onsdag 7. oktober 2009

Mygg versus kamelar

Journalistar skriv om å sluke kamelar når politikarar som del av eit kompromiss må røyste for noko dei eigentleg er i mot. Dei veit kanskje ikkje at uttrykket har bibelsk bakgrunn, men ei heilt anna tyding. Jesus skulda nemleg farisearane for å sile frå myggen, men sluke kamelen; dvs bry seg om bagatellar, men oversjå det som er langt viktigare.

Det gjer media stadig vekk, sist Sunnmørsposten 6. oktober, når dei igjen hakkar på jordmora som ikkje likte bannskap. For fire år sidan sende ho konfirmantar brev med religiøst innhald, må vite! Eg som trudde gåver og gudsord var velkomne og passande på ein slik dag, sjølv frå ei jordmor. Men i vår individualistiske kultur er det kanskje viktigare å ikkje bry seg, å ikkje trengje seg på.

Så til det alvorlegaste klagemålet mot jordmora, som Sunnmørsposten har sett i vår tids gapestokk. Ho har ”sendt sensitive journalopplysningar til femtenåringar” og må difor ha notert og tatt vare på fakta frå fødslane der ho var jordmor. Dei sensitive data er oppgitt å vere fødselsdag og –tidspunkt. Å få vite tidspunktet for eigen fødsel kan knapt skade nokon, og fødselsdagen sin kjende vel femtenåringane frå før.

Eg ser at Helse Sunnmøre HF har ein databrukarkontrakt som forbyr lagring av slike data utanfor dei godkjende personregistra. Men kirurgar og gynekologar har i alle år fått kopi av journalnotata frå operasjonane dei utfører. Desse lagrar dei til bruk som dokumentasjon på kvalifikasjon ved seinare søknad om spesialistkompetanse. Eg hadde sjølv lenge ei samling slike ståande i ein ringperm, faktisk nettopp frå Ålesund sjukehus. Og då eg i 1977 byrja som distriktslege i Herøy, fanst det ikkje journaldata eldre enn 20 år. Arkiv frå tidlegare år hadde legane tatt med seg, som sine personlege notat.

I dag er største trugsmålet mot teieplikta lett tilgang til legejournalen via dataterminalar, som finst overalt på sjukehusa. For helsepersonell kan også moralen vere dårlegare enn hukommelsen. Medisinske opplysningar blir dessutan spreidde via legeerklæringar, til m.a. NAV og private og offentlege forsikringsselskap. Men både Sunnmørsposten, Helse Sunnmøre HF og Statens helsetilsyn prøver visst å tette lekkasjane ved å få på plass nygla i staden for å late att botnlukene. Men kanskje agendaen er ein heilt annan. Det er det pikante som sel i ein tabloid kvardag. Og folka i helsetilsynet har heilt sidan Karl Evang si tid reagert krakilsk når dei får ferten av kristenmanns blod.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar