandlaren frå Florø, som var tilhengar av Dybwad Brochmann og gav meg boka ”Det pengeløse samfunn”, som han sjølv hadde skrive.

torsdag 5. november 2009

Raudblyant og blåmåndag

Tidlegare redaktør Rise i Sunnmørsposten greip visst til raudblyanten når han fann for mange skrivefeil i avisa, og i Aftenposten har Per Egil Hegge hatt si språkspalte i mange år. Stundom er det freistande å ta etter, sjølv om hovmod som kjent står for fall. Førti års samliv med ein filolog har lært meg at språk er viktig, også som kjelde til frustrasjon. Dei som kan sin grammatikk, gremmer og lir seg gjennom setningane når kommaet kjem på feil plass og syntaksen sviktar. Med retteprogram har sjølvsagt skrivefeila blitt færre, men fire typar feil går stadig att.

Vi mindre stødige slenger ned på eit komma når vi treng ein pustepause undervegs i setninga. Hovudregelen er likevel grei: Det skal vere komma mellom fullstendige setningar, dvs dei med både subjekt og verbal, men ikkje når hovudsetninga blir følgd av ei leddsetning.

Og/å-feil er også ein gjengangar. Infinitivsmerket ”å” skal stå føre eit verb i infinitiv; f.eks. å lese. ”Og” er derimot ein konjunksjon (bindeord; jamfør det engelske ordet ”conjunction”), som blir brukt for å binde saman to ord eller setningar.

Også journalistar kan ha problem med å skilje mellom svake og sterke verb, særleg på nynorsk. For ikkje å hengje ut nokon namngitt person, vil eg vise til eit par leiarartiklar i Sunnmørsposten. Desse er oftast særs velskrivne, men sjølv dei beste kan ta feil.
31. oktober stod det i siste avsnitt om ”småprodusentar som bygg seg opp”. ”Byggje” er eit svakt verb, og presensforma er sjølvsagt ”byggjer”, men i vår dialekt er siste konsonanten (r) stum, og difor er det lett å skrive feil. Ei anna fallgruve er verb med sterk bøying på bokmål og svak på nynorsk. 3. november stod det at ”Abdullah trakk seg som motkandidat”. Det er korrekt på bokmål, men sidan artikkelen elles var på nynorsk, skulle det stått ”trekte”.

Ordstillingsfeil, som i setninga ”det å delta i sjølv eit slikt val” frå sistnemnde leiar, skjer ofte når vi forandrar litt på ei formulering. ”Sjølv” er her enten unødvendig eller feilplassert.
Feil syntaks er svært vanleg når vi snakkar. Blant politikarane var C.J. Hambro kjend for å halde styr på bisetningane og innskota, sjølv om desse vart mange, medan Gro Harlem Brundtland stundom gjekk i surr når setningane vart for innfløkte. I skriftleg arbeid fell det lettare å lage meiningsfylte setningar med samanheng og logikk, sjølv om vi nokon kvar kan ha ein dårleg dag eller blåmåndag.

mandag 2. november 2009

Skrefsrud, Hodne og French

Skrefsrud
”Kerap – jungelfolkets høvding” er tittelen på ei barnebok om Lars Skrefsrud, straffangen som vart språkforskar og starta Santalmisjonen. Som fattig husmannsgut frå Fåberg med ein alkoholisert far fekk Skrefsrud ein vanskeleg start i livet. I ungdomstida kom han sjølv bort i fyll og tjuveri og vart dømd til fire år på Botsfengslet i Oslo. Tida der vart ikkje berre til bot, men også til betring. Han vende om og byrja å studere språk for å bli misjonær. Med fortid som fange fekk han avslag då han seinare søkte på Misjonsskulen i Stavanger, men andre vegar opna seg for han til vidare studium og misjonsteneste. Han lærte seg etter kvart heile 18 ulike språk. Denne givnaden hans kom santalane til gode. Han vart deira Ivar Aasen og skapte eit skriftspråk på grunnlag av talespråket. Han gav ut både grammatikk, salmebok og dei fire evangelia på deira eige språk. Med god grunn vert han rekna som ein av dei største språkforskarane Noreg har fostra. Skrefsrud døydde i 1910 og ligg gravlagd i Benagaria i India. Minoritetsfolket santalane har i dag si eiga kyrkje med 150 000 medlemmer.

Hodne
Misjonær Olav Hodne skreiv denne interessante boka alt i 1952, men ho kom i ny utgåve på Lunde forlag i 1990. I mellomtida (1967) hadde Hodne tatt teologisk doktorgrad om misjon og sosiale reformer blant santalane på 1870-talet. Boka om ”Kerap”, namnet santalane gav Skrefsrud, gjorde slikt inntrykk at eg skreiv stil om ho til eksamen på framhaldsskulen. Sidan har eg vore merksam på Hodne, som på fleire vis følgde i fotspora til Skrefsrud; ikkje som språkmann, men som misjonær og leiar for hjelp til flyktningar og forkomne i Bangladesh og India. For dette vart han heidra både med Nansenmedaljen og St. Olavs Orden. Tre gonger nominerte Moder Teresa han som kandidat til Nobels Fredspris. Hodne døydde no 29. oktober, 88 år gammal. Odd Kvaal Pedersen gav i 1984 ut ein biografi om han, der tittelen talar for seg sjølv: ”Ildsjel, et portrett av Olav Hodne”.

French og French
Hilde Hodne French er dotter til Olav Hodne. Ho har vore leiar i både Norsk Organisasjon for Asylsøkjarar og For livsrett og menneskeverd og har såleis følgd opp faren sitt humanitære arbeid. Mannen hennar var engelsk vasskraftingeniør, og dei arbeidde med u-hjelp i Peshawar i Pakistan då guten deira, Joshua, var liten. Sjølv om Hilde Hodne French har vore øvste leiar i to profilerte organisasjonar, seier det litt om tida vår at namnet hennar berre gjev 3000 treff på Google, medan faren får 140 000 og sonen, ein 27-årig fallskjermjeger, heile 10 millionar. Men så har han også fått fem dødsdomar for noko han neppe har gjort. Det verkar iallfall usannsynleg at han og Moland med vitande og vilje skulle ha drepe sin kjentmann og sjåfør, som var leigd for å få dei trygt attende til Uganda. Ein drep vanlegvis ikkje den ein set si lit til i ein kritisk situasjon.
Desse glimta frå fire livshistorier startar på Botsfengslet i Oslo og endar førebels i fengslet i Kisangani. Der har nordmennene gitt hjelp til fleire medfangar, som for det vi veit også kan vere offer for eit korrupt rettsvesen. I Kongo er det våpna og ikkje retten som rår. Men underleg nok kan sjølv eit fengsel vere staden der ein startar eit meiningsfylt liv i teneste for andre. Det skjedde for Skrefsrud, og det kan skje igjen.

torsdag 8. oktober 2009

Framandfrykt?

Etter blasfemi- og hijab-sakene har Vårt Land på leiar- og kommentarplass prøvd å tolke den folkelege reaksjonen. Ein del sant og rett blir skrive om å skilje mellom viktige og uvesentlege ting, men forklaringane har også ein fellesnemnar, frykt for islam. Slik forståing er ikkje Vårt Land åleine om. Dei fleste media talar om framandfrykt, og somme skribentar legg også til rasisme. Analysen er likevel for enkel og vitnar om manglande bakkekontakt. Kjenslene til meinigmann er langt meir nyanserte og differensierte. Dei spenner over ein skala frå framandgjering via forarging og frustrasjon til den omtalte frykta, og kvar sinnsstemning er knytt til ulike forhold. Den mest aggressive kjensla, sinnet, er ikkje retta primært mot muslimar, men først og fremst mot eigne styresmakter.

I heimen vår er vi omgitt av kjende og kjære ting. Vi ordnar oss som vi vil utan innblanding frå andre. Ordet ”heimland” viser til at vi har eit liknande forhold til landet vårt. Når bybildet i stadig fleire strøk av Oslo ber preg av andre kulturar, synest somme det er fargerikt og flott, medan mange i staden kjenner seg framandgjort i sin eigen hovudstad. Det er ei vemodig og reell kjensle, sjølv om mange sikkert vil kalle det nyttelaus nostalgi, på linje med syting over andre synlege og gradvise endringar av samfunnet. Slike har likevel skjedd som naturleg følgje av tekniske nyvinningar og impulsar utanfrå og ikkje som ein konsekvens av innvandring. Det talsmenn for eit ”fleirkulturelt samfunn” ikkje forstår, er at innvandrarane har same behovet for eit kjent miljø og ein omgangskrets dei lett kan kommunisere med. Det går ikkje primært på religion, men på nasjonal kultur. Nyleg intervjua Aftenposten ein arabisk familie i Malmø. Dei var så nøgde over å ha fått nye naboar av eigen etnisitet i staden for (muslimske) familiar frå Somalia og Bosnia. Slik har innvandrargrupper i alle land søkt saman etter opphavsland, og dei som først budde i området, har flytta ut. Like barn leikar best. Samfunn blir skapt av felles kultur. Difor er det fleirkulturelle samfunn ei sjølvmotseiing.

Forarginga er nok retta mot både freidige muslimar, som krev særordningar for sine grupper, og styresmaktene, som så lett gir etter. Folk blir spesielt irriterte når det blir kravd eller praktisert at nordmenn må tilpasse seg muslimsk kultur og ikkje dei til vår. Som døme kan nemnast krav om halal-mat for alle innsette i fengsla. NRK-programmet Spekter viste 18. mars korleis skular i Oslo (av praktiske grunnar) serverer halal-kjøt til alle elevane, uavhengig av religionen deira. Sjølv bilde av Nasse Nøff vert fjerna. Fakta som kan støyte eller stemple, blir ofte underslått av media. Internasjonalt arbeider islamske land for å forby religionskritikk, og dropen som fekk begeret til å flyte over her heime, var forslaget om nytt uniformsreglement for politiet, på grunnlag av søknad frå ei kvinne om å bere hijab. Frå gammalt av har vi ordet ”skikk fylgje eller land fly”. Dei som ikkje er nøgde med våre skikkar, har oftast høve til å reise attende til heimlandet sitt, der dei kan ordne liv og samfunn etter ønskje; slik dei fleste meiner også vi bør ha rett til. Særkrav frå muslimar kan verke spesielt provoserande og hyklerisk, fordi ein ser dei som representantar for land med sterk undertrykking av annleis truande og tenkjande, der minoritetar må gå stilt i dørene for å unngå overgrep. Dei færrast har jo kome som politisk flyktningar, i opposisjon til kultur og styre i heimlandet. Også teikn til sviktande samfunnslojalitet og –moral ergrar. Aftenposten skreiv 15.06.08 at 352 drosjeeigarar hadde tent 552 millionar svart, 589 sjåførar 116 millionar, medan begge grupper i same tidsrom hadde fått 100 millionar i trygd. Årsaka er gjerne bakgrunn i samfunn organisert etter slekt og dermed manglande forståing for at velferdsstaten byggjer på solidaritet utover familien.

Frustrasjonen rettar seg oftast mot styresmaktene, som synest å ta meir omsyn til minoritetar eller til dei som enno er i fleirtal. Kvar gong slike saker kjem i fokus, får difor FrP eit lyft på meiningsmålingane. Heller ikkje media går fri folkeleg harme når dei påstår at integreringa går best viss vi er utydelege på våre krav og ideal og let vere å kritisere slikt vi ser på som ukultur.

Framandfrykt blir brukt om frykt for det som er annleis, men likevel ufarleg, slik at frykta i realiteten er grunnlaus. Spørsmålet er om det faktisk er tilfelle. Ein femtedel av kvinnene i Oslo seier dei er redde for å gå åleine ute om kvelden (Aftenposten Aften 22.09.08). Årsaka er sjølvsagt frykt for overfall eller valdtekt, som har auka i takt med innvandringa. 100% av alle overfallsvaldtekter siste åra er gjort av menn frå andre kulturar. Berre 2-3 prosent av befolkninga er muslimar, men i fengsla utgjer dei 30 prosent av fangane. Andre er redde for at muslimane skal bli så talrike at dei på demokratisk vis kan endre kultur og styresett. Pakistan, Irak, Somalia og Tyrkia har i snitt meir enn firdobla befolkninga siste seksti åra. Ein må difor rekne med sterkt innvandringspress frå folk i desse landa, sidan dei alt har ein fot innanfor her i form av slektningar. Muslimane er ikkje noko veik eller truga gruppe, men den som veks raskast både i Noreg og Europa. Både når det gjeld biologisk og kulturell reproduksjon er dei langt meir effektive enn den ny-liberale kulturen vår, i følgje sosiologen Sigurd Skirbekk (Norge IDAG 08.03.05). Ønskjer vi at tradisjonell kristen kultur og/eller liberal kultur skal rå grunnen, må vi sørgje for det sjølve og ikkje satse på import. Det paradoksale er at den kulturradikale eliten, som sterkast støttar innvandring, truleg vil få minst livsrom i eit muslimsk samfunn. Men sjølvsagt er dette funderingar i eit hundreårsperspektiv og ein kan frykte mange konfliktar etter kulturelle skilje før den tid.

Vox populi

Då Sunnmørsposten skrumpa til tabloid format, vart avisa meir lettlesen i dobbel forstand. I tronge tider har no ei heil spalte blitt bytt bort med ein blå, loddrett strek, og sidene har fått fleire og større bilde, men færre ord. Kanskje er dette ein god vri for folk i tidsklemma. Det må likevel vere lov å minne om at det er Morgenbladet, med mykje tekst og få bilde, som aukar opplaget. Taparane er takk og pris dei tradisjonelle tabloidavisene.

Viss regionavisa vår ikkje har råd til å halde seg med habile skribentar, kunne Sunnmørsposten gitt meir spalteplass til slike som skriv gratis og stundom både betre og rettare enn det profesjonelle journalistar presterer under tidspress. I staden har avisa skore ned på maksimal lengde på innlegg frå publikum, sett av færre sider til debatt og fyller ofte den knappe plassen med meiningane til ministrar og politiske aktørar. 8. oktober fekk kommunalminister Kleppa, stortingsrepresentant Gustafsen og lokalleiar i Europabevegelsen Grepstad ha den eine debattsida heilt for seg sjølv. Kvar blir det då av vox populi, folkets røyst?

Kanskje meiner Sunnmørsposten at ytringar og diskusjonar i hovudsak bør ha sin plass på nettet. Eldre personar blir nok då delvis ekskluderte. Det er synd, for det finst mange seriøse nettsider, der vesentlege samfunnsspørsmål blir tatt opp og debattert, medan papiraviser brukar plassen på pjatt. Kva til dømes Drillo Olsen har sagt om fotballagent Baardsen har ikkje allmenn interesse utan som slarv. Som eksempel på lesverdige internettsider vil eg nemne rights.no og document.no ; begge med stoff om innvandring og integrering som til nyleg vart underslått av andre media. Og ønskjer nokon å lese samfunnskritikk frå underskrivne, kan dei finne det på vaartheimland.blogspot.com.

Er Gud god og kristendom gagnleg?

På grunnlag av Mosebøkene spør Elias Vågnes (EV) i Smp 14. sept. om Jehova var ein kjærleikens gud. Til det er å seie at heile Bibelen er skriven av menneske og ber preg av det. Gudsbildet i Bibelen endrar seg etterkvart, frå det nokså primitive, der JHVH/Jahve//Herren angrar på at han har skapt menneske og dyr og vil utslette dei, til Jesu ord til Nikodemus om at Gud elskar verda og vil gje evig liv til dei som trur på Son hans.

Det største tankekorset for EV er at ”Jehova tek livet av sin eigen son”. Jesus ordla seg annleis; Joh 10.38: ”Faderen er i meg, og eg er i Faderen”, og Joh 10.18: ”Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det og makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.”
Einaste grunnlaget kristne har for å tru dette er to tusen år gamle vitnemål om Jesu oppstode.

Det kan verke logisk å skulde skaparen for alt vondt i verda, men det tek bort vårt eige ansvar. EV peikar på at den jødiske migrasjonen til Palestina førte til konfliktar og liding. Det er ikkje spesielt for Midtausten. Det spesielle er at jødane hadde større grunn til å bryte opp enn dei fleste emigrantar har hatt. Ansvaret for dette må ikkje minst europearar bere. Sionismen som ideologi var primært sekulær, sjølv om den også la vekt på historiske band til landet.

Eg er samd med EV i at arven frå Hellas la grunnlag for vitskap og folkestyre, men utan kristne munkar ville skriftene gått tapt. Menneske- og likeverd har derimot kristne røter. Slavehald og skikken med å setje barn på skogen vart det først slutt på i Europa då kristendomen fekk fotfeste.

Luther var barn av si tid, men likevel ein stor reformator. Han gjorde Bibelen tilgjengeleg for vanlege folk; noko som representerte ei enorm demokratisering. Ved å skilje åndeleg og verdsleg makt var han heilt på linje med EV i synet på teokrati. Og det var ikkje hans tilhengjarar som brende kjettarar, slik EV skriv; det var tvert om einskilde av dei som vart brende. I boka ”Forsvar for rationaliteten” (Informations forlag 2008) har den danske filosofen Kai Sørlander vist kva kristendomen har hatt å seie nettopp for utvikling av rasjonell tankegang.

Det er leitt at EV har møtt ei forkynning som har gitt han eit bilde av Gud som ”nidkjær og sadistisk”. Slikt bør barn bli spart for. Men for meg synest det som om samfunn bygd på ateistisk ideologi har gitt sadismen langt større spelerom, slik ein har sett det både under nazismen, kommunismen og maoismen.

onsdag 7. oktober 2009

Mygg versus kamelar

Journalistar skriv om å sluke kamelar når politikarar som del av eit kompromiss må røyste for noko dei eigentleg er i mot. Dei veit kanskje ikkje at uttrykket har bibelsk bakgrunn, men ei heilt anna tyding. Jesus skulda nemleg farisearane for å sile frå myggen, men sluke kamelen; dvs bry seg om bagatellar, men oversjå det som er langt viktigare.

Det gjer media stadig vekk, sist Sunnmørsposten 6. oktober, når dei igjen hakkar på jordmora som ikkje likte bannskap. For fire år sidan sende ho konfirmantar brev med religiøst innhald, må vite! Eg som trudde gåver og gudsord var velkomne og passande på ein slik dag, sjølv frå ei jordmor. Men i vår individualistiske kultur er det kanskje viktigare å ikkje bry seg, å ikkje trengje seg på.

Så til det alvorlegaste klagemålet mot jordmora, som Sunnmørsposten har sett i vår tids gapestokk. Ho har ”sendt sensitive journalopplysningar til femtenåringar” og må difor ha notert og tatt vare på fakta frå fødslane der ho var jordmor. Dei sensitive data er oppgitt å vere fødselsdag og –tidspunkt. Å få vite tidspunktet for eigen fødsel kan knapt skade nokon, og fødselsdagen sin kjende vel femtenåringane frå før.

Eg ser at Helse Sunnmøre HF har ein databrukarkontrakt som forbyr lagring av slike data utanfor dei godkjende personregistra. Men kirurgar og gynekologar har i alle år fått kopi av journalnotata frå operasjonane dei utfører. Desse lagrar dei til bruk som dokumentasjon på kvalifikasjon ved seinare søknad om spesialistkompetanse. Eg hadde sjølv lenge ei samling slike ståande i ein ringperm, faktisk nettopp frå Ålesund sjukehus. Og då eg i 1977 byrja som distriktslege i Herøy, fanst det ikkje journaldata eldre enn 20 år. Arkiv frå tidlegare år hadde legane tatt med seg, som sine personlege notat.

I dag er største trugsmålet mot teieplikta lett tilgang til legejournalen via dataterminalar, som finst overalt på sjukehusa. For helsepersonell kan også moralen vere dårlegare enn hukommelsen. Medisinske opplysningar blir dessutan spreidde via legeerklæringar, til m.a. NAV og private og offentlege forsikringsselskap. Men både Sunnmørsposten, Helse Sunnmøre HF og Statens helsetilsyn prøver visst å tette lekkasjane ved å få på plass nygla i staden for å late att botnlukene. Men kanskje agendaen er ein heilt annan. Det er det pikante som sel i ein tabloid kvardag. Og folka i helsetilsynet har heilt sidan Karl Evang si tid reagert krakilsk når dei får ferten av kristenmanns blod.

tirsdag 18. august 2009

Åndsfridom, likeverd og solidaritet – religiøse fellesverdiar?

I følgje føremålsparagrafen for skulen er åndsfridom, likeverd og solidaritet verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar. Sidan opplæringa òg skal fremje vitskapleg tenkjemåte, som byggjer på fakta, er det grunn til å sjå kva status desse verdiane faktisk har i ulike religionar og i land som desse religionane har fått prege.

Islam har eit skilje mellom truande og ”vantru” som også definerer kva sivile rettar ein har i samfunnet. Den juridiske tradisjonen er dessutan svært kvinnediskriminerande. Ser ein på ytringsrett og trusfridom, kjem dei muslimske landa nesten utan unntak nedst på alle lister, ilag med dei verste kommunistdiktatur og andre tyranni.

Hinduismen har med sitt kastevesen ein innebygd rangorden som pregar samfunnet. Dei kastelause blir sterkt diskriminerte. India har politisk fridom, medan trusfridomen er under press frå hinduistisk nasjonalisme.

Buddhismen kan synest meir tolerant, men trua på sjelevandring, som dei har felles med hinduismen, er eit hinder for solidaritet med fattige, som ein reknar med får som fortent etter sitt førre liv.

I Japan var det ikkje shintoismen, men vestleg påverknad som gjorde slutt på føydalsystemet, og først amerikansk okkupasjon som gav ein demokratisk konstitusjon med politisk og økonomisk fridom.

Det var i den kristne kulturkrins åndsfridom, solidaritet og menneskerettar voks fram, inspirert av Det nye testamentet sin bodskap om nestekjærleik og menneskeverd. I boka ”Forsvar for rationaliteten” skriv Kai Sørlander at Jesu ord om at hans rike ikkje var av denne verda, gav rom for den frie tanke, som skapte både slike åndsverdiar og ein sekulær stat. Og den amerikanske religionssosiologen Rodney Stark rehabiliterer skolastikken frå teologisk flisespikkeri til banebrytande føresetnader for seinare humanisme, vitskap og teknikk.

Mest alle sivilisasjonar beherskar i dag det tekniske, medan berre den vestleg/kristne er prega av grunnleggjande åndsfridom og likeverd. Formuleringane i føremålsparagrafen er difor eit nytt eksempel på Orwell sitt ”newspeak”, der lygn blir gjort til sanning for å tene det politisk korrekte.

Siste sjanse?

Ved siste årsskiftet var det 422 000 innvandrarar og 86 000 norskfødde med to innvandrarforeldre i Noreg, til saman 508 000 personar, med bakgrunn frå 214 ulike land. På grunnlag av m.a. årleg nettoinnvandring har Statistisk Sentralbyrå (SSB) fleire gonger rekna ut kor stor innvandrarbefolkninga vil bli i framtida. SSB har gradvis oppjustert prognosen over sannsynleg nettoinnvandring, frå 10 000 i 1999, 13 000 i 2002 til 16 000 i 2005, fordi den mellom kvar revisjon hadde auka meir enn berekna. Siste par åra har innvandringa vore langt høgre, men SSB reknar no med at den gradvis vil falle og på lengre sikt bli mellom 10 000 og 32 000, mest truleg kring 19 000 i året. Dette vil gi 1.7 millionar innvandrarar medrekna norskfødde barn i 2060; høgste alternativet 2.6 millionar, 1/3 av befolkninga. 1.7 millionar vil ha bakgrunn frå land utanom EU og Nord-Amerika.

Av fleire grunnar kan dette likevel vere for lågt sett. SSB tel ikkje dei som berre har ein innvandra forelder. Det er greitt. Men SSB reknar heller ikkje med dei som har fire innvandra besteforeldre, dvs etterkomarar utover 1. generasjon, sjølv om dette kan bli mange etter kvart.
SSB reknar også med at fødselsraten for innvandra kvinner frå u-land vil falle etter få år i Noreg, og at iallfall norskfødde kvinnelege etterkomarar vil ha fødselsrate godt under reproduksjonsnivået på 2.08. Det er såleis ikkje rekna med at fødselsraten vil halde seg på nivåa SSB sjølv gjev opp for åra 1990-2003, ca 3.5 for kvinner eldre enn 17 år då dei kom til Noreg, og ca 2.2 for dei som var yngre.
SSB har òg lagt til grunn at norskfødde etterkomarar frivillig sluttar å hente ektefelle frå foreldra/besteforeldra sitt heimland og i staden finn seg makar/sambuarar her til lands, gjerne med annan etnisitet enn sin eigen. Til no har omlag 3 av 4 norsk-pakistanske ungdomar gifta seg med ein frå Pakistan. Berre 1% av jentene blir gifte med etniske nordmenn.

Det er verken mogleg eller ønskjeleg å hindre all innvandring. Sjølvsagt skal vi også møte alle menneske med respekt, men av det følgjer ikkje at dei fleste frå konfliktområde eller fattigare land har krav på varig opphald og norsk statsborgarskap berre dei kjem seg hit. Ingen parti står offisielt for ein slikt syn, men dette har likevel blitt resultatet av godkjent praksis gjennom mange år. I si tid vart Jon Michelet (RV) sett på som ekstrem då han ville opne for 1 million innvandrarar. No står det politiske fleirtalet for eit regime som kan gi 3 gonger så mange innan halvannan generasjon. Meir enn 2 millionar av desse vil ha annan kultur enn vår. Ein må vere nokså naiv for ikkje å forstå at både omfanget og kulturskilnaden vil endre samfunnet vårt radikalt. Dei som med multikultur som mål går inn for ein slikt storstilt sosialt eksperiment, er dei verkeleg ekstreme, ikkje folk i Framstegspartiet. Eit spørsmål som inneber så omfattande samfunnsendringar, burde vore lagt ut til folkerøysting. No kan ein risikere at folk og kultur gradvis bli utskifta, medan både naive og ekstreme politikarar får halde fram som før. Alternativet er å stemme Framstegspartiet til dei andre partia tek til vitet.

fredag 12. juni 2009

Leiar i Vårt Land: Ok å slå muslimar

Ved vinklinga ”Ok å slå muslimar” viser VL at personar frå minoritetsmiljø med annan kultur per definisjon er offer og difor heva over kritikk. For imamar som slår, er vel også muslimar; jamvel meir typiske representantar enn barna. Slik sett ville overskrifta ”Ok at muslimar slår”, passa betre. Likevel veit ingen om dette er tankegangen hos politiet, men i så fall er det primært media og myndigheiter å klandre, som i ein mannsalder har prøvd å innprente oss respekt for andre kulturar enn vår eigen. Først når Abid Raja og andre muslimar seier frå, kan også politifolk reagere utan å bli stempla som rasistar.

Tamilske tap

Eit tenkt scenarium: Israelske styrkar omringar 300 000 palestinarar på eit lite område i Gaza, bombar tiandeparten til døde og set resten i konsentrasjonsleir. Undervegs er NRK taus bortsett frå følgjande melding på tekst-TV: ”Statsminister Netanyahu lovar å frigjere den innesperra sivilbefolkninga frå Hamas sine klør”. Og etter at Hamas er nedkjempa med svære sivile tap, kjem NRK med stadig nye meldingar om kor fælsleg denne terrororganisasjonen er, for liksom å rettferdiggjere det som er gjort. I staden for bilde av ofra får vi sjå jubelscener frå Jerusalem og Tel Aviv, der sigeren blir feira. FN sitt sikkerheitsråd er ikkje stort likare. Den franske FN-ambassadøren proklamerer stolt at rådsmedlemmane for første gong har blitt samde om ein tekst som utan atterhald fordømer Hamas.

Sjølvsagt er dette utenkjeleg når det gjeld Gaza, men skire fakta for Sri Lanka. Fråsegnene og rapportane er autentiske. Berre skift ut palestinarar med tamilar, Hamas med LTTE, israelarar med singalesarar og statsminister Netanyahu med president Rajapakse.
Tjue gonger større sivile tap på Sri Lanka har ikkje fått ein hundredel av merksemda som vart ofra i Gaza til del. Framleis er det ruinane der dagsrevyen viser fram, med Sidsel Wold som cicerone for stadig nye delegasjonar. Desimeringa av tamilar blir det teia om, trass i at tusenvis av norske statsborgarar har tamilsk bakgrunn. Forstå det den som kan.



tirsdag 17. mars 2009

Nasjonalstaten

Sigurd Skirbekk: Nasjonalstaten: Velferdsstatens grunnlag (Kolofon 2008)

Pensjonert professor i sosiologi, Sigurd Skirbekk, har tidlegare skrive 12 bøker der gjennomgangstemaet er om kulturen av i dag har svar på utfordringane vi no går i møte, m.a. innan demografi og økologi.

I ”Nasjonalstaten” tek han utgangspunkt i diskusjonen omkring pensjonsreforma, som primært handla om finansiering. Men Skirbekk stiller eit meir grunnleggjande spørsmål: Vil viljen til solidaritet og økonomisk utjamning i samfunnet stå seg viss vi oppmuntrar ein kultur og ei utvikling som splittar i staden for å samle? Han viser til at solidaritet på eit statleg nivå har sine føresetnader i luthersk sinnelagsetikk, sosialpolitisk likskapsideologi, folkeleg nasjonalkjensle og gjensidig tillit i samfunnet; føresetnader som alle er trua i ein multikulturell stat, som ikkje lenger vil formidle ein bestemt kulturtradisjon og der den dominerande ideologien er individ- og gruppeorientert, sekulær og antinasjonal.
Eit eige kapittel er vigd styrke og veikskap ved norsk kultur. Til det første høyrer eit heldig historisk samspel mellom nasjons- og demokratibygging og ein god balanse mellom ulike verdiar, medan veikskapen særleg har vist seg siste generasjonen, etter som forbrukarsamfunn og kulturradikale tankar om frigjering har gitt svekking av motkulturar, tradisjonar og normer.

Kvifor har så stemninga snudd frå nasjonalisme til antinasjonalisme? Skirbekk meiner dette har skjedd i eit samspel mellom forskingsmiljø, politiske pressgrupper og visse mediemiljø, som står for mest mogleg frie val for den einskilde, men skjuler at samfunn også er avhengig av orden og meiningsberande kultur. Teknologisk utvikling har gitt media ei makt som aktørane legitimerer ved kritikk av dei som har fagleg, folkevald eller tradisjonell autoritet i samfunnet.

Skirbekk skriv det har vore lite forskingsbasert forsvar for familie og fedreland, men demonstrerer i boka si at kjelder til eit slikt forsvar finst i rikt mon. Debattforma hans er lågmælt, men overtydande. Han formulerer først tankane i tida og kjem så med godt dokumenterte motargument. Det er ein fryd å sjå korleis han slik viser det falske i ti antinasjonale påstandar og avslører det fordekte og feilaktige i sju kultur- og samfunnstolkingar med antinasjonal tendens frå siste femti åra. Det er også spennande å følgje han på leiting etter alternativ til nasjonalstaten, sjølv om han ikkje finn noko som kan erstatte nasjonal identitet og lojalitet, bygt på felles språk, tru, slektsband og identifikasjon med land og historiske røter.

”Nasjonalstaten” er både ei fagbok og ein politisk kommentar. Boka høver for alle samfunnsinteresserte og for dei som treng argument til bruk mot det Skirbekk kallar ”antinasjonale fortolkningseliter i kulturliv og medier”. Kanskje mynta på desse gruppene byrjar boka slik: ”Å være for velferdsstaten, men mot nasjonalstaten, det er ikke progressivt. Det er selvmotsigende.”

God dag, mann! Økseskaft!

Oddbjørn Melle skreiv 25. februar under Synspunkt i Sunnmørsposten at Hamas vart skapt og støtta av Israel og USA. I eit innlegg 3. mars stilte eg meg spørjande til kor aktiv slik støtte kan ha vore, sjølv om eg er samd i at sivile tap og lidingar på begge sider har gitt meir makt både til Hamas og høgresida i israelsk politikk. Eg reagerte også på den einsidige framstillinga, der han gav Israel ansvaret for alt som har gått og framleis kan gå gale i Midtausten, medan Hamas-leiarane vart kalla ”institusjonsbyggjarar” som står for ”organisasjon og leiarskap”. ”Uregjerlege” var den mest kritiske nemninga han nytta om dei.

I eit nytt innlegg 13. mars svarar ikkje OM på noko av det eg stilte spørsmål ved eller påpeikte var utelate av fakta. Det er dårleg dialektikk (samtalekunst). I staden har han hengt seg opp i overskrifta ”Hamas sett frå Høgskulen”, som han tolkar fornærmeleg. Frå mi side var dette berre ei faktisk konstatering og ikkje meint som generell kritikk eller nedvurdering av kunnskapar og kompetanse, korkje hos OM eller ved Høgskulen generelt. Også andre akademiske miljø er kritiske til jødestaten, men OM har ein krass stil som kan provosere.

Mykje av siste innlegget sitt brukar OM til å skildre korleis det var å møte skarp kritikk av Israel i universitetsmiljø for 40 år sidan og til å referere kva Benny Morris seinare har funne ut om etnisk reinsing i 1947-48. Sjølv synest eg både fornekting og skifte av syn til det stikk motsette er lite rasjonelle reaksjonsmåtar på nye fakta. Men eg les gjerne boka til OM og forstår at han vart litt hårsår når han trudde ein lekmann ville trekkje hans kompetanse i tvil. Viss han i kronikken sin hadde skrive at Det muslimske brorskap kunne agitere for sitt syn i ly av moskéane i åra 1967-87, skulle eg gitt han rett. Men at Israel ”oppmuntra framveksten av Hamas første åra etter skipinga i 1987”, og at ”grunnleggjaren, sjeik Ahmed Yassin, (i denne tida?) fekk operere fritt”, tvilar eg framleis på. Yassin sjølv vart alt i 1984 dømd til 15 års fengsel og så frigitt i ei fangeutveksling året etter. I 1989 var han dømd til livsvarig fengsel, men sett fri i 1997 i byte med israelske agentar.

Det eg særleg reagerte på var avslutninga av kronikken:. ”Presterer kanskje leiarane i det moderne Israel med sin politikk å framprovosere nettopp det dei pretenderer å unngå; eit nytt Masada?” Sjølv med spørjeteikn etter går han her langt i å leggje skulda for eit endeleg nederlag for staten Israel på israelarane sjølve. Viss ein godtek dette resonnementet, at dei har seg sjølv å takke, ligg det farleg nær å tenkje at i så fall kan dei berre ha det så godt. Og vi andre kan toe våre hender.

onsdag 25. februar 2009

Hamas sett frå Høgskulen i Volda

Historieprofessor Oddbjørn Melle (OM) hevdar at Israel sjølv har hovudansvaret, både for framveksten av Hamas og si eiga moglege endelikt, men er inkonsistent i kritikken og utelet fakta som er avgjerande for om dette resonnementet held.
OM skriv at Israel ”oppmuntra framveksten av denne islamske rørsla første tida etter skipinga i 1987”. Denne tida var Hamas og forløparen Al-Majama mest kjende for at dei starta skular, klinikkar og bibliotek. Meiner OM at Israel burde motarbeidd slike sosiale prosjekt blant palestinarane? Og korleis veit han at israelarane let vere på grunn av ein marxistisk tankegang om ”religion som opium” for folk? Fengslinga i 1989 av Hamas sin stiftar og leiar, Ahmed Yassin, kan iallfall knapt kallast ei ”oppmuntring”.

Då Oslo-avtalen vart underskriven i 1993, hadde Hamas ”likevel berre 15% oppslutning” i følgje OM. Også eg ser at israelske, politiske vedtak etter 1993 kan ha gitt auka palestinsk støtte til Hamas. Men OM fortel ikkje historia vidare i rett rekkjefølgje og viktige hendingar hoppar han over. Han nemner ikkje med eitt ord at Hamas bomba heile Oslo-avtalen i filler ved sjølvmordsåtak på sivile israelarar. I staden skriv han at ”talet på busetjarar dobla seg neste tiåret”, sjølv om dette først skjedde etter at Hamas hadde ”hjelpt” Likud til makta i 1997. Heller ikkje utsegna ”Hamas steig fram som den nye krafta på palestinsk side. Dét hadde for så vidt Israel vona på og arbeidd for” står til truande, med tanke på Hamas sitt charter om ein islamsk, palestinsk stat på heile Israels territorium.
OM underslår også den andre intifada, som kom etter samanbrotet i Camp David-forhandlingane i 2000; begge to viktige årsaker til at Ehud Barak og Arbeidarpartiet tapte valet i februar 2001. Å skrive om israelsk blokade, gjenerobring av palestinske byar og drapet på Hamas-leiar Ahmed Yassin utan å nemne denne samanhengen er rein historieforfalskning.

