torsdag 7. juli 2011

Paul Zielke - den snille sersjanten

Året er 1943, og verdskrigen rasar. Men på ein sommardag med sol og blankt hav kan sjølv denne tida by på glimt av fred og idyll, som synet av ei tolv år gammal jente, i fineveret på padletur langs blankskurte berg i lånt kano. På land sit den unge eigaren og ser til at turen går trygt. Jenta er Jorunn Jakobsen, dotter til fyrvaktaren på Runde, og han som passar på, er Paul Zielke, sjefen for dei tyske flysoldatane på Kvalneset. Sekstisju år seinare karakteriserer Jorunn, no gift Mjønes, feldwebel (sersjant) Paul Zielke som ein heilt eineståande mann.

Andre vitnar om det same: Ein tilsett i Televerket har fortalt at han fleire gonger var på fyret for å reparere telefonar for tyskarane. Siste gongen tok flyvaktsjefen han med seg opp i radiostasjonen og fortalde kva frekvens dei sende på. Og telefonreparatøren la til: ”Den karen sparte livet til mange herøyværingar!”

Korleis var denne flyvaktsjefen, sersjant Paul Zielke? Kva historier blir fortalt om han? Kvar kom han frå og korleis gjekk det med han etter krigen?
Svara får du i denne artikkelen.


Tyskarar i Kvalsvika og på Kvalneset
Under krigen var det stasjonert tyske vaktmannskap i Kvalsvika og ved Runde fyr på Kvalneset. I Bygdesoge III av Herøyboka er dette omtalt på sidene 51 og 53-55. Til Kvalsvika kom åtte soldatar alt i juni 1940 og fekk husrom i stabburet og søre enden av stovehuset i Kleofasgarden. Der budde frå før dei tre ugifte syskena Gerhard, Pernille og Nikoline, på høvesvis 45, 40, og 34 år, og mor deira, som også heitte Nikoline. I Bygdesoga har soldatane fått god attest: ”Dei var høflege og for fint fram”. Dette gjaldt Ikkje minst leiaren deira, Paul Zielke, som raskt lærte seg å snakke norsk og ofte var med Gerhard på sjøen og Pernille i fjøset. Ein gong var han også med Gunnar Kvalsvik på drivgarnfiske etter sild med ”Fram III”. Då Petter Kvalsvik (”Steffa-Petter”) såg Zielke, den tyske kommandanten, ombord i båten til Gunnar, ropte han spøkefullt til skipperen: ”Skal du bort til England, ”Gonnja”?” Tretti år seinare skreiv Kåre Kvalsvik: ”Vaktsjefen Zielke kom folk til å hugse, ikkje berre for den sjøturen, men fordi han var ein rimeleg mann og gav inntrykk av å vere på folket si side”.

Til Kvalneset på Runde kom det ei gruppe på fem marinesoldatar under leiing av Erik Stein sommaren 1941, men dei reiste etter få veker. Men frå 1942 til krigen tok slutt var det heile tida stasjonert ei gruppe på 5-6 kystartilleristar, som budde i husværet til reservebetjent Johannes Goksøyr og heldt vakt frå sjølve fyret. Året etter vart dei supplert av 7-8 soldatar frå flyvåpenet, som tok inn i huset til fyrvaktar Jakobsen (1889-1977), der dei disponerte stova og gjesterommet. Dei meinige soldatane låg i køysenger på stova, gjesterommet vart brukt til kjøkken, medan sjefen fekk eit lite kammers som sitt rom. Sjefen var den sjølvsame Paul Zielke, som fram til då hadde vore stasjonert i Kvalsvika. Denne gruppa flysoldatar bygde seg sin eigen bunker med utkikksplass på Tua, litt nord og nedfor sjølve fyret. Paul Zielke hadde elles kjøpt ein færing av Nikolai Kvalsvik, og i fint ver rodde han ofte til Kvalsvika for å besøkje Pernille og Gerhard, som han hadde fått eit nært forhold til.

”Når krigen er slutt, får du pusset opp huset, og alt blir fint igjen.”
Jorunn Mjønes, yngste dotter til Anna (1892-1968) og Thorvald Jakobsen, var 12 år i 1943 og gjekk på skule i Runde, men i helgene og skuleferien var ho sjølvsagt saman med foreldra på fyret. Ho fortel at soldatane måtte gå gjennom kjøkkenet deira for å kome til sine eigne rom. Mor hennar tykte dei godt kunne ha tørka litt betre av støvlane før dei kom inn, og ho tok difor dette opp med Zielke. Han stod då heilt roleg og høyrde på henne utan å avbryte. Så sa han spakt: ”Når krigen er slutt, får du pusset opp huset, og alt blir fint igjen.” Då såg ho han som den ungguten han faktisk var og fekk slik godhug for han at irritasjonen var som blåst vekk. Zielke var også på andre måtar ein likandes kar. Han var både høfleg, korrekt og vennleg. På veg inn og ut av huset slo han alltid av ein prat. Dessutan hjelpte han dei med hesjinga. Under krigen var matauk viktig, og Jorunn fekk seg kaninar, som eit par av soldatane bygde bur til.

Zielke var godt likt også av soldatane han hadde kommando over. Han tok seg ikkje sjølv høgtideleg, men var kameratsleg og hjelpsam også mot dei. Etter fisketurar med færingen, var det han som laga fiskemat og serverte dei andre.
Men mellom dei to soldatgruppene på Kvalneset var det lite samkvem. Dei kom rett nok frå ulike våpengreiner, men det kunne også ha samanheng med at Zielke ikkje stolte på sjefen for kystartilleristane, som var ein overtydd nazist. Zielke lytta gjerne på radiosendingar frå London, viss han var åleine i bunkeren. Ein gong tusla det utanfor, og han skrudde fort til ein annan stasjon og treiv etter pistolen. Det var den andre kommandanten som kom på uventa besøk. Zielke trudde han var ute for å spionere og ville gjerne unngå liknande besøk for ettertida. Han sa difor til den andre at ved å dukke opp utan førehandsvarsel, kunne han ha blitt skoten ved eit mistak. Men fyrvaktaren og frue leit han derimot så fullt og fast på at han fortalde dei om denne episoden.

Sa frå kven som var nazistar
Sjølv er eg fødd i 1948, og frå midten av femtitalet likte eg godt å høyre dei vaksne fortelje frå krigsåra. Dramatiske ting som berre låg ti år attende, var truleg som hendt i går for dei som fortalde, i sær far min, Hans S. Runde (1904-1991)) og tanta hans, Karoline I. Runde (1890-1978). Ho var styrar på telefonstasjonen og heldt bokstaveleg talt alle trådar i bygda i si hand. Telefonsentralen var plassert i søre stova i huset hennar i Isak-garden, som bar namn etter far hennar. Vi budde i nabohuset. Tante Karoline, i daglegtale ”Ka’lia”, kom som følgje av stillinga si i hyppig kontakt med tyskarane på Kvalneset, ikkje minst med Paul Zielke, som ofte kom innom, sjølv om det alt i 1921 var strekt telefonlinje fram til fyret. Slik vart også far kjend med Zielke og kom etterkvart til å lite på han. Truleg hadde det også ryktast frå Kvalsvika at Zielke var ein bra mann. Også på Runde syntest folk vel om han og med god grunn. Til dømes sa han frå kven dei 1-2 nazistane på Kvalneset var, slik at folk kunne vere på vakt overfor dei. Far heldt Paul Zielke for å vere ein klok kar, som det gjekk an å snakke med om det meste og som også hadde glimt i auga og ein humoristisk replikk, slik det går fram av eit par andre historier:

”Nå kan du ta deg en tur til England”
Far var skipper på ”Havbris”, ein båt på 42 fot, som dei dreiv vintersild- og Lofot-fiske med under krigen. Også utanom fisket måtte dei regelmessig få stempla skipspapira hos den tyske hamnekapteinen i Ålesund. Det tykte far var tungvint og spurde difor der om ikkje Zielke kunne gjere det. ”Kjenner du han?”, spurde hamnekapteinen, lyste opp i eit smil og sa ”Ja, det skal vi ordne”. Han skreiv eit brev stila til Zielke og la ved skipspapira. Noko seinare låg far med båten og lossa sand ved kaia på Runde, då Zielke dukka opp. Far stoppa han og fortalde om brevet han hadde fått med seg. ”Vi går ombord”, sa Zielke, sette seg i kahytta, las brevet, skreiv under papira og framdaterte underskrifta for ytterlegare nokre gonger før han sa spøkefullt: ”Nå kan du ta deg en tur til England”. Far, som då var førti år og far til fire, meinte nok han var for gammal for det. Sjølvsagt forstod også Zielke at største risikoen var av eit anna slag. Viss far hadde kome ut for kontroll, ville det blitt avslørt kva Zielke hadde gjort.

”Du kunne skutt mange tyskere”
Endå meir vågale var begge to ved eit seinare høve. Folk på Runde heldt enno geiter, men dei var blitt så ville at det var uråd å fange dei inn om hausten. Far ynskte difor å skyte ei geit, men hadde sjølvsagt inga børse. Ein gong Zielke var heimanfor åleine, spurde difor far om han kunne få låne geværet hans for dette føremålet. Zielke var litt betenkt, men noko seinare hadde han likevel med seg våpenet og patronbeltet med 3-4 magasin á fem skot. Han lurte på kor mange magasin far hadde bruk for. Det måtte vel greie seg med eitt, meinte far, som fekk overta både gevær og fem patroner, men på eitt vilkår: Han måtte ikkje levere det attende viss Zielke kom til gards i følgje med andre tyske soldatar. Far var heldig og trefte geita med første skotet. Vel ei veke seinare kunne han difor levere børsa og fire skot attende. Då fekk han følgjande kommentar: ”Du kunne skutt mange tyskere”. Far fortalde at Zielke i tillegg til geværet også hadde med seg pistol, for soldatane fekk ikkje lov til å gå kring utan våpen. Ein gong far var på Kvalneset for å reparere telefonlinja, hadde tyskarane der fått uventa besøk av overordna som kom sjøvegen for å inspisere våpna. Desse stod då oppstilte langs hovudveggen av huset. Det hadde truleg ikkje gått så bra for Zielke viss han ved ein slik kontroll ikkje kunne gjere greie for geværet sitt.

”Tror du ikke jeg vet hva et anodebatteri skal brukes til?”
På kjøkkenloftet, på skrå over telefonstova, hadde tante Ka’lia eit radioapparat ho ikkje hadde levert inn. Dette visste alle naboane om, og når klokka nærma seg sju om kvelden, kom dei fleste karane frå gardane omkring for å høyre sendinga frå London. Forfattaren Alfred Hauge, som då var lærar ved Fredtun, Frikyrkja sin ungdomsskule (folkehøgskule), var ein gong på Runde denne tida, og har skrive med undring i sjølvbiografien sin om kor openlyst dette skjedde. Men historia sluttar ikkje med det. På denne tid var det elektrisitetsverk i Goksøyra, men ikkje i Runde, som først fekk krafta i 1951. Det var difor ein batteriradio Tante hadde, og batteri var ikkje lett å få tak i. Ho ringde difor til fru Jakobsen på fyret; kanskje gjekk det an å be Zielke om hjelp? Og Anna Jakobsen gjekk rett til Zielke og spurde om han kunne kjøpe eit radiobatteri neste gong han var i Ålesund, men ho nemnde ikkje kven som trong det. Truleg fekk ho korkje ja eller nei til svar, for etter ei tid spurde ho han korleis det vart med batteriet. Då svara Zielke at det hadde han alt kjøpt og overlevert til rette vedkomande. Overfor familien undra Anna Jakobsen seg over korleis han kunne vite kven det var. No trudde ho kanskje fleire av tyskarane på Kvalneset visste om radioapparatet utifrå ein kommentar Jonna hadde høyrt. Ho strikka kufter og selde til tyskarane, som var ofte innom. Frå stova hennar nede på Sanden hadde dei utsikt til telefonstasjonen oppe ved fjellfoten, og dei hadde kommentert ”trafikken” dit like før klokka sju. Elles synest eg å hugse at tante Ka’lia fortalde at ho sjølv hadde spurd Zielke om hjelp. Då han kom med batteriet ein mørk haustkveld, vart han observert av ni år gamle Marta, niesa til far. Ho alarmerte far sin, Nils Runde (1902-1967), som gjekk og kikka inn glaset hos Tante. Då han såg at det ”berre” var Zielke som var på besøk, fann han ingen grunn til uro og snudde heim att. Zielke og Tante hadde eit gjensidig godt forhold. Ofte kunne han verte våt og kald på føtene når han gjekk i snø eller regn over fjellet til Runde. Kom han innom telefonstasjonen hos Tante, fekk han ta av seg på beina medan ho tørka strømpene og skorne framfor komfyren. Men når det galdt batteriet, sa han ein smule skarpt: ”Tror du ikke jeg vet hva et anodebatteri skal brukes til?” Korkje far eller Tante var likevel redde for at han skulle varsku andre om radioen. Men når ”Svartemarja”, båten til Gestapo i Ålesund, vart observert på fjorden, var far snar til å pakke inn radioen og gøyme han oppe i urdene eller grave han ned i grisegarden i fjøset.

Hagla i urda
Også andre på Runde fekk nytte av Zielke si vennlege innstilling. Ved eitt høve greidde han å bagatellisere beslag av ei hagle. Det var Leonard Runde som åtte hagla, men i staden for å levere inn våpenet, hadde han pakka det godt inn og gøymt det i ein heller i Storevika. Kanskje visste sonen Lars (1926-93) omlag kvar hagla var gøymd. Sommaren 1944 fann iallfall han og nokre jamaldringar våpenet, pussa det og skaut litt for moro skuld nokre gonger utover hausten. Ein søndag i januar 1945 var Lars saman med kameratane Georg Bøe (1926) og Petter E. Runde (1928) så opptatt med hagla at dei vart overraska av to tyske soldatar i kvite kamuflasjeklede, som stod berre ti meter unna og sikta på dei med maskinpistol. Dette var soldatar som kom utanfrå, kanskje knytt til Gestapo, og som var på jakt etter våpen smugla inn frå Shetland. Gutane la roleg frå seg hagla og gjekk derifrå utan å bli stansa. Dei kvitkledde tok med seg våpenet til Kvalneset og konfronterte Zielke med våpentreninga i hans nærområde. Dei kravde at det måtte takast gissel blant befolkninga. Zielke vart med dei til Ålesund og greidde å overtyde sjefane der om at dette berre var barnestrekar. Han stilte seg sjølv som personleg garantist og gissel i staden for folk frå Runde. Mor til Lars gav han då ein pose egg som takk.

Zielke var klar over at han opererte i eit grenseland og var sjølv på vakt, særleg overfor dei ”kvitkledde”. Kanskje spionerte dei også på han. Når slike var komne til Runde, sov han difor alltid med pistolen under puta. Dette fortalde han til Jakobsen og la til: ”De skal ihvertfall ikke få tatt meg levende”.

”Krigen er slutt. La oss takke Gud”
Zielke og dei andre tyske soldatane reiste frå Runde i slutten av mai 1945. Siste krigsåret budde familien Jakobsen i Goksøyr. Då dei flytte ut att på fyret, såg dei at Zielke den 8. mai hadde skrive dette på den store veggkalenderen sin: ”Krigen er slutt. La oss takke Gud”.
Folk på Runde visste at Zielke var frå Nauen, som vart liggjande i Sovjetisk sone, seinare i DDR. Han gav stundom uttrykk for uro over framtida for seg og sine. 1-2 år etter krigen fekk fyrvaktar Thorvald Jakobsen eit brev frå han, der han skreiv kor vanskeleg livet var og kor lite mat dei hadde. Særleg var han bekymra for dotter si, Dagmar, fødd i 1943. Jakobsen sende då ein pakke med matvarer, men sidan dei aldri høyrde noko meir, visste dei ikkje om pakken hadde kome fram.

Ny kontakt med familien Zielke
Mange på Runde, og sikkert også i Kvalsvik, har undra seg over korleis det gjekk med Paul Zielke etter krigen. Dei tenkte at Zielke, som hadde eit så godt forhold til folket her, kanskje ville kome attende viss han hadde høve til det. Men jernteppet gjekk den gongen som eit stengsel gjennom Europa og var eit hinder for samkvem. Sist haust prøvde eg å kontakte tyske militærarkiv på ei nettadresse bror min, Helge, hadde fått av Den tyske ambassaden i Oslo, men dette førte ikkje fram. Via nettet fann eg så adressa til lokalkontoret i Nauen av regionavisa Havelland og sende ein e-post dit. Dei tipsa meg om Nauener Heimatfreunde ved Wolfgang Johl, og to dagar seinare sat eg med opplysningar både om namna og adressene til kona og dotter til Zielke, samt opplysning om at han truleg hadde ein son, busett i Rostock. Frå februar 2010 har eg difor hatt jamnleg kontakt både med Dagmar Estermann (1943), dotter til Paul Zielke, og Detlef Zielke (1948), son hans. Dei har gitt meg mange opplysningar om livet hans, både før, under og etter krigen.

Paul Zielke – ein kort biografi
Paul Zielke var fødd i Berlin 22. juni 1919 og såleis berre 21-26 år den tida han var soldat i Noreg. Før krigen braut ut hadde han tatt yrkesutdanning innan handel med dyrefor og fått seg arbeid i Berlin zoologiske hage. Med slik bakgrunn var det heilt naturleg for han å hjelpe til med slåtten eller ta eit tak i fjøset, som han gjorde både på Kvalneset og i Kvalsvika. Han vart også så fascinert over at kyrne fekk fisk i foret at han fortalde det til barna sine mange år seinare. Også kunsten å lokalisere gode fiskeplassar og fluder ved hjelp av méd la han seg på minne og fortalde om til familien.

Då krigen kom, vart han innrullert i Flyvåpenet (Luftwaffe) som ”funker”. Direkte omsett tyder det radiotelegrafist, men det vert også brukt om ein meinig soldat i sambandet innan hær og flyvåpen. Oppgåva til dei tyske soldatane på Nerlandsøy og Runde var då også å observere og rapportere (militær) aktivitet på havet og i luftrommet ved kysten. Alt medan han var i Kvalsvika, var han gruppeleiar med grad av sersjant (Feldwebel).

Paul Zielke hadde to søstre, Gertrud og Irma. Mor deira heitte Anna og kom seg gjennom dei harde etterkrigsåra, medan faren døydde alt under krigen. I 1942 gifte Paul Zielke seg med eitt år yngre Käte Fleischer frå Nauen, ein mindre by omlag fire mil vest for Berlin. Käte Zielke fylte 90 år sist april og bur framleis i Bardeystrasse 13, Nauen, som også var barndomsheimen hennar. Dottera Dagmar bur i Falkensee, midt mellom Nauen og Berlin, medan sonen Detlef har flytta til Rostock. Dagmar har elles to døtrer, Sabine og Britta, medan Detlef har ei, Karina.

Etter krigen var Zielke i britisk krigsfangenskap fram til 1946. Dei første etterkrigsåra var harde å kome gjennom med stor varemangel overalt. I Tyskland var det direkte hungersnaud. Paul Zielke var då så bekymra for korleis det skulle gå med den tre år gamle dotter si at han skreiv både til fyrvaktar Thorvald Jakobsen på Runde og Gerhard Kvalsvik på Nerlandsøy og bad om hjelp. Pakken frå Jakobsen vart truleg konfiskert av den russiske kontrollen; den kom iallfall aldri fram. Men begge barna fortel at han fekk svar frå Gerhard, som foreslo å adoptere han, slik at han kunne kome attende til Sunnmøre, der dei iallfall slapp å svelte. Både Gerhard og dei to søstrene hans var einslege og barnlause, og dei sette stor pris på den sympatiske og sjarmerande Paul, så eg held ikkje dette for usannsynleg. At ingen norske har nemnt det, treng ikkje tale i mot. Gerhard var ein stillferdig kar, og eit ønskje om å adoptere ein tysk soldat var vel heller ikkje lurt å snakke høgt om like etter krigen. Sidan Paul Zielke hadde både mor og svigermor å ta omsyn til, takka han nei til tilbodet om adopsjon.

Paul Zielke var ein hendig kar og valde å ta opplæring som skomakar. Han tok meisterprøva i 1952 og tre år seinare også meisterprøve i ortopedi. Han starta så sin eigen verkstad der han laga ortopediske sko. Eit slikt enkeltmannsføretak var tillate sjølv i det kommunistiske DDR. Men nokon utprega forretningsmann vart han aldri. Han slo ofte av på prisen eller ettergav skuld, særleg til eldre og sjuke med dårleg råd. Barna fortel at han også i fritida likte å gjere noko praktisk, drive med dreiing, stelle til i hagen og halde huset i stand. Han konstruerte og laga seg også ein robåt, heilt på eiga hand.

I oppveksten måtte han lære å spele fiolin. Seinare lærte han seg også å spele mandolin, blokkfløyte, munnspel og trekkspel. Han likte å syngje og song gjerne tekstar og melodiar han hadde lært i Noreg. Barna fortel at han var ein kjærleg far, men ein som også stilte krav og sette grenser.

Sonen Detlef fortel at Zielke gav Gerhard Kvalsvik dynamitt til sprenging av større steinar på garden. Utanom syskena Kvalsvik, er det familien Jakobsen dei hugsar at faren nemnde; naturleg nok sidan det var hos dei han budde og med dei han hadde mest kontakt. Som minne frå Noreg hadde Zielke med heim ei lommebok med innskrifta ”NORGE” (sjå bilde) og eit lite norsk flagg, som han fekk etter å ha berga to fiskarar då båten deira kantra. Særleg det siste sette han stor pris på.

Paul Zielke døydde i 1975, berre 56 år gammal. Siste leveåra han var han mykje sjuk. Både Detlef og Dagmar har gitt uttrykk for takksemd for at eg ville skrive ein artikkel om faren og såleis heidre minnet om han.

Etterord
Då krigen slutta, stod det 300 000 tyske soldatar i Noreg. Sjølv om også desse vart sett i krigsfangenskap i 1-2 år, var dei blant dei heldige som overlevde krigen, og dei fleste hadde også unngått blodige kampar. Konflikt mellom soldatplikt og samvit kunne dei likevel oppleve. I krig er det vanskeleg å leve eit anstendig liv og samtidig bevare sitt eige. Paul Zielke prøvde, fordi han var ein bra mann, og lukkast, fordi han hadde sjarm og eit vinnande vesen som gjorde at både overordna og nordmenn fekk tillit til han.

Informantar

Frå Runde:

Karoline I. Runde (1890 - 1978)
Hans S. Runde (1904 - 1991)
Petter E. Runde (1928))
Idar Runde (1929)
Jorunn Mjønes (f. Jakobsen 1931)
Marta Seth (1935)

Frå Kvalsvik:

Sigfred Kvalsvik (1920)
Kåre K. Kvalsvik (1926)
Jon Vollen Kvalsvik (1930)

I Tyskland:

Käte Zielke (1920)
Dagmar Estermann (f. Zielke 1943)
Detlef Zielke (1948)

Skriftleg kjelde:
Bjarne Rabben: Herøyboka Bygdesoga III

mandag 21. februar 2011

Peter F. Hjort

Siste studieåret var eg på eit møte der overlegar ved Rikshospitalet diskuterte kva som var best og tryggast behandling for somme av pasientane som låg der. Ein av legane gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Det var syntesen av sylskarp logikk og menneskeleg varme som slo meg; den klare tanken og det gode hjartet som alle legar ideelt bør ha, sidan dei møter både intellektuelle utfordringar og personar som treng forståing og medkjensle.

Peter F. Hjort hadde gjort inntrykk på folk før. I 1967 heldt han talen ved årsfesten for Universitetet i Oslo. Han snakka då om behovet for større ressursar til helsevesenet, men òg om behovet for prioritering, om kva naturvitskap har å seie for medisinsk framgang, men også om grenser for den same vitskap. Ikkje minst ba han legane ta vare på tilliten pasientane viser dei ved å møte kvar einskild ”med kyndighet, interesse og medfølelse”. Han sa også at Norge ikkje burde snylte på andre land for utdanning av legar, og han tok opp problemet med dårleg utbygd helseteneste i Nord-Norge.
Blant tilhøyrarane var kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik, som alt året etter ba Hjort leie arbeidet med å etablere medisinsk utdanning i Tromsø. Der vart Peter F. Hjort først leiar i interrimstyret og i 1973 vald til den første rektoren ved universitetet.

Dette visste eg ingenting om då eg fekk vere ”fluge på veggen” og lytte til diskusjonen blant overlegane på Rikshospitalet. Men seinare har eg høyrt fleire foredrag av Hjort. I utgangspunktet var han spesialist på blodsjukdomar, men etter 1975 engasjerte han seg i samfunnsmedisin og helsetenesteforsking. Særleg var han opptatt av førebyggande medisin, og dermed både av det samfunnet og den einskilde kan gjere for å redusere risikoen for skadar og sjukdom. Slik sett kom han nærare det allmennmedisinske fagfeltet og vart ein inspirator også for oss som arbeidde der. Han var ein ivrig talsmann for fysisk aktivitet og levde som han lærte også på det området. Sjølv om han i hovudsak var forskar, heldt han kontakten med praksis ved å vere sjukeheimslege. I debatten om medikaliseringa av medisinen var han krystallklar: ”Det finst ingen pille for alt som er ille”.

Når det gjaldt val av ektefelle, som for dei fleste inneber eit visst sjansespel, hugsar eg han sa: ”Den som får seg ei kone (eller mann) som er snill, klok og flittig, er svært heldig”. Sjølv heldt han seg for å vere blant dei heldige, som fekk si Tone. Henne heldt han lag med i gode og vonde dagar, for dei siste kom også, då Tone på slutten av livet trong mykje pleie. Men då stilte han sjølv opp som pleiar i heimen på Blommenholm.

Peter F. Hjort (1924-2011) døydde første nyttårsdag. I siste nummer av Tidsskrift for Den norske legeforening har han fått ikkje mindre enn fire nekrologar. Det vitnar om at han var ein nestor innan norsk medisin, som mange har sett pris på. I omtalen stod også ein del som var nytt for meg. Far hans, juristen Johan Bernhard Hjort, skreiv ein artikkel om rettstilstanden i Norge under krigen. Dermed vart han arrestert, sett på Grini og deretter sendt til Tyskland. Men familien Hjort hadde tyske slektningar, og ein svoger fekk avtalt med Terboven at Johan B. Hjort i staden kunne internerast saman med familien på godset deira, Gross Kreutz, i Tyskland. Der var Peter til 1943, då han på veg til Norge nytta høvet til å hoppe av i nøytrale Sverike, for å byrje på medisinstudiet. Men han vart raskt innkalla til dei norske politistyrkane, og 7. mai marsjerte han inn i Trondheim saman med troppen han var blitt sjef for, 21 år gammal.

Peter F. Hjort var nok fødd med ”ei sølvskei i munnen”. Forfedrane var alle framståande legar, juristar eller forskarar, og sjølv var han velsigna med eit skarpt intellekt og ein varm og vinnande personlegdom. Utgangspunktet kunne ikkje vore betre: ”Peter fortalte om en god barndom på Bestum. Han elsket sin mor, beundret sin far og respekterte sin folkeskolelærer”. Og kona hans, Tone, var dotter til rektor Didrik Arup Seip ved Universitetet i Oslo. Men ”ønsket om å være til nytte i samfunnet og betydningen av å gjøre sin plikt ble podet inn i ham”. Desse ideala levde han opp til, og vi andre ”vil alltid være takknemlige for at vi har fått dele hans kunnskap, klokhet og vennlighet”, slik gode kolleger no skriv.

søndag 14. november 2010

Kulturrelativisme

Kulturrelativisme er læra om at kvar kultur har sin innebygde logikk og må forståast på eigne premissar. Opphavleg var det sosialantropologane som lanserte denne tanken, som sjølvsagt kan gje større innsikt i somme sider ved ein kultur. Meir problematisk vert det når ein går eit steg lenger og hevdar at skikkar og tradisjonar i einkvar kultur er like bra som tilsvarande i alle andre. Dette har no blitt eit aktuelt spørsmål med innvandring frå nær sagt alle land i verda, medan det før helst vart drøfta i tilknytning til kulturimperialisme, dvs ideen om at vestleg påverknad og påtrykk har øydelagt velfungerande samfunn i Afrika og Asia.

Ei lærebok som eksempel
Ei lærebok i historie for den vidaregåande skulen frå 1986, ”Verda 2 etter 1850”, skriven av Asle Sveen og Svein Aastad, er tydeleg prega av kulturrelativisme når det gjeld omtale av brudepris og fleirkoneri. Om skikken med å kjøpe seg koner står det følgjande: ”Dei afrikanske kvinnene såg ikkje på brudeprisen som diskriminerande; prisen understreka fellesskapet mellom to familiar og at mannen meinte alvor. Misjonærane og koloniadministrasjonen i fellesskap prøvde å få slutt på dette. Det førte til at ekteskapa vart meir ustabile, og både kvinnene og barna fekk eit utryggare tilvære.” Og fleirkoneriet vert i læreboka forklart og forsvart slik: ”Ein mann med fleire koner fekk fleire barn, og barna vart rekna som ein garanti i alderdommen. Mange kvinner såg på fleirkoneri som ei avlasting, for då gjekk det fleire år mellom fødslane”.

Brudepris – teori og praksis
Forfattarane kan ikkje ha tenkt særleg langt, for tre koner til kvar rikmann gjev konemangel og barnløyse for dobbelt så mange fattige, som er endå meir avhengige av barn for ein trygg alderdom. Og at brudepris er ein garanti for kvinna sin status og velferd, er også høgst usikkert. Arne Olav Øyhus, professor ved Høgskulen i Agder og nettopp omtalt i Vårt Land, gav i 1986 ut boka ”Kawacha” (Kvit mann) etter å ha vore fange hos SPLA-geriljaen i Sør-Sudan. Han fortel der at han eingong konfronterte høvdingen i Madi med eit vanleg syn på landsbygda i Afrika: Ei kvinne nedlesst av ei tung bør og med barn på ryggen; nokre steg lenger bak mannen, fri og frank. Kvifor var arbeidsfordelinga slik, undrast Øyhus, men det spørsmålet forstod ikkje høvdingen. I Europa er det mennene som vert rekna som sterkast og difor tek dei fysisk tyngste taka, heldt Øyhus fram, og skriv vidare:
Høvdingen mønstret meg nøye. Mente jeg alvor? Han la hodet litt på skakke, gjorde en gest som for å si: ”Hør nå her, gutten min.” På et rolig og behersket, men opplagt retorisk vis sa han: ”Du bruker skjorta di, ikke sant?” ”Jovisst”, svarte jeg. ”Det er kanskje derfor du kjøpte den? Det er det samme med kvinner – du kjøper dem for å bruke dem.”

Hinduistisk kvinneundertrykking
Ein historikar som slett ikkje er prega av den kulturrelativistiske tankegangen, er den framifrå forteljaren Torbjørn Færøvik, som har gitt ut mange glimrande reiseskildringar. I boka ”India – stevnemøte med skjebnen” tek han fram både dei gode og groteske skikkane i det hinduistiske India og korleis dei verste av desse vart endra under britisk styre. Til dømes var ”sati” (god hustru) ein heiderstittel på enkjene som let seg brenne saman med sin døde husbond, slik hinduismen tilrådde. I realiteten vart dei aller fleste bundne, somme jamvel til liket av mannen, før dei vart plasserte på bålet. Etter forbod mot å brenne gravide eller enkjer med små barn, kom eit totalforbod i 1829, men skikken heldt likevel fram lenge etterpå fordi britane ikkje hadde kontroll på landsbygda, der dei fleste budde. Om konekjøp i Afrika er ille, så er kravet om medgifte i indisk kultur langt verre. Medan middelklassen i det siste har hatt råd til å betale for kjønnsdiagnostikk med ultralyd og for abort av jentefoster, har drap av nyfødde vore alternativet til økonomisk ruin for fattigfolk. I den første landsomfattande folketeljinga i 1901 fanst det mange landsbyar heilt utan jenter. Dei var alle enten drepne eller svelta til døde. I 1999 skreiv Færøvik at India mangla 50 millionar kvinner på normal kjønnsfordeling. Og i tillegg kjem den systematiske diskrimineringa av lågare kaster og spesielt dei kastelause.

Misjonærar og moderne varslarar

I tidlegare tider var det misjonærar som skreiv alarmerande rapportar om ukulturen i framande land. Læreboka til Sveen/Aastad kritiserer dei for det: ”Misjonærane, som ofte bana vegen for imperialistiske framstøytar, må også ha noko av ansvaret for dei negative haldningane som gjorde seg gjeldande mot framande kulturar.” Men når ein historikar som Færøvik gjer det same, får han (velfortent nok) rosande kritikkar og Bragepris. Faren er at umenneskelege skikkar i andre kulturar berre blir sett på som spennende og eksotisk, og difor ikkje tatt på alvor som dei eklatante brot på menneskerettane dei faktisk er. Ikkje minst gjeld dette kastesystemet i India og det nesten like urettferdige klansystemet i Pakistan og Somalia, som innvandrarane derifrå har tatt med seg til Noreg. Kor mykje fokus har det vore på det? Til ganske nyleg, nesten ingenting.

onsdag 6. oktober 2010

Handhelsing og hygiene

Handtrykk – tillit og avsløring
I ei klassisk, norsk lærebok om pasientundersøking og journalskriving stod følgjande: ”En skikk som enda ikke er helt vanlig på norske sykehus, men som bør bli det, er at undersøkeren (studenten, legen) presenterer seg og tar pasienten i hånden. Et slikt håndtrykk har verdi fordi det kan være innledningen til et tillitsforhold mellom undersøker og pasient, et tillitsforhold som i alt legearbeid er av den største betydning. Et slikt håndtrykk har også verdi, fordi bare berøringen med pasienten hånd kan gi undersøkeren en rekke viktige, kliniske opplysninger (temperatur, tørrhet, tremor (skjelving) mm).”

Skikk følgje eller land fly?
Dette rådet følgde eg i min praksis, iallfall til eg byrja presentere meg for same person for andre eller tredje gong. Seinare reserverte eg handtrykket for dei eg såg sjeldan eller for første gong. Dette fungerte bra til for ti år sidan, då eg vart konsultert av ei arabisk kvinne, som plent nekta å ta meg i handa. Tolken forklarte at religionen forbaud henne å helse på menn. Det var greitt nok for meg, sjølv om eg syntest det var merkeleg at eit handtrykk var verre enn undersøking og berøring av resten av kroppen. Men i fjor vart det litt meir hurlumhei då velkomstkomiteen ikkje ville ta dronning Sonja si framstrekte hand, då ho var på besøk ved Islamic Cultural Center i Oslo. Spørsmålet vart stilt om det var våre skikkar eller andre sin religion som skulle ha forkøyrsrett. Frå gammalt av har vi jo hatt ordtaket ”skikk følgje eller land fly”, men kven som her var mest på heimebane, kan sjølvsagt diskuterast.

Trur ikkje på dropesmitte
Handhelsing har også ei hygienisk side. Frå studiet hugsar eg overlege ved Rikshospitalet, Jens Dedichen, som sette saka på spissen og sa at han ikkje trudde særleg på dropesmitte, men til gjengjeld ba oss om å vaske hendene grundig, iallfall etter å ha berørt ein pasient som var forkjølt. Og den kirurgiske handvask med klipping av negler, grundig børsting, såpevask i fleire omgonger og skylling frå fingrane og oppover, kravde både tolmod og robust hud. Med tanke på smittefare burde vi kanskje gå over til andre former for helsing, for vaskeservanten er sjeldan like lett for handa som på eit legekontor. Japanarane er kjende for å vere høflege, iallfall i fredstid, og dei står på ærbar avstand, legg begge handflatene mot kvarandre og bøyer seg djupt i vørdnad for den dei skal helse på. Liknande ritual finst i fleire asiatiske land. Under svineinfluensaen i fjor prøvde eg meg på ein annan, kanskje mindre vellykka variant i storebrors syttiårslag. Eg var litt febersjuk og slapp og gjekk rundt i selskapet med hendene på ryggen for ikkje i vanvare å trykkje alle framstrekte hender. Når eg nemnde smittefare, vart det brått litt betre plass omkring meg. Om ikkje eg vart sett på som reint spedalsk, var eg iallfall ein paria, urørbar. Ja, det var då. No høyrer vi i nyheitene at hundretusenvis av vaksinedosar mot denne influensaen vart til overs.

Barnehagen - ein arnestad for virus
Vi som kjem opp i bestefarsalderen får oppleve det same som småbarnsforeldre, nemleg hyppige luftvegsinfeksjonar. Barnehagar er gjerne nødvendige vilkår for høg sysselsetnad og for utjamning av omsorgsarbeidet i samfunnet, men dei er nokre veritable møtestader og veksthus for alle småkryp, som lus, virus og bakteriar. Blant førskulebarn er det slett ikkje snakk om handhelsing, men kroppskontakt over ein langt breiare skala, både kyss, klapp og klem. Smittepresset er enormt.

Allergi og autoimmunitet
Men vi treng litt motstand for å bli sterkare. Dette gjeld sikkert psyken, men endå meir for kroppen. Får ikkje musklane trening av tungt og meiningsfylt arbeid, må vi på helsestudio eller heime kompensere ved å ”pumpe” jern; i seg sjølv ein meiningslaus aktivitet. Og vi må jogge for å gje hjartet den treninga det går glipp av i godstolen eller bilsetet. I all vår reinsemd er det også fare for at immunforsvaret vårt får for lite å gjere. I allfall har allergi og autoimmune sjukdomar blitt stadig vanlegare i vestlege land. Det synest som om immunforsvaret blir vendt mot eige vev når det ikkje får reelle, ytre fiendar å kjempe mot. Men så enkelt er det nok ikkje, for visse infeksjonar kan også alarmere immunapparatet. Vi veit stadig svært lite. I mi tid studietid var det god latin å tru at magesår kom av stress. Då eit par australske legar på 80-talet reint tilfeldig oppdaga magesårsbakterien, Helicobacter pylori, tok det tid før alle forstod og godtok denne som eit nødvendig vilkår for sår i magesekken og tolvfingertarmen. Kanskje finn vi at virus og bakteriar er årsaka til også andre sjukdomar, som i dag ikkje blir rekna som smittsame. Og kor lenge vi har verksame antibiotika mot forskjellige infeksjonssjukdomar, kan ingen svare på. ”Qui vivra verra”, sa dei gamle romarane.

fredag 17. september 2010

Diktatur, demokrati, kompetanse og kommunikasjon

Som skipslege på KNM ”Narvik” i slutten av syttiåra var eg med på eit kurs om leiing, der deltakarane vart delte i grupper med kvart sitt byggesett og fekk i oppgåve å lage eit køyrety som var høgast mulig, men likevel i stand til å trille ein meter med eit fylt vassglas på toppen. Resultatet vart ulike vogner, frå dei solide, låge og stødige til dei meir høge og vaklevorne. Slik målet var formulert vart konkurransen sjølvsagt vunnen av ei gruppe som hadde konstruert eit av dei sistnemnde køyretya. Det var ikkje lagt føringar på organiseringa i gruppene, og denne varierte sjølvsagt mellom det svært demokratiske og tendensar til diktatur, der ein dominerande person var med. Men så kom cluet: Ein frå kvar gruppe skulle gå til ei anna og leie arbeidet der med nøyaktig same prosjektet! Som observatør var det særs underhaldande å sjå kva som skjedde når ein frå ei gruppe som hadde laga eit høgt køyrety, vart sett som leiar for ei gruppe bak eit mislukka prosjekt og vice versa. Ville gruppene akseptere leiaren når dei oppdaga av han var inkompetent som konstruktør i forhold til dei sjølve? Ville ein leiar greie å overtyde eit fleirtal om at hans idear var dei beste når dei faktisk var det? Ville det i det heile bli spørsmål om som var mest kompetent, som hadde eit vellykka prosjekt å vise til?

Poenget var ikkje å få fram kva som var best av diktatur eller demokrati, men å vise kva rett kompetanse, ikkje minst hos dei som bestemte, hadde å seie for resultatet; eller kanskje å vise at val av styreform burde vere avhengig av kven som hadde rett kompetanse i forhold til oppgåva ein skulle løyse. Viss ein hadde som premiss at kompetansen i krigføring stig med militær rang, kan det også hende kurset hadde som mål å få aksept for det militære hierarki. No er verken diktatur eller demokrati eintydige omgrep. Sjølv ein diktator er avhengig av større eller mindre grad av aksept blant sine undersåttar, og gata sitt parlament er berre eit penare uttrykk for ein mobb. Sjølv vårt representative demokrati er svært ufullkome som folkestyre, men likevel eit brukbart kompromiss, sidan allmannamøter og stadige folkerøystingar både er ei tungvint og kaotisk styringsform.

Problemet er likevel at politikarane kan ikkje vere kompetente på alle område. Sjølv om dei deler på oppgåvene og slik kan fordjupe seg på visse felt, har dei likevel gjort seg avhengige både av byråkratiet (”Javel, herr Statsråd”) og av ulike rådgjevingsorgan. Lærdomen frå kurset om leiing og kompetanse er aktuell på mange samfunnsområde, men i dag tenkte eg på den då eg las i Aftenposten at Teknologirådet tilrår at alle nordmenn bør få elektronisk tilgang på eigen pasientjournal. Sjølv om Teknologirådet sikkert er svært så kompetent på tekniske løysingar, er det slett ikkje sikkert at forslaget deira bør gjennomførast berre fordi det er teknisk mulig. Eit gode med elektronisk databehandling er at store mengder data blir lett tilgjengelege, og for svært mange, men sensitive, medisinske data bør tvert om vere det berre for den som treng dei, når det trengst. I Aftenposten kjem ein intervjua fastlege og ein av pasientane hans, som jobbar med IKT og datasikkerheit, med sterke innvendingar som går på utilfredsstillande personvern. Fastlegen understrekar også at journalen kan bli svekkja som arbeidsreiskap, viss den må skrivast med tanke på at den kan bli lesen av pasienten sjølv og andre som blir gitt innsyn, utan at dei får hjelp til å tolke det som står der. Dette er synspunkt som legg vekt på viktigare omsyn og også byggjer på kompetanse, slik eg ser det.

Teknologirådet foreslår at tilbodet blir innført gradvis, først med tilbod om prøvesvar, medisinoversikt og tilvisingar. Det høyrest tilforlateleg ut, men berre for dette formålet måtte alle journalsystema, både på sjukehus og i allmennpraksis, truleg fornyast totalt, fordi dei ikkje er laga med tanke på allmenn tilgang. Direkte elektronisk kommunikasjon mellom pasient og fastlegekontor er likevel etablert mange stader, og ei vidareutvikling av dette vil truleg vere til hjelp for begge partar og innebere ei nyttig rasjonalisering. I dag kastar altfor mange bort altfor mykje tid på venting i telefonen og opplever generelt for dårleg kommunikasjon, både når det gjeld timebestilling, prøvesvar og andre tilbakemeldingar. Dette gjeld for legane, men sjølvsagt i endå større grad for pasientane.

onsdag 2. juni 2010

Søknad om medlemskap i Palestinakomiteen

Dagsnytt Atten er eit kvalitetsprogram, sjølve flaggskipet for nyhende i NRK-radio, der representantar for ulike syn får kome til orde, og der alle legg vinn på å få til ei fruktbar meiningsutveksling som gjev oss innsikt i sakene som blir diskuterte.

Slik var det ikkje i går kveld, då temaet var den israelske militæraksjonen mot båtkonvoien til Gaza. Deltakarane stod nesten alle for same syn, og programleiar Eva Nordlund representerte ikkje noko kritisk korrektiv, snarare tvert om.

Det var difor ingen som stilte dei verkeleg interessante spørsmåla: Kvifor er det så maktpåliggjande for Israel å hindre at palestinarane får inn forsyningar sjøvegen, når Israel sjølv siste året har late eitt tonn med varer per person passere eigne grenseovergangar til Gaza? Kven står bak dei forskjellige gruppene som organiserte båtkonvoien? Kvifor let redaksjonen i NRK sitt eige dokumentarprogram, ”Brennpunkt”, fotograf Bjørn Holmgren vere att på Kypros, i staden for å sende han med den tyrkiske båten ”Mavi Marmara”? Kva rolle har tyrkiske islamistar hatt, både AKP som sit med regjeringsmakta, og organisasjonen IHH, som var medarrangør for konvoien?

I staden var heile ”skrekk-kabinettet” av Israel-kritikarar innkalla for unisont å fordøme denne staten og det den står for. Alle desse vart presenterte som fagfolk eller objektive observatørar, men den som følgjer det minste med i debatten om Midtausten, veit frå tidlegare utsegner kva dei står for. Og dei leverte varene, både den naive, israelske ”fredsaktivisten” Angela Godtfrey-Goldstein, ein kvinneleg variant av komiske Ali; via telefonen den glødande Mads Gilbert, Kirsten Belck-Olsen frå Norsk Folkehjelp, historikaren Jørgen Jensehaugen og Midtausten-korrespondent Sidsel Wold, som alle uttalte seg med heilag harme om situasjonen i dei palestinske områda. Mali Steiro Tromsmoen frå Sosialistisk Ungdom fekk forkynne sin bodskap om boikott, rett nok med litt innvendingar på akkurat dette punktet frå Henrik Asheim (Unge Høgre), før den store ”debatten” starta mellom Jan Egeland frå NUPI, professor og ”ekspert” Hilde Henriksen Waage, statssekretær Gry Larsen (tidlegare AUF-leiar) og forfattaren Edvard Hoem, som hevda Israel har erklært krig mot folkerett, ytringsfridom og sanning og vil svelte ut og plyndre det palestinske folket. Men debatt vart det ikkje, for ingen sa dei andre i mot. Dei berre kappast i svartmaling og fordøming av Israel.

Tilsynelatande litt konstruktiv var Egeland, som ønskte å tvinge fram ei løysing som kunne tilfredsstille begge partar. Men om internasjonale styrkar i FN-regi kan hindre våpen til Hamas når dei ikkje har greidd å stanse gjenopprustinga av Hizbollah, kom han ikkje inn på.

Redaksjonen sitt alibi var Conrad Myrland frå MIFF, som møtte Gilbert og Belck-Olsen til duell, dvs 2 mot 1, eller rettare 3 mot 1, for programleiaren let han knapt kome til orde, vifta han av og avbraut han, medan dei andre fekk snakke så lenge dei ville. MIFF vart introdusert som ein proisraelsk interesseorganisasjon, og Gilbert fekk kalle den ”Med Israel for krig” utan påtale.

Programleiar Eva Nordlund la med det einsidige utvalet av deltakarar, vinklinga og sympatiane sine, som ikkje let seg skjule, inn ein sterk søknad om æresmedlemskap i Palestinakomiteen.

mandag 17. mai 2010

17. maitale på Runde

Gratulerer med dagen, med feiring av Grunnlova, sjølvstende, fridom og fred, iallfall her heime. Vi har no ekstra grunn til å feire. Det er snart 200 år sidan Grunnlova vart underskriven på Eidsvoll og i år er det 105 år sidan Norge fekk fullt sjølvstende og 65 år sidan vi fekk att fridomen etter fem år med okkupasjon. Men det er eit stort tankekors at vi no tek del i ein krig langt borte frå landet vårt.

Eg vil likevel starta med å snakke, ikkje om heimlandet, men om heimbygda. Sjølv om det snart er femti år sidan eg flytte herifrå, eller kanskje nettopp derfor, er Runde framleis min barndoms grøne grend, mi fagre øy eller ”my island in the sun”, som det syng i meg kvar gong eg kjem ut av Sæviktunnelen og ser Runde liggje bada i sollys. Eg kjenner på ei stor takksemd overfor alle menneska som var ein del av livet mitt då eg var liten, både jamaldringar og dei som var eldre, både mine næraste i Isak-garden og grannar og bygdefolk elles. ”Ut på Runde, der veks det minner, gode minner, gærne minner. Hele væla er bære minner, finn et strå og træ dom på”, fritt etter Prøysen. Og her er nokre av dei eg har tredd på strået:

Ytre sett var livet på Runde den gongen heilt annleis enn det er i dag, ikkje minst arbeidslivet. Dei lydane eg ofte vakna opp til, vitnar om det: Om vinteren var det gjerne duren frå rokken, der mor sat og spann ulltråd, som seinare vart til strømper og lange, kløande ullunderbukser. Frå sommarstida minnest eg den karakteristiske lyden frå hesteslåmaskinen til onkel Nils, som var tidleg oppe for å slå medan det var dogg i graset. Og etter mjølkinga høyrde vi året rundt tonen frå separatoren, som vart gradvis grannare etter som omdreiningane auka. Om vinteren kunne det vere litt tungt å kome seg opp frå den varme senga, for det var isande kaldt på soverommet og sjølv på kjøkkenet før mor hadde fått lagt i omnen. ”Varm seng og lat dreng, dei vil så nødig skiljast”, sa ho på spøk. Vi gjekk på skule berre annankvar dag, men kjeda oss aldri, for i og kring alle hus var det mykje folk som heldt på med arbeid vi fekk sjå på eller måtte hjelpe til med, iallfall sommarshalvåret. Det var våronn, slåttonn og haustonn, i nausta vart båtar og vegn sett i stand og på budene ved hamna var det fiskemottak og i sjøen mykje kril og litt større mort, som iallfall var god kattemat. Vi hadde ein eittøresongel på snøret, og då eg eingong sleit av ongelen, gjekk eg frimodig heim på butikken hans Ingvald og ba om ein ny på borg. Men då lo ho Palma og gav meg ein gratis.

Hos tante Kalia i kårstova på garden var det telefonstasjon, dit mange kom for å ringje. Eller vi ungane gjekk med telefonbod, tente ein slant og vart samtidig kjende med folket i bygda. Oppe i bakken hadde tante observasjonspost for meteorologisk institutt, og dit fekk vi vere med når ho skulle ta mett’en, lese av temperatur og nedbør. Tante hadde mange sysken og tanteungar både på Runde, elles på Sunnmøre og i Oslo. Ja, jamvel frå Amerika kom det brev med parfymelukt og nokre gonger besøk. Det var storhende.

Vi ungane gjekk fritt inn og ut i mange heimar. Slik la eg merke til og fekk med meg humoren og den musikalske tradisjonen i Peta-garden, folkemusikkhalvtimen og den historiske interessa i Mass-Petter-garden, og smil og gode ord i Bø-garden, der vi fekk vi utfolde oss fritt med verktøy i kjellaren og leike krig med heimevern-mauseren hans Mandor på mørkeloftet.

Ja, alt var betre under krigen, er Ole Paus sin ironiske og spissformulerte kommentar til dei som påstår at alt var betre før. Sjølvsagt er ikkje det rett, og spesielt ikkje for krigstida. Med forandring blir somt betre, andre ting verre.
Noko som var heilagt på landsbygda i gamle dagar, var bytesteinane. I ei tid då mat var eit knapt gode, var jord og eigedomsgrenser viktige. Klare grenser var eit vilkår for fred og godt naboskap. Ingen har formulert dette betre enn den utruleg slagferdige Pe-Johan, som sa at han ville byggje gjerdet mot naboen så høgt at det ikkje skulle kome over ein vond tanke, korgje av vegane.

I dag lever vi på fleire vis i ei grenselaus tid, politisk, nasjonalt og kulturelt, på godt og på vondt. Psykiateren Finn Skårderud har peika på den uro ein utflytande kultur kan skape, og understrekar at grenser er nødvendige for identitet. Halldis Moren Vesaas har i diktet ”Ord over grind”, skrive poetisk om det å respektere kvar andre sine personlege grenser:

Du går fram til mi inste grind,
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Når det gjeld dei politiske og statlege grenser, må det i dag vere rett å sitere Grunnlova, der første paragraf startar slik:
”Kongeriget Norge er et frit, selvstændigt, udeleligt og uafhændeligt Rige.” ”Uavhændelig” betyr at det ikkje kan avhendast, dvs gjevast bort.

I vår tidlegare nasjonalsong, ”Blant alle lande”, blir landegrensene trekt opp i andre verset:
”Fra Vesterhavet til kjølens rand, fra Nordishavet til Kristiansand,
der har jeg hjemme og kan istemme: Mitt fedreland.”

Det var retten til å vere herre i eige hus, innanfor desse grensene, dvs vårt nasjonale sjølvstende, forfedrane våre lovfeste på Eidsvoll, pressa gjennom i 1905 og kjempa for i krigsåra.

Henrik Wergeland er uløyseleg knytt til Grunnlova, med far som var underskrivar og seinare vart sokneprest på sjølvaste Eidsvoll, der Henrik voks opp.
Men Wergeland var ikkje like begeistra for alt i denne lova. Han skreiv:

”Jeg tror vår Grunnlov best på jord;
dog ei, at best er hvert et ord.
Således tror jeg for eksempel,
at hver bør velge fritt sitt tempel.
Man friest være må i tro;
thi bør forandres §2.”

Og det Wergeland ville forandre i denne paragrafen var følgjande::

Jesuitter og Munkeordener maae ikke taales. Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget.

Truleg takka vere Wergeland sin innsats vart passusen om jødane fjerna, i 1851, seks år etter at han døydde. Men jesuittar vart formelt ikkje tolte før i 1956!

Skepsisen til jødane heldt seg likevel, heilt til Holocaust. Men då brende bilda frå Auschwitz og Treblinka seg så fast hos folk, både i Norge og elles i Vesten, at dei her har hindra hetsing av jødar og andre minoritetar i femti år. Men i fjor gjalla ropa gjennom Oslos gater: ”Død over jødane!” Jødehatet hadde kome att, først og fremst i form av muslimske innvandrarar, som fritt har fått etablere seg i Europa, i ly av minoritetsvernet som nettopp jødane sin lagnad har gitt dei. Det blir skote mot synagoger, og jødiske barn blir truga på livet på veg til og frå skulen. I Malmø bryt jødiske familiar opp i eit nytt exodus. Og blant mange intellektuelle i politikk og media har Israelskritikken blitt så einsidig og sterk at den iallfall gjev grobotn for jødehat, berre under ei anna fane.

Unionsoppløysinga i 1905 handla ikkje berre om at vi ville vere herrar i eige hus; nei, vi ville ikkje eingong dele konge og konsulat med svenskane. Hundre år seinare deler vi alt fedrelandet med ein halv million innvandrarar frå 214 ulike land, og med noverande utvikling kan innvandrarbefolkninga passere 3 millionar innan femti år. Vel halvparten av desse står i utgangspunktet langt frå oss kulturelt, religiøst og politisk. Vi står difor i fare for å skusle bort både sjølvstyret og fridomen i løpet av dei komande tiåra, slik det ser ut i dag. Kanskje er vi utan å ønskje det i gong med å avhende Norge, i strid med § 1 i Grunnlova. Det er difor grunn til å sitere nettopp ein svenske, rikskanslar Axel Oxenstierna, som skal ha sagt: ”Veit du ikkje, son min, med kor lite forstand verda blir styrt?”

I 1945 vart det starta ei ny, riksdekkjande avis i Oslo med det proklamerande namnet ”Vårt Land”. Som forsidesymbol, eller logo som det no kallast, fekk avisa eit vikingskip med det norske flagget forma som råsegl. Men for eit par år sidan vart både skipet og flagget fjerna, og var det opp til somme av redaktørane, hadde sikkert namnet gått med i same farta, for sekstifem år etter starten skjemst dei ved å kalle landet for ”vårt”. I førårs gjekk iallfall avisa inn for at all verdas flagg fritt kunne brukast på sjølvaste 17. mai, og redaktør Une Bratberg skreiv at ”fedreland, nasjonalkjensle og flagg” får henne til å tenkje på brunt. Som de veit så var det skjortefargen til SA, Hitlers stormtropper, som herja i tyske byar på 30-talet. Bratberg voks opp i Kenya og vedgår at det kjendest ikkje naturleg å vifte med norsk flagg når dei der feira sin fridom. Og då kan ein spørje: Kvifor er det meir passande å bruke andre lands flagg når vi skal feire vår? Bør vi beint fram skamme oss over det vi før var stolte av?

Sosiologiprofessor Sigurd Skirbekk skriv i boka „Nasjonalstaten“ at slike antinasjonale haldningar byggjer på ideologiske tolkingar som ikkje held mål, og står for ei omskriving av historia som det ikkje er faktisk dekning for. Mange hevdar til dømes at å opne grensene for dei som vil hit, vil vere mest i pakt med fridomsideala og menneskerettane patriotiske nordmenn slost for under krigen. Men neppe nokon som opplevde krigen, vil kjenne seg att i ei skildring av desse åra som ein kamp mot tyskarane for å gje livsrom her for folk med fjernare kulturell bakgrunn, seier Skirbekk.
.
9. april i år las eg eit stykke på internett, der forfattaren starta med krigsutbrotet for sytti år sidan, slik sildefiskarar på Sunnmørskysten opplevde denne vårdagen i 1940. Så gjekk han over til å skrive om situasjonen i Norge i dag, og eg siterer:

"Haustar vi kanskje forakt hos dei ikkje-vestlege innvandrarane som nå rykkjer inn? Verkar det kanskje slik på dei som på Adolf Hitler, at demokratiet er veikt, ja, falleferdig, og at dei kan ha god von om raskt å vinne over det? Dei som foraktar demokratiet blir etter kvart mange, og dei har utruleg nok den norske eliten med seg.

Ja, framandfolk langvegs frå sig innover landet. Oslo blir ein muslimsk-dominert by i vår tid.

”Dei he tekje Oslo” ropte skipperen til sitt mannskap for 70 år sia i dag. Han hadde nyleg stått og sett nabobåten fange meir sild enn båten kunne bere. Men han ville snart få hjelp av ein annan båt. Det var ikkje verre. Det gjekk ikkje heilt gale med Norge heller, etter 9. april. Med andre si hjelp i tillegg til eigen innsats fekk vi fridom til slutt, etter tunge tap på land, sjø og i lufta.

Norge er eit av dei aller minste skip i verda, omgitt av verdas folkestim. Oslo ein liten hovudstad. Byen har alt teke inn meir enn båten kan bere! Kva følgjer får det for alle?
Tusenvis av fangar, sjøfolk og soldatar som kom heim til fritt land for 65 år sia – nå borte dei fleste – ville ikkje ha trudd det eg her har skrive. Korleis kunne det skje? Vart folket spurt før porten vart slått vidopen?"

Skribenten var Ragnar Ulstein, broren til Borghild, Linge- og Milorg-mannen, historikaren og forfattaren, som fylte 90 år ti dagar etter at dette vart publisert. Eg beundrar Ragnar Ulstein for hans livsverk og mot, i ungdom som i alderdom, men aller mest fordi han som historikar held minna i hevd, men personleg aldri har frose fast i fortid og hemntankar, men i staden sett framover i tru, håp og kjærleik. Difor heldt han då også fram slik, og det han her seier, vil eg både slutte meg til og slutte med:

"Dei som opna porten så vid, har vunne ein siger. Men vi står midt i ein åndsstrid, og den er slett ikkje tapt, og må ikkje stilne. Med varme må ein møte dei nye, unge landsmenn, så dei kan elske dette landet! Med større kraft enn før må ein røkte det vi har fått, det som har gjort folket meir rikt enn olje kunne gjere. Arne Garborg uttrykte for hundre år sia sitt kamprop som gjeld til alle tider:

Ja lat oss strida Og lat oss tru
Og byggja med tankar ei bivre-bru
Til den heilage, høge framtid........
For trui er som det skrive stend
Den makt som vinner på verdi."