onsdag 18. februar 2009

Eg trur på under!

I samband med boka om Snåsamannen har både lek og lærd ytra seg om tru og overtru. Sjølv har eg korkje teologisk eller medisinsk doktorgrad, men eg har vanka i ulike kristne krinsar, har 35 års praksis som lækjar og har interessert meg for emnet i alle år.

Då den såkalla karismatiske rørsla kom til Noreg kring 1970, var eg på nokre møte i Misjonsaulaen i Oslo, der amerikanske forretningsmenn (Full Gospel Business Men's Fellowship International) m.a. dreiv diagnostikk av og bøn for folk med ulik beinlengde. Sjølv ein fersk medisinstudent kunne sjå store feil både ved undersøkinga og vurderinga av resultatet, men om noko er amatørmessig, treng det ikkje vere medvite humbug. Sommaren 1988 var eg på ein familieleir arrangert av Ungdom i oppdrag, som gjennom forlaget Prokla Media m.a. har gitt ut John Wimber si bok: ”Helbredelse ved kraft”. Han viser til reformasjonen, som hadde ”Skrifta” åleine som grunnlag for kristen lære, men i følgje Wimber ikkje fekk med seg det som står der om gudommeleg lækjedom, til skilnad frå Den katolske kyrkje, som heile tida har vore meir open for at under kan skje.

Det er fleire uheldige sider ved å vise medisinske mirakel mykje merksemd. Frå rasjonell synsvinkel ser ein lett at folk blir altfor ukritiske fordi dei så gjerne vil tru på underet. For dei kristne er det leitt å sjå at somme taper trua, når dei ikkje får svar på bøna i form av lækjedom. For den sjuke kan forbøn vere eit synleg teikn på at andre bryr seg, medan brostne håp kan bli ei påkjenning i tillegg til sjølve sjukdomen.

For dei som gjerne vil tru på Gud, men ikkje på alt som blir sagt eller praktisert av karismatiske kristne, har det vere ei hjelp å lese Arnfinn Engeset si bok: ”Kirken og de syke” (Land og kirke/Gyldendal 1987). Engeset var son til den kjende frikyrkjeforstandaren og salmediktaren Sigvart Engeset frå Ørsta, men også overlege ved Radiumhospitalet, forelesar for medisinske studentar og aktiv medlem i Norges Kristelige legeforening. Han meiner mange les Bibelen utan å forstå kor lite kunnskap folk i oldtida hadde om biologi og medisin og folk i dag har om trus-effekten (placebo). Vår tanke, kjensle og tru verkar direkte inn på mange kroppsfunksjonar og graden av velvere, m.a. ved frigjeving av hormon og smertestillande stoff. Det er såleis ikkje snakk om innbilte effektar. Engeset refererer òg til ulike internasjonale undersøkingar som er gjort utan at det er dokumentert mirakel, som at ein finger veks ut att eller eit brot gror over natta. Likevel finst det fleire hundre døme på at kreftsvulstar, som ikkje let seg kurere ved medisinsk behandling, har gått attende eller lækt seg spontant. Dette gjeld i hovudsak nokre få krefttypar, og det er nesten blasfemisk å tru at Guds allmakt er avgrensa til å lækje berre desse. Det må i staden vere ein eigenskap ved sjølve svulsten eller ein effekt av immunforsvaret som ein sjeldan gong gjev slike uvanlege resultatet, sjølv om ingen kan motbevise av under kan skje.

Somme har trudd at berre dei kom kristendomen til livs, ville også overtrua døy ut. I staden er det motsett. Når folk sluttar å tru på Gud, byrjar dei i staden å tru på alt anna. For eit par år sidan var eg innom Tanums bokhandel på Karl Johan. Seriøse bøker om teologi eller ein bibel var knapt å finne, medan hyllene var fulle av bøker om reinspikka tøv, healing og luftig mystikk, gjerne inspirert av hinduistisk tankegang og vokabular. Folk søkjer nok vanleg lækjarhjelp når det er nødvendig, men trass all si avanserte behandling kjem denne stundom skuffande til kort i møte med mange plager og forventningar. Ei bok som tek opp moderne medisin si makt og avmakt, alternativ medisin, filosofi og etikk er Oddmund Søvik: ”Behandling og helbredelse” (Sigma 2005). Søvik med mor frå Stranda og far frå Innfjorden har som professor (emeritus) i pediatri (barnesjukdomar) fagleg tyngde i det han skriv.

For den som er avhengig av dei ekstraordinære under, blir gjerne trua ”over evne”, som ho vart for Bjørnstjerne Bjørnson. Men presten og lyrikaren Johannes Barstad kunne skrive: ”Eg ser deg, Gud, i kvar den blom som tirer, i fagre fargar mellom stein og strå”. Og kven har ikkje undra seg med Ivar Aasen (”Vit og tru”) over krafta i frøet, livet som blir skapt og det grenselause ved tid og rom. Det er alt saman reine under, berre så daglegdagse at vi til slutt ikkje sansar dei. Lyrikaren og sjakkspelaren André Bjerke formulerte det slik då dottera Vilde kom til verda:

Det største mysterium er ikke mer enn dét: at en ørliten kropp
er våknet til jorden. Den nyfødte ser. To luker i himlen går opp.

Selv femtrinnsraketter og kjernefysikk blir puslingers puslespill
når det nyfødte barn med et eneste blikk beviser at Gud er til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar