tirsdag 17. mars 2009

Nasjonalstaten

Sigurd Skirbekk: Nasjonalstaten: Velferdsstatens grunnlag (Kolofon 2008)

Pensjonert professor i sosiologi, Sigurd Skirbekk, har tidlegare skrive 12 bøker der gjennomgangstemaet er om kulturen av i dag har svar på utfordringane vi no går i møte, m.a. innan demografi og økologi.

I ”Nasjonalstaten” tek han utgangspunkt i diskusjonen omkring pensjonsreforma, som primært handla om finansiering. Men Skirbekk stiller eit meir grunnleggjande spørsmål: Vil viljen til solidaritet og økonomisk utjamning i samfunnet stå seg viss vi oppmuntrar ein kultur og ei utvikling som splittar i staden for å samle? Han viser til at solidaritet på eit statleg nivå har sine føresetnader i luthersk sinnelagsetikk, sosialpolitisk likskapsideologi, folkeleg nasjonalkjensle og gjensidig tillit i samfunnet; føresetnader som alle er trua i ein multikulturell stat, som ikkje lenger vil formidle ein bestemt kulturtradisjon og der den dominerande ideologien er individ- og gruppeorientert, sekulær og antinasjonal.
Eit eige kapittel er vigd styrke og veikskap ved norsk kultur. Til det første høyrer eit heldig historisk samspel mellom nasjons- og demokratibygging og ein god balanse mellom ulike verdiar, medan veikskapen særleg har vist seg siste generasjonen, etter som forbrukarsamfunn og kulturradikale tankar om frigjering har gitt svekking av motkulturar, tradisjonar og normer.

Kvifor har så stemninga snudd frå nasjonalisme til antinasjonalisme? Skirbekk meiner dette har skjedd i eit samspel mellom forskingsmiljø, politiske pressgrupper og visse mediemiljø, som står for mest mogleg frie val for den einskilde, men skjuler at samfunn også er avhengig av orden og meiningsberande kultur. Teknologisk utvikling har gitt media ei makt som aktørane legitimerer ved kritikk av dei som har fagleg, folkevald eller tradisjonell autoritet i samfunnet.

Skirbekk skriv det har vore lite forskingsbasert forsvar for familie og fedreland, men demonstrerer i boka si at kjelder til eit slikt forsvar finst i rikt mon. Debattforma hans er lågmælt, men overtydande. Han formulerer først tankane i tida og kjem så med godt dokumenterte motargument. Det er ein fryd å sjå korleis han slik viser det falske i ti antinasjonale påstandar og avslører det fordekte og feilaktige i sju kultur- og samfunnstolkingar med antinasjonal tendens frå siste femti åra. Det er også spennande å følgje han på leiting etter alternativ til nasjonalstaten, sjølv om han ikkje finn noko som kan erstatte nasjonal identitet og lojalitet, bygt på felles språk, tru, slektsband og identifikasjon med land og historiske røter.

”Nasjonalstaten” er både ei fagbok og ein politisk kommentar. Boka høver for alle samfunnsinteresserte og for dei som treng argument til bruk mot det Skirbekk kallar ”antinasjonale fortolkningseliter i kulturliv og medier”. Kanskje mynta på desse gruppene byrjar boka slik: ”Å være for velferdsstaten, men mot nasjonalstaten, det er ikke progressivt. Det er selvmotsigende.”

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar