mandag 8. februar 2010

Hurra for Høybråten!

Professor i sosialmedisin, Per Sundby, sa at Ole Hallesby hadde gjort meir for folkehelsa enn Karl Evang, den legendariske helsedirektøren. Sundby, med doktorgrad om alkoholrelaterte sjukdomar, såg at pietismen og fråhaldsrørsla verna folk både mot dette og mot alt elende som familieoppløysing fører til. Om helsedirektør Evang ville vore einig i Sundby si rangering, er likevel meir tvilsamt.

Derimot har noverande helsedirektør, Bjørn-Inge Larsen, nyleg gitt velfortent ros til Dagfinn Høybråten, som ofte har blitt utskjelt som både pietist, moralist og "mullah". Då A-magasinet på nyttårsaftan ba ulike personar nemne gledelege ting som hadde hendt siste tiåret, skreiv Larsen om prosenten daglegrøykjarar, som denne tida har gått ned frå 31 til 21, medan røyking mellom unge faktisk er halvert. Som følgje av dette har gjennomsnittleg levealder auka med to år dette decenniet. Slikt skjer ikkje av seg sjølv. Larsen fortel om den ferske helseminister Høybråten, som i 2002 stod på talarstolen og forkynte at dette var målet hans. Fagfolka i salen forstod at "her har vi en som virkelig vil gjøre noe" og bestemte seg for å støtte han så sterkt dei kunne. Ikkje minst viktig var det å skape røykfrie arenaer, fordi restaurantar og barar var ein rekrutteringsstad for røykjarar.

Dagfinn Høybråten viste her både god fagleg innsikt og større politisk mot enn det andre ministrar har demonstrert på år og dag. I ettertid har mange takka han, både for eit betre arbeidsmiljø og for hjelp til å slutte å røykje. Mest grunn til å takke har alle som no slepp å bli sjuke. Det er knapt noko tiltak sidan kampen mot tuberkulosen som har gitt større gevinst for folkehelsa. Tusenvis av norske kvinner og menn får lagt år til sitt liv og betre helse til sine år. Dei unngår no å få hjarteinfarkt og lungekreft i sin beste alder, når dei trengst som mest både i familie og arbeidsliv.

Høybråten er ingen sur moralist, men ein klok og kunnskapsrik fagmann og politikar. Det var leitt at det ikkje vart han som fekk ansvaret for å setje NAV-reformen ut i livet. Då trur eg gjennomføringa ville gått langt greiare. Som tidlegare RTV-direktør kjende han kompetansen i trygdeetaten og ville difor unngått dei fleste organisatoriske feiltak og det kaoset som vart konsekvensen.

Og i dag er det folk som lagar politisk kaos innan KrF, og andre som fiskar i rørt vatn, både etter røyster, lesarar og sjåarar. Berre Dagfinn Høybråten viser til og held fast ved programmet, som jamvel 29-åringen Hansen gjekk til val på, men vil omkalfatre fem månader seinare. Det er ikkje slik åtferd som skaper tillit, men det Høybråten i si tid gjorde, ved først å seie kva han ville, og så gjennomføre det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar