mandag 21. februar 2011

Peter F. Hjort

Siste studieåret var eg på eit møte der overlegar ved Rikshospitalet diskuterte kva som var best og tryggast behandling for somme av pasientane som låg der. Ein av legane gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Det var syntesen av sylskarp logikk og menneskeleg varme som slo meg; den klare tanken og det gode hjartet som alle legar ideelt bør ha, sidan dei møter både intellektuelle utfordringar og personar som treng forståing og medkjensle.

Peter F. Hjort hadde gjort inntrykk på folk før. I 1967 heldt han talen ved årsfesten for Universitetet i Oslo. Han snakka då om behovet for større ressursar til helsevesenet, men òg om behovet for prioritering, om kva naturvitskap har å seie for medisinsk framgang, men også om grenser for den same vitskap. Ikkje minst ba han legane ta vare på tilliten pasientane viser dei ved å møte kvar einskild ”med kyndighet, interesse og medfølelse”. Han sa også at Norge ikkje burde snylte på andre land for utdanning av legar, og han tok opp problemet med dårleg utbygd helseteneste i Nord-Norge.
Blant tilhøyrarane var kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik, som alt året etter ba Hjort leie arbeidet med å etablere medisinsk utdanning i Tromsø. Der vart Peter F. Hjort først leiar i interrimstyret og i 1973 vald til den første rektoren ved universitetet.

Dette visste eg ingenting om då eg fekk vere ”fluge på veggen” og lytte til diskusjonen blant overlegane på Rikshospitalet. Men seinare har eg høyrt fleire foredrag av Hjort. I utgangspunktet var han spesialist på blodsjukdomar, men etter 1975 engasjerte han seg i samfunnsmedisin og helsetenesteforsking. Særleg var han opptatt av førebyggande medisin, og dermed både av det samfunnet og den einskilde kan gjere for å redusere risikoen for skadar og sjukdom. Slik sett kom han nærare det allmennmedisinske fagfeltet og vart ein inspirator også for oss som arbeidde der. Han var ein ivrig talsmann for fysisk aktivitet og levde som han lærte også på det området. Sjølv om han i hovudsak var forskar, heldt han kontakten med praksis ved å vere sjukeheimslege. I debatten om medikaliseringa av medisinen var han krystallklar: ”Det finst ingen pille for alt som er ille”.

Når det gjaldt val av ektefelle, som for dei fleste inneber eit visst sjansespel, hugsar eg han sa: ”Den som får seg ei kone (eller mann) som er snill, klok og flittig, er svært heldig”. Sjølv heldt han seg for å vere blant dei heldige, som fekk si Tone. Henne heldt han lag med i gode og vonde dagar, for dei siste kom også, då Tone på slutten av livet trong mykje pleie. Men då stilte han sjølv opp som pleiar i heimen på Blommenholm.

Peter F. Hjort (1924-2011) døydde første nyttårsdag. I siste nummer av Tidsskrift for Den norske legeforening har han fått ikkje mindre enn fire nekrologar. Det vitnar om at han var ein nestor innan norsk medisin, som mange har sett pris på. I omtalen stod også ein del som var nytt for meg. Far hans, juristen Johan Bernhard Hjort, skreiv ein artikkel om rettstilstanden i Norge under krigen. Dermed vart han arrestert, sett på Grini og deretter sendt til Tyskland. Men familien Hjort hadde tyske slektningar, og ein svoger fekk avtalt med Terboven at Johan B. Hjort i staden kunne internerast saman med familien på godset deira, Gross Kreutz, i Tyskland. Der var Peter til 1943, då han på veg til Norge nytta høvet til å hoppe av i nøytrale Sverike, for å byrje på medisinstudiet. Men han vart raskt innkalla til dei norske politistyrkane, og 7. mai marsjerte han inn i Trondheim saman med troppen han var blitt sjef for, 21 år gammal.

Peter F. Hjort var nok fødd med ”ei sølvskei i munnen”. Forfedrane var alle framståande legar, juristar eller forskarar, og sjølv var han velsigna med eit skarpt intellekt og ein varm og vinnande personlegdom. Utgangspunktet kunne ikkje vore betre: ”Peter fortalte om en god barndom på Bestum. Han elsket sin mor, beundret sin far og respekterte sin folkeskolelærer”. Og kona hans, Tone, var dotter til rektor Didrik Arup Seip ved Universitetet i Oslo. Men ”ønsket om å være til nytte i samfunnet og betydningen av å gjøre sin plikt ble podet inn i ham”. Desse ideala levde han opp til, og vi andre ”vil alltid være takknemlige for at vi har fått dele hans kunnskap, klokhet og vennlighet”, slik gode kolleger no skriv.