OM omtalar Israel som ”ei av verdas sterkaste militærmakter”, men kan då ikkje ha tatt med i vurderinga kva areal, folketal, råvarer og produksjonsevne har å seie for militær styrke. Når han skriv at Israel risikerer eit nytt Masada, vedgår han indirekte at Israels militærmakt er avgrensa eller at andre faktorar er meir avgjerande for at ”tida neppe arbeider for staten Israel”. Etter mi meining har stor arabisk folkevekst og endring i verdsopinionen mest å seie. Til det siste føremålet har no også ein historieprofessor frå Volda ytt sin skjerv.

onsdag 18. februar 2009

Eg trur på under!

I samband med boka om Snåsamannen har både lek og lærd ytra seg om tru og overtru. Sjølv har eg korkje teologisk eller medisinsk doktorgrad, men eg har vanka i ulike kristne krinsar, har 35 års praksis som lækjar og har interessert meg for emnet i alle år.

Då den såkalla karismatiske rørsla kom til Noreg kring 1970, var eg på nokre møte i Misjonsaulaen i Oslo, der amerikanske forretningsmenn (Full Gospel Business Men's Fellowship International) m.a. dreiv diagnostikk av og bøn for folk med ulik beinlengde. Sjølv ein fersk medisinstudent kunne sjå store feil både ved undersøkinga og vurderinga av resultatet, men om noko er amatørmessig, treng det ikkje vere medvite humbug. Sommaren 1988 var eg på ein familieleir arrangert av Ungdom i oppdrag, som gjennom forlaget Prokla Media m.a. har gitt ut John Wimber si bok: ”Helbredelse ved kraft”. Han viser til reformasjonen, som hadde ”Skrifta” åleine som grunnlag for kristen lære, men i følgje Wimber ikkje fekk med seg det som står der om gudommeleg lækjedom, til skilnad frå Den katolske kyrkje, som heile tida har vore meir open for at under kan skje.

Det er fleire uheldige sider ved å vise medisinske mirakel mykje merksemd. Frå rasjonell synsvinkel ser ein lett at folk blir altfor ukritiske fordi dei så gjerne vil tru på underet. For dei kristne er det leitt å sjå at somme taper trua, når dei ikkje får svar på bøna i form av lækjedom. For den sjuke kan forbøn vere eit synleg teikn på at andre bryr seg, medan brostne håp kan bli ei påkjenning i tillegg til sjølve sjukdomen.

For dei som gjerne vil tru på Gud, men ikkje på alt som blir sagt eller praktisert av karismatiske kristne, har det vere ei hjelp å lese Arnfinn Engeset si bok: ”Kirken og de syke” (Land og kirke/Gyldendal 1987). Engeset var son til den kjende frikyrkjeforstandaren og salmediktaren Sigvart Engeset frå Ørsta, men også overlege ved Radiumhospitalet, forelesar for medisinske studentar og aktiv medlem i Norges Kristelige legeforening. Han meiner mange les Bibelen utan å forstå kor lite kunnskap folk i oldtida hadde om biologi og medisin og folk i dag har om trus-effekten (placebo). Vår tanke, kjensle og tru verkar direkte inn på mange kroppsfunksjonar og graden av velvere, m.a. ved frigjeving av hormon og smertestillande stoff. Det er såleis ikkje snakk om innbilte effektar. Engeset refererer òg til ulike internasjonale undersøkingar som er gjort utan at det er dokumentert mirakel, som at ein finger veks ut att eller eit brot gror over natta. Likevel finst det fleire hundre døme på at kreftsvulstar, som ikkje let seg kurere ved medisinsk behandling, har gått attende eller lækt seg spontant. Dette gjeld i hovudsak nokre få krefttypar, og det er nesten blasfemisk å tru at Guds allmakt er avgrensa til å lækje berre desse. Det må i staden vere ein eigenskap ved sjølve svulsten eller ein effekt av immunforsvaret som ein sjeldan gong gjev slike uvanlege resultatet, sjølv om ingen kan motbevise av under kan skje.

Somme har trudd at berre dei kom kristendomen til livs, ville også overtrua døy ut. I staden er det motsett. Når folk sluttar å tru på Gud, byrjar dei i staden å tru på alt anna. For eit par år sidan var eg innom Tanums bokhandel på Karl Johan. Seriøse bøker om teologi eller ein bibel var knapt å finne, medan hyllene var fulle av bøker om reinspikka tøv, healing og luftig mystikk, gjerne inspirert av hinduistisk tankegang og vokabular. Folk søkjer nok vanleg lækjarhjelp når det er nødvendig, men trass all si avanserte behandling kjem denne stundom skuffande til kort i møte med mange plager og forventningar. Ei bok som tek opp moderne medisin si makt og avmakt, alternativ medisin, filosofi og etikk er Oddmund Søvik: ”Behandling og helbredelse” (Sigma 2005). Søvik med mor frå Stranda og far frå Innfjorden har som professor (emeritus) i pediatri (barnesjukdomar) fagleg tyngde i det han skriv.

For den som er avhengig av dei ekstraordinære under, blir gjerne trua ”over evne”, som ho vart for Bjørnstjerne Bjørnson. Men presten og lyrikaren Johannes Barstad kunne skrive: ”Eg ser deg, Gud, i kvar den blom som tirer, i fagre fargar mellom stein og strå”. Og kven har ikkje undra seg med Ivar Aasen (”Vit og tru”) over krafta i frøet, livet som blir skapt og det grenselause ved tid og rom. Det er alt saman reine under, berre så daglegdagse at vi til slutt ikkje sansar dei. Lyrikaren og sjakkspelaren André Bjerke formulerte det slik då dottera Vilde kom til verda:

Det største mysterium er ikke mer enn dét: at en ørliten kropp
er våknet til jorden. Den nyfødte ser. To luker i himlen går opp.

Selv femtrinnsraketter og kjernefysikk blir puslingers puslespill
når det nyfødte barn med et eneste blikk beviser at Gud er til.

torsdag 12. februar 2009

Hovudlaust om hijab

Ikkje rart VL får ”hodebry” av hijab, når leiaren manglar syn for viktige prinsipp og tolkar all kritikk som islamfrykt. Få potensielle brukarar er knapt eit argument for hijab; men viser berre at både behovet og rekrutteringseffekten er minimal. Spesielt ein justisminister og politidirektør bør ikkje eigenrådig selje symbolet på eit nøytralt politi for så lite. Majoriteten reagerer når nokre få islamistar, byråkratar og politikarar vil presse på politiet eit plagg som for dei fleste flaggar tvang og kvinneundertrykking. Dette bør telje meir også for VL enn kva Anne Sender måtte meine.

onsdag 11. februar 2009

Kvifor ikkje til Jaffna?

NRK har hatt omfattande TV-dekning frå krigen i Gaza med vekt på å vise sivile lidingar og tap. Likevel kom manglande tilgang for media opp som eige tema i Redaksjon EN, og Norsk Journalistlag (NJ) har i følgje nestleiar Kjetil Hånes kontakta både den israelske ambassadøren og bedt utanriksminister Støre om hjelp for å få fleire journalistar inn i krigssona.
Samstundes med krigen i Gaza har det blitt ført ein annan krig med større sivile lidingar og tapstal, og som vedkjem Noreg i langt større grad, utan at vi har sett bilde- eller TV-reportasjar derifrå eller høyrt eit pip i frå NJ eller NRK om at dette er eit problem. Eg siktar sjølvsagt til Sri Lanka, der den singalesiske hæren no er i ferd med å nedkjempe LTTE (Tamiltigrane). Den væpna konflikten har på 25 år kravd ein stad mellom 70 og 240 000 menneskeliv, dvs mellom tre og ti tusen pr år. Situasjonen for hundretusenvis av sivile flyktningar trengde saman på eit lite område og fanga i krysselden må vere heilt grusom. Dei manglar alt; mat, medisin og helsevesen, utan at media og dermed nordmenn bryr seg, går i fakkeltog eller krev at hjelpa kjem fram og verda får vite kva som skjer.

Vi har nær 15 000 med tamilsk bakgrunn i landet vårt. Dei kom som flyktningar frå ein blodig borgarkrig, noko som for andre grupper har blitt brukt som forklaring både på brotsverk, stort forbruk av sosialstønad og manglande deltaking i arbeidslivet. Men tamilane fyller korkje opp fengsla eller trakkar ned sosialkontora. Dei er fredelege, arbeidssame og forsørgjer seg sjølve. Men når dei no i fortviling arrangerer demonstrasjonar i Oslo, er det knapt ein innfødd nordmann som stiller opp. Det er ei skam.

Kvifor dreg ikkje NJ til Jaffna for å finne krigsbrotsverk der? Kvifor er palestinske barn verd meir omtanke enn tamilske, NRK? Kvifor ikkje også be Hamas leggje ned våpna, Solheim?

tirsdag 10. februar 2009

Er samlivsbrot beintfram bra?

Kjetil Hafstad kritiserer kyrkja for å sjå einsidig negativt på sambuarskap, som han meiner mange vel av ”forståelige og respektvekkende” grunnar. Så langt kan ein kanskje følgje han, for problemet, slik eg ser det, er ikkje først og fremst at folk flyttar saman, men at dei flyttar frå kvarandre og skiftar partnarar. For Hafstad er dette strevsamt undervegs, men endar bra: ”Oppbrudd fra samliv og ekteskap har positive virkninger” og ”bidrar til å berike barns oppvekst”. Viss han trur dette skjer ”ofte” eller er noko barn jamt over har godt av, greier han ikkje tenkje seg kva tryggleik og dagleg kontakt med far og mor betyr for eit barn. For dei er skilsmål mellom foreldra ein katastrofe med konsekvensar dei ofte slit med resten av livet. Journalist Simon Flem Devold har fått titusenvis av brev som vitnar om redsla barn føler for at slikt skal skje. Konsekvensen for barna er som regel lojalitetskonflikt, mindre foreldre- og vaksenkontakt og stadige skifte av miljø, noko som har uheldige følgjer for både konsentrasjon, læreevne og psykisk helse.
Skilsmål kan sjølvsagt ein sjeldan gong vere betre enn stadig konflikt heime, men ofte vil striden halde fram om samversrett og skifte av eigedom.
Ein professor i teologi bør ikkje bagatellisere handlingar som gjer at barn kan ta skade på si sjel.

lørdag 7. februar 2009

Hijab-politiet

Hijab-politiet

I eit sivilisert samfunn kan det ikkje vere slik at einskildpersonar eller grupper tek seg til rettes med makt. Land må styrast etter vedtekne lover, som representantar for samfunnet har monopol på å handheve. Når politiet brukar uniform med riksvåpen, er det nettopp for å vise at dei har fått denne oppgåva delegert frå styresmaktene og ikkje representerer spesielle grupper eller særinteresser.

Justisminister Storberget vil no gje politiet rett til å bruke ”religiøse hovudplagg” (les: Hijab). Dette er ikkje berre eit brot med all tidlegare praksis, men på to viktige prinsipp: Likskap for lova og eit nøytralt politi.
Politidirektør Killengreen grunngjev endringa med at den vil gje breiare rekruttering og ”sikre at politiet representerer alle samfunnslag uavhengig av livssyn og etnisitet”.
Dette er ei sjølvmotseiing. Når ei politikvinne flaggar at ho er muslim, viser ikkje dette at ho representerer fellesskapet, men er derimot eit synleg teikn på at ho har eit nærare forhold til ei gruppe enn til andre. Det gjer dei fleste av oss mindre trygge på å få ei nøytral behandling.
Dei som før bar seg over ”klassepurken”, dvs skulda politiet for å vere på lag med ei klasse av folket, applauderer paradoksalt nok forslaget.
Ved å godta krav om spesiell klesdrakt frå somme søkjarar til politiskulen, diskriminerer ein dessutan alle andre.

Tradisjonelle hovudplagg av ulikt slag har vore brukt i alle kulturar. Den særskilde hijab’en er av nyare dato. I vår tid har den blitt eit symbol for ytterleggåande muslimar og deira undertrykking av kvinner. Ikkje før har regjeringa gått attende på forslaget om å forby kritikk av islam, før dei gjer eit nytt knefall for islamistar.